Vinjakyrkjo, laurdag 29. juli 1826
Vingje Anex til Vos 1826   Akvarell av M.W.Eckhoff
Eckhoff var militær teiknar, alle detaljar skulle vera rett. Steinen framføre kyrkja ligg der enno og er rett teikna. Eit spørsmål er tårnet. Det er ikkje heilt likt Knud Knudsen sitt foto frå 1869. (Mathias Wilhelm Eckhoff 1791-1891 oberstløytnant) 
Dette kan ha hendt laurdag 29. Juli 1826
Målaren J.C. Dahl og M.W. Eckhoff var på gjennomnreise til Sogn.
Medan Eckhoff teikna sin akvarell gjekk J.C. Dahl omkring for å finne eit bjørketre han kunne teikna ei skisse av. 
Over 50 år seinare kom gamle lensmannen Lars O Vinje (1815-1885) ned til Lilletun (til venstre bak kyrkja) for å ha ein prat med gamle Anders Lillethun (1809-1886). Der skulle sonen Lars (1860-1944) til å sage ned ei bjørk. "Den må du lata stå, ho er så fin" sa lensmannen. Og gamle Anders sa trulig dette:"Den bjørka teikna målaren Dahl same året som far min døde, eg var 17 år då". No i år 2000 står bjørka der enno.
Seinare på laurdagen omlag klokka 18.00 kom Eckhoff og Dahl opp mot Stalheim. Der teikna Dahl skissa for målarstykket "Stalheim". Det heng no i Nationalgaleriet i Oslo.
Toppen av sida