Avisa "Hordaland" laurdag 8. juli 2000
Avisa "Hordaland" laurdag 15. juli
2000
Kan gamle-kyrkja på Vinje
reisa seg frå dei døde?
Av Knut Markhus. Avisa "Hordaland" 8. juli 2000
I 1872 vart den då to hundre år gamle kyrkja på Vinje riven,
og Vossestrand mista eit viktig kulturminne. Men kyrkja er aldri blitt gløymt,
og kanskje er ho heller ikkje tapt for alltid. Mykje av tømmeret og
inventaret er teke vare på, og mange meiner at Voss i dette sit på
ein rik kulturskatt. I beste fall kan kyrkja gjenreisast.
I denne artikkelen skal me sjå på historia til Vinjekyrkja. Seinare
skal me møta dei som engasjerer seg i denne heilt spesielle kyrkjesaka,
og sjå på kva som er gjort og på dei djerve planane vidare.
”Da va syndalæ dei skulde riva ned gamla-kyrkjo. Ho skulde
fenge stende ho, ho var so fin. Ho va maolt inni og da va fine skjeldringa
pao glasruto, bade-engla og adla handu. Rutna stod i blyliste. Døypefonten
va mesta so ein storu kobb med eit messing fat.”
Dette skriv Knut Bjørgås i ”Or gommol tid”. Han skildrar
eit bygg som var alt anna enn enkelt og fattig, slik kyrkja kanskje kunne
sjå ut frå utsida.
”Kyrkjo va blaomaolt inni. Pao veggjo va dar maolt billete tao apostla og
profeta. Unde himmlingjæ va maolt so mykkje stjedne. Sjaustjedno va
dar, og ei stjedna so rasa. Ho kom ifrao aust, og dar va nokko lysande strek
ette henne so sprikte ut tilsies.”
Kyrkja blir til
I Roald Lyngvær si soge om Strandakyrkjene kan me lesa om korleis Vinje-kyrkja
vart til: Ei middelalderkyrkje hadde trufast gjort si teneste på Vinje
i fleire hundre år, men i slutten av 1660-åra vart det teke avgjerd
om å byggja ny. Kyrkjerekneskapen for 1668-70 rapporterer: ”Betalt
til Magne Essen efter fortinging for Thømmer bord och adshillig Træfang
til Winnie kierkes nye biugning 70 Rdl». «Iligemaader er Betalt
Magne Essen, med sine medarbeidere for samme kirches Chor, Thaarn och Waabenhuss
af nye at opbygge efter Contract 70 Rdl”.
Denne ”Magne Essen” er den same som Magne Knutson Eidsheim frå Hosanger,
bror til lensmann og sageigar Mogens Knutson Eidsheim. Eidsheim-brørne
var blant dei første bøndene som dreiv med byggjeverksemd i
Bergen i større omfang. Når det gjaldt ”Thømmer” og ”Træfang”
trong ein ikkje reisa langt for å finna det. I Kyrkjeteigen ved Brandset
stod to hundre år gamal skog hogstklar.
I 1671 vart så kyrkja reist. Byggmeister skal ha vore Ola Botolvson
Sundve (1632 - 1711) – ein hendig kar som også var både postbod
og smed. Sirleg signerte han verket på ein bjelke, som vart gjenfunnen
i 1985. Det blir sagt at same mann bygde kyrkja på Oppheim også.
Nytt prestegjeld – ny kyrkje
Og så rann åra. Born vart døypte, salmar sungne og
tårer tørka, medan folk bad sine bøner under den
blå himmelkvelven i Vinje-kyrkja.
Slik levde kyrkja sitt rolege, trygge liv heilt fram til 1866. Då vart
Vossestrand eige preste-gjeld, og året etter gjorde det nye soknestyret
vedtak om at det skulle byggjast ny kyrkje.
Den fransk-amerikanske turisten Paul Du-Chaillu rapporterer frå åra
rett etter 1870: ”Like ved bygda Vinje står ei fin, tømra kyrkje
som er bygd for to hundre år sidan. Taket er boga og pryda med stjerner,
og veggane malte i frodige fargar. To krossar, ein av jarn og ein av tre,
er dei einaste monumenta på kyrkjegarden. Det vert ikkje halde gudsteneste
lenger i kyrkja.”
Riving og auksjon
Den nye kyrkja stod ferdig i 1870, og gjorde gamlekyrkja til overs, slik
turisten stadfestar. Dermed var det ikkje von for det gamle bygget, og i
1872 låg gudshuset demontert på bakken.
Soknestyret hadde gjort vedtak om at tømmeret frå gamlekyrkje
skulle nyttast til soknehus på Draugsvoll – så stort hus som det
var materialar til.
Innbuet og resten av materialane vart seldt på auksjon, og dermed spreidd
ut over mange bygder. Mykje vart respektlaust handsama, men nokre familiar
tok godt vare på det dei skaffa seg.
Kyrkjesølvet og eit krusifiks vart teke vare på i den nye kyrkja,
og dei vakre glasmaleria finst på Historisk Museum i Bergen.
Oppdaginga av ein skatt
I seinare tid vart soknehuset på Vinje brukt som kommunehus for gamle
Vossestrand kommune. Men i storkommunen Voss vart snart det gamle kommunehuset
til bry og måtte bort. Under rivinga i 1985, oppdaga årvakne
arbeidsfolk dei mest underlege ting då dei tok ned kledningen. Først
dukka fram ein engel med venger, og sidan såg dei bokstavleg talt stjerner!
For maleria frå gamlekyrkja hadde greidd seg godt, både englane
og stjernene. Arbeidsformannen Ivar L. Løne stogga arbeidet straks,
og med hjelp av Ivar K. Lydvo vart Fylkeskonservatoren kopla inn. Det vidare
rivingsarbeidet vart gjort på dugnad, og tømme-ret lagra privat
i mange år.
I dag ligg tømmeret i trygg forvaring hjå Voss Folkemuseum. Men
ingen veit heilt omfanget av det som ligg lagra, og kva verdi det eigentleg
har. Ingen veit heller omfanget av veggmaleria, som framleis er gøymt
bak kommunegul maling. Og kor mykje restar og gjenstandar frå gamlekyrkja
finst spreidd rundt på bygdene?
Denne spesielle kyrkjesaka fell mellom alle byråkratiske stolar. Men
lokalt er det no stor vilje til å gjenreisa respekten for gamle
Vinje kyrkje, og kanskje til og med reisa opp igjen sjølve bygget.
Dette skriv me meir om i neste veke.
Toppen av sida
Lagnaden til gamle Vinje-kyrkja:
Toppen av sida
Av Knut Markhus. Avisa "Hordaland" 15. juli 2000
”Dette er saken-ramme”: I 1671 vart den gamle stavkyrkja på Vinje erstatta
av den kyrkja som i dag har fått ny merksemd - eit lite, men svært
fint dekorert gudshus. I 1872 vart dette rive, og kort etter sett opp att
som soknehus på Draugsvoll. I 1985 vart også dette rive, og arbeidsfolka
oppdaga kva materialar huset var sett saman av. No ligg dette lagra hjå
Voss Folkemuseum, men er ikkje gjennomgått av fagfolk på kyrkjekunst
og kyrkjebygg. Det knyter seg difor stor spenning til verdien av det som
ligg i materialstablane.
ENGASJEMENT I BLOMEENGA: -- Det er mange som er opptekne av lagnaden
til den gamle Vinje-kyrkja, og derfor er det viktig for oss å få
fram opplysningar om kyrkja, seier brørne Ivar og Per Husdal. Her står
dei ved grinda inn til den gamle kyrkjegarden på Øvre Vinje.
Foto: Knut Markhus
KVA FINST PÅ GARDANE?: Mange gjenstandar frå den gamle
kyrkja finst truleg i privat eige rundt på bygdene. Mesteparten av
inventaret vart nemleg selt på auksjon då kyrkja vart riven i
1872. Her ser me Odd Vinje og Olav Vinje halda noko som kanskje kan vera
enden på ein kyrkjebenk? Privat foto
I VINJE-TUNET: Ivar og Per Husdal saman med Bjørn Løne
og Arnhild i det gamle Vinje-tunet. Det er Løne som no eig bruket der
kyrkjegarden ligg. Foto: Knut Markhus
Ei sak for heile, vide Voss.
-- Me ser for oss at arbeidet med gamlekyrkja på Vinje kan verta ei
samlande oppgåve for heile bygda, og då meiner me heile Voss,
seier brørne Ivar og Per Husdal. I første omgang ønskjer
dei å få registrert materialane frå det rivne bygget. Men
den store draumen er å gjenreisa kyrkja der ho ein gong stod.
Av Knut Markhus
-- Ivar K. Lydvo skreiv for ti år sidan ein artikkel i ”Hordaland” der
han tala varmt for at Vinje-kyrkja måtte byggast opp att. No er det
på tide at me arbeider vidare med dette, seier Ivar Husdal. Han har
vakse opp med forteljingar frå det gamle Vinje-tunet.
-- Eg kan framleis hugsa Knut Bjørgås sitja og fortelja om den
gamle kyrkja som han meinte aldri burde vore riven. Ho skal ha vore særskilt
vakker.
Ivar Husdal sitt forhold til gamlekyrkja er mest som ei forelsking, vedgår
han, med dei følgjer det har for prioriteringane.
-- Blir du forelska i ei fin jente, er ikkje det første du tenkjer
på kva ho kjem til å kosta deg i kroner og øre. Slik er
det også i mitt forhold til Vinje-kyrkja. Prosjektet handlar om mykje
meir enn økonomi, sjølv om også dette naturlegvis blir
eit tema etterkvart.
Det går an!
Nøkkelen til suksess for saka ligg hjå Riksantikvaren. Det er
presserande å få fagfolk til å sjå på materialane
som ligg lagra, og slike fagfolk har Riksantikvaren. Tømmeret må
i første omgang registrerast. Dernest må det avdekkast kva som
finst av gamle maleri under malinga som vart stroken på den gongen
tømmeret var soknehus. Riksantikvaren må også godkjenna
alt som eventuelt blir gjort med det gamle tømmeret seinare.
Men Ivar Husdal reknar med det blir ein kamp for å få tak i hjelp
hjå Riksantikvaren. Til vanleg syslar ekspertane her med bygg som allereie
står, medan Husdal ikkje har noko eksisterande bygg å visa til.
Difor manar han både bygdefolk og det offentlege til å engasjera
seg i saka.
Det ligg ein inspirasjon i at det har skjedd før at ei kyrkje som
låg i grus har reist seg igjen. Øye stavkyrkje på Vang
i Valdres har ei slik historie. Denne vart riven i 1747, men då valdrisene
i 1993 skulle reparera den nye kyrkja fann dei under murane til kyrkja 156
delar av den gamle stavkyrkja. I 1996 var den gamle kyrkja reist og innvigd.
Treng brei støtte
Ivar Husdal inviterer blant anna kommunen til å koma på banen.
Han innser at det er urealistisk å venta noko økonomisk hjelp
derfrå, men meiner det er ein stor vinst om kommunen verbalt støttar
prosjektet.
Sjølv om dei som arbeider for denne kyrkjesaka har operert i
det stille til no, er det eit au-kande engasjement blant bygdefolk. Ivar B.
Løne har allereie samla inn 113 underskrifter frå folk som seier
seg interesserte i at kyrkja skal byggjast opp att.
Løne har elles ei særskilt interesse i eit sidespor av prosjektet.
”Djevelen frå Vossestrand” er ein treskulptur som stod ved inngangsdøra
til den aller første kyrkja på Vinje. No finst denne på
Nordiska Museet i Stockholm.
-- Kanskje dei har lyst å koma heim til Vinje no, både denne
djevelen, det lagra tømmeret og gjenstandar frå kyrkja
som finst rundt på bygdene, undrast Løne, men meiner at om djevelen
no trivst best i Stockholm, så kan ein laga ein kopi som kan plasserast
i kyrkja når ho er gjenreist.
home.no.net/vinjo
Per Husdal har laga ei eiga heimeside på internett for gamle Vinje
kyrkje. Her er det lagt ut ei mengd med informasjon om kyrkja, og om planane
som finst for ho. Her kan ein også på web-siders vis skriva inn
si eiga meining om tiltaket.
Per Husdal fortel at internettsatsinga er planlagt ikkje minst for å
få interesserte norskamerikanarar med på prosjektet. Han går
ut frå at pengepungane er tunge ”over there”, og håpar på
dollarsponsing frå folk som ættar frå Voss.
Vegen vidare
Det vil snarleg verta skipa eit interrimstyre som skal driva arbeidet vidare,
og ikkje minst øva press på styresmaktene.
Sjølv om gjenreisinga av den gamle kyrkja ikkje står øvst
på arbeidslista, så er likevel dette det store målet. Men
eldsjelene Husdal veit at vegen er lang fram til dette.
-- Men om ikkje me som arbeider med saka no greier å realisera dette
punktet, så ønskjer me iallfall å leggja til rette slik
at dei som kjem etter oss kan fullføra verket, seier dei. Det er vår
plikt til å bringa vidare den arven me har fått - at me ikkje
forspiller denne.
Toppen av sida
Oppdatert 26.12.2002
|