Årsmeldingar / Årsmeldinga for 2003


  • Styret:
  • Kristin Hansen - Leiar
  • Kari Nilsen - Nestleiar
  • Mariann Hole - Kasserar
  • Ingrid Sponheim - Skrivar
  • Martin Svennes - Styremedlem og banemeistar
  • Åshild Lekve Eide - Styremedlem
  • Øyvind Vestrheim - Styremedlem
  • Carsten Hjeltnes - Vara
  • Terje Breivik - Vara
  • Årsmøtet vart halde i Holmen 12. februar kl 19.00. Det vart valgt 3 nye styremedlemmar. Kristin Hansen vart ny leiar (valgt for2 år), Åshild Lekve Eide (2 år) og Carsten Hjeltnes (2 år).
    Ridebanen vår i Holmen har vore mykje brukt i å igjennom heile sommaren og utover hausten. Kvar laurdag har det vore aktivitet på banen. Det har også vore arrangert turar i skogen nokre søndagar.
    Det har vore arrangert ein stelledag i stallen til Martin Svennes på Hauge.
    Ulvik ride og køyreklubb har påtatt seg to oppdrag med hest og vogn i bryllup. Hesten som har vore brukt er Lapp Tor med Mette som kusk.
    28. juni var det 4H-medlemmar på ridebanen for å få rideinstruksjon. Elisabeth var med frå URKK og to hestar vart brukt.
    Styret har igjennom året hatt fleire styremøter.
    Årsmøtet for 2004 vert halde i Holmen, onsdag 25. februar. Då vil Kari og Mariann gå ut av styret etter 2 år, medan Ingrid går ut av styret etter å ha vore med sidan skipinga av klubben. Me voner det kjem inn nye aktive og flinke styremedlemmar. Ellers så vil me oppmoda medlemmane våre til å vera med å bidra til at 2004 vert eit aktivt år.
    ~ Styret ~


    Tilbake