|
| Doktor Frau Dorothee Schmitz-Köster i Bremen,
Tyskland lagar radioprogram og skriv bøker om Hitlertida i Europa. Faren, Rudolf Schmitz, var tysk soldat i Norge under 2. verdskrigen Han var mellom anna også stasjonert i Skulestadmoen på Voss. Ei av bøkene heiter "Der Krieg meines Vaters" (Far min sin krig). Der vert det også fortalt frå den tida faren var på Voss. Boka kostar 8,95 EUR og kan bestillast under nummer ISBN 3-7466-8114-6. Eg har, til no, levert 6 eksemplar av boka til interesserte personar i Voss. Du kan også låna boka på Voss Biblotek! Rudolf Schmitz let etter seg ein fotoalbum. Dorothee Schmitz-Köster, har lete kopiera nokre foto frå albummen, slik at eg kan offentleggjera dei her. |
| Arne Amundsen, Gisle Bruland, Magnus Trå, Reidar Ringheim og andre har hjelpt meg med å lokalisera stadane der bileta er tekne. |