Møtereferat / Årsmøte i 1999


1) Medlemskap/kontigent
* Det er vedtatt med kr 150 for vanlege medlemmar og kr 50 for familiemedlemmar. Støttemedlemmar vel sjøv kva dei vil betala, men min. kr 50. Dei kjem til å motta informasjon frå klubben.
* Isadora og Ingrid skal skriva eit innbetalings-skriv. I skrivet skal det stå om klubben, aktivitetar, framtdige mål i klubben, ulike medlemskap m.m.
2) Ridebane
* URKK har overtatt Gløgg 4H sine ridebane-planar. Styret gjekk igjennom papir frå den perioden dei var aktive innan ridebanen.
* Ettersom det er litt usikkert om kor lang tid det vil ta å få ein permanent ridebane, diskuterte styret midlertidig bane i Holmen. Styret vedtok at Stella og Guro skal skriva eit brev til rektor Asbjørn Børsheim ang. denne midlertidige banen.
* Styret diskuterte korleis å få kostnadane ned på ridebanen og alle var einige om at dugnad innad i klubben er beste alternativ for velikehald og bygging.
3) Registrering av hestane i Ulvik
* Styret vil at klubben skal ha ei viss oversikt av kva som finst av hestar i bygda. Samt kven som eig dei og kva dei i hovudsak vert brukt til. Styret vedtok at Isadora skal skriva denne lista.
* Styret vedtok at det er naudsynt med ei liste over avl og ei liste over aktivitetar som skjer i klubben. Desse listene skal skrivast av Ingrid.
4) 2000-årsmarkering??
* Norges Ryttar Forbund og Idrettsforbundet har planlagt ei markering felles for alle medlemmar. Styret vedtok å koma tilbake til denne markeringa seinare.
Styret vedtok at det er naudsynt at klubben markerar seg i bygda. Bl.a. på 17 mai, Ulvikadagane, torgdagane og gatefestar o.l.
5) Videokveldar
* Dette vert ein av aktivitetane i klubben. Klubben vil låne videoar av Norges Ryttar Forbund etter ynskje frå medlemmar. Også fleire private videoar er aktuelle å syna.
* Biblioteket vart foreslått som lokale. Einstemmig vedtatt.
* For ev. rekrutering er det diskutert at ikkje-medlemmar har adgang til videokveldar mot betaling.
6) Søking av midlar
* Klubben kjem til å søka heradet om midlar, når det er aktualt. Denne saka er utsett inntil vidare.
7) Kursaktivitetar
* Det er kome inn forslag om hovslagar-kurs. Dette vil det kome meir informasjon om seinare når klubben veit meir om kurset.
* Aktivitetsledar-kurs. Stella er interessert i dette kurset.
* Rideknappen. Til seinare diskusjon, ettersom det er gunstig å ha ein ridebane til enkelte av øvingane til rideknappen.
8) Logo
* Klubben er nødt til å ha ein logo som folk kan gjenkjenne.
* Styret vedtok at Guro skal leggja fram ulike forslag til neste styremøte.
9) Hovslager
* Hesteeigarane må avtale ilag når hovslagar kjem til bygda. Ev. ha ein kontaktperson. Saka er utsatt inntil vidare.
10) Heimeside på internett
* Dette er eit meir langsiktig mål for klubben. Det blei lagt fram forslag om å koma under heradet. Dette vil styret koma tilbake til seinare.
Referert av Ingrid Sponheim


Tilbake