Vandregudstjeneste til ”Jakobskyrkja” på Vossestrand  2001
 I "Pilgrimen" nr 1-2   2000 var det ein artikkel om  ”Jakobskyrkja” på  Vossestrand. Den er ei berghole som ligg ovanfor Vinje på 800 m høgd. Avstanden i luftlinje til Vinje kyrkje er ca 2 km, og same avstand til Oppheim kyrkje.  Nemnde artikkel i Pilegrimen fortel om kva plass ”Jakobskyrkja” har i folkeminne og tradisjon.

Jakùps-kjyrkjo. (Frå "Or gommol ti" av Knut Bjørgaas) 
Dan Jakùps-kjyrkjo, dai kadla, da é ai berghola uti Finnesmarkjinne. Ho é dar unde Bjønnsfjedlæ, i samo bergalagjæ so Helgabergje yve Vinjo, men nòkko lengur ute, mair mot Svòrt'ne.
Ho è kje stor. Dar è kje plass te mair eld' ai fem-seks samne me ai gong. Dar è graidt so ain port in te'ne, å ain trekanta glugg uppyve. Ho skifte seg i tvaug rùmm instù.
Dar ha laie so mangt i skorto i bergjæ: ongla å spikra, hestskosaum å koparpenga. Å so è dar manga trespila me nòbn pao.
Dai ha brukt da, ungdommane i grendo her, attù dai ha vo aot Jakùps-kjykjinne ai venda um summar'n, å dao ha dai hatt dan skjikkjinn attu adle so komma dar, sku leggja attu inkat, ka so kann treffa dai gao mè i lummo. Å naor dai inkje ha nòkko anna, so skriva dai nabne sitt pao ai trespil å stinga burti ai glovra i bergjæ. Datta bruka dai endao, dai so komma dar.
Dar skulde vè ain huldaklokkar so aitte Jakùp, so heldt seg dar. Nai, prest ha eg aldre haurt gjete dar
ha vò — han skulde berre ve klokkar. Men han skulde vè so goù te syngja. Dar va so framifrao maol i'an. Naor han tok i pao da likaste, so kunde dai hoyr'an radt ne pao Fugl-laikane, å da è ait drjugt stykkje. Da ha lòte vo nokko te klokkar, da! — Ja, han aitte Jakùp, å d'è vel dify da è Jakùps-kjyrkjo.

 Til berghola ”Jakobskyrkja” vart det i 1990 og 1995 organisert turar i etterkant av friluftsgudstenester på den gamle  kyrkjetufta på Vinje. No når det er vakse fram ei større forståing av pilgrimvandringar, fann soknepresten i Vossestrand, John Ove Thaule, det  naturleg å gjennomføra ei eiga vandregudsteneste med ”Jakobskyrkja” som mål. 
  Det vart året si lengste og mest opplevingsrike gudsteneste ! Vi gjekk i 4 timar med 600 m stigning. Det var innlagt 15 stopp med tekstar og salmesong. I tillegg var det ei matøkt m/ ”kyrkjekaffe” midt i gudstenesta.

Gudstenesta byrja i Vinje kyrkje med orientering om pilegrimsvandring. Kyrkjerommets ”Via sacra” vart understreka ved at ein starta ved døypefonten nede ved døra, gjekk så mot alteret, ut sakristidøra bak altertavla og ut i Guds store katedral, naturen. Der møtte vi mange visualiseringar som på ein god  måte kompletterte det som vart lest, talt og  sunge. Vi gjekk opp Kongevegen, hovudveg Bergen - Oslo 1780 - 1884,  mot den gamle kyrkjestaden på Vinje. 
På den gamle kyrkjegarden tok vi ein kort pause og minnest den gamle kyrkja, som vart riven i 1872 med salmen "Kyrkja ho er eit gamalt hus, stend om enn tårna mun falla" - "endå kan klokkene kalla". Kyrkjeklokkene er no i den nye kyrkja. 
På andre kanten av Vinjetunet ligg Kòrtufta og tufta til Prestestova.  Her stod truleg det fyrste gudshuset på Vinje. Tufta har vore verna om og minnet har vore levande. Det er truleg meir enn 600 år sidan det sto nokon kòr her. (Ein av prestane som budde her var Sira Erling på Vinje, han er nemnt i fleire mellomalderbrev frå  åra 1342 til 1347. )
Den tradisjonelle vegen til Jakobskyrkja gjekk rett opp Kòrbakken. Den vegen er skildra i Pilegrimen 1-2, 2000. No er den ikkje rydda og den er elles tung å gå. Vi gjekk ein omveg og fylgde den  gamle kyrkjevegen til folk frå Myrkdalen, brukt i åra 1100 -1800. 
Neste stopp, med kvilepause,  var på Kvinnestigen. Sokneprest Thaule fortalde der om apostelen Jakob og las  frå Pilegrimen legenden om St. Jakob si gravferd fram til Santiago de Compostela
På 600 m høgd gjekk vi bortom ”Tonæ” for kvile og matpause. Det er ei grasslette med utsikt til begge kyrkjesokna på Vossestrand. Det var ein gamal skikk på Vinje at ein på Jonsokaftan skulle brenna bål på Tonæ. Vår vandringsdag var Jonsokdag, Døyparen Johanes sin fødelsedag, og vi tende opp bål. Og medan kyrkjelyden var samla rundt bålet, held soknepresten ein kort meditasjon over sundagsteksten om Døyparen Johannes og hans Kristus-vitnesbyrd. 
Etter Tonæ kom tyngste stigninga  under Helgaberget, eit av landemerka på Vossestrand. Namnet kjem frå heilag, og er eit kjent namn fleire stader i landet. Frå Island kjenner ein òg namnet. Der heiter det. "Du skal ikkje sjå på det fjellet med uvaska andlet om morgonen"  Her veit vi berre det at på høgre sida av Helgaberget ligg Jakobskyrkja. 
Opp under det mektige Helgaberget las presten frå Salme 121: "Eg lyfter mine augo mot  fjellet og spør  kvar skal mi hjelp kome ifrå ", og i Trygve Bjerkrheims attdikting kunne me syngja same salme (NoS 317) der orda i vers 2 vart aktuelle og nære :”Han styrkjer stegi mine / og fast på fot eg gjeng…”.

Mot nest siste stasjon skulle alle finna ein stein og bera med seg. Steinen vart brukt til å bygga ein liten varde med eit krossforma vegvisar-skilt der det  stod  ”Jakobskyrkja” på.  Denne bolken i den lange gudstenesta var eit symbol på at den som hadde ”tungt å bera”(Mt.11,28), 
 kunne legga frå seg byrda under Krossen . Songen ”Takk at du tok mine byrder..” gav ny kveik, og med påminninga frå Fil. 3,13 om å ”jaga mot målet” tok vi fatt på siste kneika, opp ei bratt ur.
Der låg målet : Berghola på skap av ei kyrkje, med portal og vindauga, skip, kor og ”side-sakristi”. Berre om lag tre meter djup, men ved eit tidlegare høve trykte vi saman 35 personar der inne ! 
Her kunne vandregudstenesta avsluttast med pilgrimssongen ”Fager er jordi”. 
Etter velsigninga kunne kyrkjelyden setja kursen ned att til bygda etter ei annleis og rik gudsteneste-oppleving 
John Ove Thaule og Ivar Husdal  (tilbake)
Fotograf: Ruth Døssland Thaule