Aktivitetar

På denne sida vil det kome opp aktivitetar som er planlagte i klubben fortløpande. Her kjem det også til å ligge vaktliste for ridebanen. Dersom det er nokon som har forslag eller ynskje til aktivitetar t.d. kurs, turar eller liknande, ta kontakt med oss på e-post. Det har ikkje vorte planlagt nokon konkrete aktivitetar enno, men me vil få i gang fast ridning på ridebanen, faste stall-dagar hjå Martin og medlemskveldar. Me ynskjer også forslag frå medlemmane til tema for medlemskveldar. Slik vert det enklare for oss å få tak i t.d. videoar som fengar. Styret kjem også, før sesongen på ridebanen byrjer att, å lage eit nytt system for tinging av ridetimar.

Kva skjer?
- Det vil verta eit omframt årsmøte om ikkje lenge. Tidspunkt kjem opp her om ikkje lenge, samt vil det koma skriv heim til medlemmane.
- Det vil verta arrangert ein medlemskveld med video.
- Det vil verta holdt eit førstehjelpskurs for medlemmane. Særskilt naudsynt for dei som nyttar ridebanen som utøvarar, instruktørar og ansvarlege.