Årsmøtet vart halde på Biblioteket 25. februar. Årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjende. Alle styremedlemmane som var på val vart vald om att for 2 år. Nye vedtekter for klubben vart godkjent med dei forandringar som var oppe på årsmøtet. |
Det store hendinga for klubben i 2002 var opninga av ridebanen i Holmen laurdag 31. august. Det var ein fin dag med gratis ridning for born og sal av kaffi, brus og vafler. Dette var ein stor dag me har venta lenge på. Ridebanen har vorte brukt mykje i haust med fast ridning mandag, tirsdag og laurdag. I tillegg til enkelte dagar utanom. Dei instruktørane som har vorte nytta er: Mette, Ann-Iren, Isadora, Jan Hilmar, Anita, Ida og Åshild. Mette har også hatt ridning for elevar ved Hjeltnes Gartnarskule. 16 november blei banen stengt grunna føreforhold. Banen vil vera stengt fram til det vert stabilt vinterføre eller i verste fall til det vert vår. |
På 17 mai stilte Mette og Lapp Tor i folketoget med høyvogn for Ulvik ride og køyre klubb. |
URKK hadde 3 representantar på eit kurs som heiter KR1 i Idrettens Hus i Bergen. Kurset omhandla konkurransereglement i sprang og dressur. |
Det har vorte halde 7 styremøter gjennom året .
Det vart halde eit medlemsmøte 21 november i kantina på sentrumsbygget. På medlemsmøtet vart det synt ein video som omhandla håndtering av problemhestar.
|
Leiaren stiller ikkje til val i 2003. Det noverande styret ynskjer å takka han for kjempejobben han har gjort gjennom tida si som leiar! Styret vil takka små og store for eit flott år og vonar at endå fleire vert aktive neste år. Me oppmodar elles flest mogeleg til å koma på årsmøtet. |
~ Styret ~ |