Ridebanen
Ulvik ride og køyreklubb har ein flott ridebane (20 x 40 meter) som ligg i Holmen. Banen hadde offisiell opning 31 august 2002, og er eit resultat av ein lang "kamp" ført av fyrst Gløgg 4H og som seinare vart hovudgrunnen til skipinga av URKK. Banemeistar er Martin Svennes, som også sit i styret. Me håpar at medlemmane trivst med å bruka banen, men at dei også følger reglane, både som utøvarar, instruktørar og tilskodarar.
Reglar for ridebanen:
Ein skal alltid nytta hjelm under ridning
Ein skal nytta tette sko, helst med hel.
Det er kun instruktører og ryttere som skal vera på banen og porten skal vera lukka. Ein skal oppføra seg rolig og ha respekt for hestene og alle som opphaldar seg i området.
Hestebæsj skal takast bort umiddelbart og has i kontaineren