Byggekontrakt med Magne Essem
Kvar kom tømmeret frå?
Tømmermannen, Ola Botolvson Sundve
Kva skjeddde etter 1871?
Byggekontrakt med
Magne Essem (for Gamlekyrkja på Vinjo)
Roald Lyngvær og Kjell Nese : (Oppheim og Vinje
kyrkjer, Voss 1971)
Etter at middelalderkyrkja hadde vore i bruk i fleire hundre år, var
kyrkja ikkje lengre tidhøveleg. Kring 1670 vart det teke avgjerd om
at nye kyrkjer skulle reisast på Vinje og Oppheim. Alt i kyrkjerekneskapen
for 1668/69/70 (kvart kyrkjerekneskap femner om 3 år så ein finn
ikkje det nøyaktige året) finn ein desse opplysningane: "Betalt
til Magne Essen efter fortinging for Thømmer bord och adshillig Træfang
til Winnie kierkes nye biugning 70 Rdl" "Iligemaader er Betalt Magne Essen,
med sine medarbeidere for samme kirches Chor, Thaarn och Waabenhuss af nye
at opbygge efter Contract, 70 Rdl". Denne «Magne Essen» er ikkje
nokon annan enn Magne Knutson Eidsheim frå Hosanger på Strilelandet,
og bror til lensmannen og sageigaren Mogens Knutson Eidsheim. Eidsheims-karane
hadde sjølv sagbruk, og var blant del fyrste bønder som tok
til med byggjeverksemd i Bergen i større omfang. Som det går
fram av kyrkjerekneskapen held han sjølv material til kyrkja og hadde
med sine eigne arbeidsfolk. Ein må tru at «Contacten» vart
slutta i Bergen anten av bispen, eller av stiftsskrivaren som er nemnt noko
seinare i rekneskapen.
Toppen av sida
Kvar kom tømmeret frå?
Om Kyrkjeteigen og tømmer fløyting frå Sygnastrond
(Oppheim sokn) i siste halvdel av det 15. århundre.
Tømmeret til "Nye Vinjakyrkja" blei hogge i 1869-70. Vinje sokn har
har altid hatt ein skogeigendom i Oppheim sokn, "Kyrkjeteigen". Kyrkjeteigen
ligg nordaust for Brandset. Skogen der veks seint.Kyrkjetømmeret vart
mest trulig hogge der. Ei nærare gransking av tømmeret vil visa
om dei grove tømmerstokkane, som er kløyvde på midten
og deretter øksa til, kjem derifrå.
Aslak T. Helleve skriv dette i Gamalt frå Voss 1994: Skogsdrift
og sagbruk på Voss på 1600-tallet:
På tinget 15. november 1680 vart spørsmålet om kven som
fyrst hadde kjøpt tømmer frå Sygnestrond teke opp. (Sygnestrond
var då Oppheim sokn, som den gongen høyrde til Sogn.) Dei tilspurde
svara at Hans Larssen var den fyrste som kjøpte tømmer frå
"Søgnestrand schoug". Dette tømmeret vart flota etter Strandaelva
og vidare etter Vosso.
På same tinget var "Lisbet i Fotlandsvågen" saman med Anders Garman,
Klaus Miltzow og Hans Larssen innstemnde for å ha kjøpt ulovleg
sagtømmer. Lisbet i Fotlandsvågen er nemnd fleire gonger fyrst
på 1680-talet. Ho hadde sak med lensmann Rasmus Hanstveit om avgift
for ei sag Hanstveit hadde. Lisbet åtte noko av grunnen ved elva, og
det gjeld vel då leiga av grunn til saga. 25 På tinget på
Voss orsakar Lisbet seg med at ho ikkje visste at det ikkje var lovleg å
kjøpa smått sagtømmer. Lensmann Johannes Andersson Øvre
Mjelde (1660-1731) dreiv også tømmerhandel. Han reiste sjølv
til Voss og henta tømmeret og flota det etter elva og fjorden fram
til Bergen. Han slo seg opp og vart ein velhalden mann. Me ser her omritet
av det som seinare vart ein vanleg trafikk: Strilar kjøpte tømmer
på Voss, skar det til og sette opp hus heime, sidan tok dei ned att
husa og førde materialane til Bergen der husa vart sette opp på
nytt. Tømmerstrilane kom til Voss på tømmerkjøp
på haustparten eller førejolsvinteren og tinga seg tømmer
for hogging og framdrift til Vosso til våren kom. Stundom kjøpte
dei skog på rot og dreiv tømmeret fram sjølve eller med
leigehjelp, andre gonger vart tømmeret kjøpt på elvebarden
om våren. Men i dei fleste høve var tømmeret tinga føreåt,
difor vart desse tømmerhandlarane gjerne kalla "tingingsmenn".
Merknad: Lisbet i Fotlandsvågen som er nevnt var seinare oppattgift
med bror til Magne Essen. Magne Essen hadde kontrakt om bygging av kyrkja
på Vinjo.
Toppen av sida
Ola Botolvson Sundve (1632 - 1711)
Ola var med og bygde den gamle kyrkja på Vinje. Han var og postbod.
Av ein underoffiser frå Jämtland lærde han å brenna
jern, og han fekk seg omn på Sundve. Han var ein god smed. Ei øks
han laga er enno på Sundve.
Bilete av øksa (Foto Svein Ulvund) |
Bilete av ein tømmestokk som truleg sto over døra. (Foto Svein
Ulvund)
|
Toppen av sida
Kva skjedde etter 1871
Kyrkja vart rive i 1872.
Innbuet vart selt på auksjon.
Tømmeret vart brukt til nytt soknehus i Vinje sokn - og i bruk til
1964.
I 1984 vart huset rive etter oppdrag frå Voss komune - tømmeret
var tiltenkt som fyringsved.
Tømmeret vart berga av nokre eldskjeler og lagra privat fram til 1995.
(Les meir nedunder om korleis tømmeret vart berga) Frå
1995 er tømmeret teke vare på av Voss Folkemuseum.
Foto av tømmeret
Toppen av sida
Meir om korleis tømmeret vart berga
I 1866 vart vart Vossestrand eige prestegjeld
Vedtak om bygging av ny kyrkje vart gjordt i 1867
Vossestrand vart eige herad i 1868, det var då to valkrinsar. Vinje
sokn valde sitt soknestyre, og Oppheim sitt soknestyre. Saman valde dei formannskap
for Vossestrand herad.
Fyrste store oppgåva for soknestyre i Vinje sokn var byggjinga av ny
kyrkje.
Gamlekyrkja vart rive, og tømmeret frå gamlekyrkja nytta dei
så til å byggja soknehus på Draugsvoll.
I Oppheim sokn bygde dei sitt soknehus av kyrkjetømmer der. Heradshus
på Vossestrand vart fyrst bygd i 1936.
Etter samanslåing av Voss, Vossestrand og Evanger kommunar til
ein kommune i 1963 gjekk råderetten over soknehuset over til Voss kommune.
I 1984 vart det avgjort at huset skulle bort. Idrettslaget Ørnar fekk
oppdraget med å sage det opp til ved.
Soknehuset på Vinje
|
Soknehuset og kyrkja på Vinje
|
Ivar L. Løne leia arbeidet. Då dei tok av kledningen
såg han hovudet av ein engel og litt av vengene.
Han sa stopp og tok telefonisk kontakt medl Voss kommune, men reaksjonen
var negativ.
Men noko måtte bli gjort for å stoppe øydelegginga og
Ivar L. Løne telefonerte til Ivar K Lydvo for hjelp. Ivar K. Lydvo
ringde så til Fylkeskonservator Nils Georg Brekke. Fylkeskonservatoren
kom same dagen og stogga vidare øydelegging, meir kunne han ikkje gjera.
Ivar K. Lydvo, Styrkår Hirth og Sigmund Engeland drøfta
kva som kunne gjerast vidare. Voss kommune var ferdig med saka. Voss
Folkemuseum kunne på det tidspunkt ikkje ta seg av tømmeret.
Tømmeret vart så teke ned på dugnad og lagra mellombels
i løer tilhøyrande Sigmund Engeland. Ivar, Sigmund og Styrkår
prøvde lenge med å få nokon til å interessera seg
for tømmeret.
Lars Kjønnagard ville bygga eit kulturhus av tømmeret
på eigedomen sin på Oppheim. Dette vart hindra av formelle årsaker
og Lars Kjønnagard fekk tilslutt Voss Folkemuseum til å ta vare
på tømmeret.
sist oppdatert 26.07.2000
Toppen av
sida |