Trolle frå Synnalandsneset er ein liten trollgut med skikkeleg eventyrlyst. Han har fleire reisedagar i året enn mange næringslivstoppar.
Etter at mamman til Trolle, Unni Myrset såg ei internettside som handla om eit lite kosedyr som vart sendt rundt om i verden, sette ho liv i ideen sin.
Ho skulle lage eit troll som vart sendt rundt om i verden og vidare dokumentere desse reisene på internett. Altså, skulle dei som fekk besøk av Trolle, legge ut bilder å skrive om opplevelsane til Trolle på nettet.
-Eg sette meg ned ein kveld og teikna opp skisser for ei heimeside, seier trollmamman. Myrset er kjent for dei flotte cernitt-trolla sine som ho lagar,
og har opp igjennom åra vore rundt på mange messer her i distriktet. Men det var ikkje berre berre å lage "Trolle". -Det vart med eit par tre, før eg fekk han til slik eg ville, seier Unni.
-Men så har han alt: sjarm, han er leiken og frekk, men snill og søt, og ikkje minst har han opplevelsestrang til tusen, legg ho til.
Han er nyskjerrig på nye menneske og elskar å lære fleire å kjenne, både mennesker, dyr og andre figurar. Han har møtt både tussar, hundar, huldre og troll på sine mange reiser, fortel Unni.
Starten.
Trolle vart fødd 28. August i 2004 og berre sidan då har han vore i Drammen, Oslo, Askim, Trysil, i Åby i Sverige, Nykøbing i Danmark og Alicante i Spania.
Unni fortel at han lærte seg å lese i Trysil, strikke i Oslo og surfe i Spania.
-Eg tykte at det kunne vere spanande, ein møter så mange menneske, så likar eg å lage internettsider, og
dette var ein god ide for å lage ei ny heimeside, seier trollmamma Unni. Men for å kunne sende eit troll ut i verda på denne måten, måtte ho
sjølvsagt ha nokre reglar.
- Du må ha ei heimeside, behandle han fint og love å sende han til den neste adressa innan to veker, fortel Unni. Historiene og plassane som Trolle har besøkt blir på denne måten lagt ut på nettet, slik at Trolle sine fans kan lese om og få mange reisetips frå det vesle Sunnmørstrollet.
Treivst i Spania
-Ingrid, er 54 år og bor for tida i Alicante i Spania. Ho storkoste seg når Trolle var på besøk.
-Han er ein skikkeleg herleg fyr, og du kan tru det var moro med besøk frå han, seier ho. Ein av reglane for å ha Trolle hjå deg, er at ein må dokumentere opphaldet, for så å legge bilder og tekst ut på nettet.
-Når folk har sett ei halvgammal kjerring drasse rundt på ei dokke å tatt "ørten" bilder av denne dokka , ja då har nok mange lurt på om ho har ein skrue laus. Men når eg fortalt folk om Trolle sine reiser då skulle du sett smila og nikka , og kunne nesten sjå at dei sette skruane på plass igjen...
Og det var nok ikkje tilfeldig at Trolle havna nettopp hjå Ingrid.
-Eg tykkjer det er ekstra artig at han er frå Brattvåg. For ein gong i tida for lenge sidan hadde eg ein kjæraste frå Brattvåg.
-Korleis likte Trolle Alicante då?
-Vanligvis er Trolle berre på besøk i to veker på kvar plass han reiser, men hjå meg vart han i heile fem veker.
Det var no berre så utrulig mykje han ville oppleve, skriv ho på mail fra Alicante.
Ho fortel vidare at Trolle har møtt esel, dykka på Playa Levante i Benidorm, beøkt sjokolademuseumet og surfa i Villa Joiosa, bada i Calpe, bygd sandslott, ete is og Pealla, vore i safariparken i Vergel, kjøyrt motorsykkel, plukka appelsiner, besøkt micro -gigantmuseum og torturmuseum i Guadalest, vore på kaktusplantasje og så vidare og vidare.
Koste seg
-Det var ein rein og skjær fornøyelse å ha ein slik kar på besøk. Eg tykkjer det er litt gøy å gjere noko som ikkje alle andre gjer. Ikkje minst når ein får gjester på besøk vil ein gjerne vise dei litt rundt, for kanskje har dei lyst å komme tilbake eingong, skriv Ingrid.
-Dette var ei utfordring. Det er morosamt å sjå nærområdet gjennom andre sine auge. Eg har vore på dei fleste plassane tidlegare, men no skulle eg både ta bilder og skrive om dei. Ho fortel vidare at folk rundt henne fort fatta interesse for den gråhåra sjarmøren.
Når Trolle smiler til folk så smelta dei som smør. Spanjolane var veldig begeistra, særleg la dei merke til at han var så rein.
Eg veit kkje noko om korleis spanske troll er, men kanskje er dei skitne dei då?
I mailen helsar ho til Trolle som no er hieme på Synnaland.
-Luna sender ein slikk til Trolle. (Luna er ein av dei to hundane til Ingrid) Ho elska nemleg å slikke han på tærne, det kilte visst, for då flira Trolle så han nesten grein, seier Ingrid.
På tur til Trysil
Kari Buflod i Trysil er lærar og har ei klasse som sender to bamser rundt omkring i verden (Ragnar og Lina). Ho har og hat besøk av Trolle.
-Eg leste heilt tilfeldig om Trolle på nettsida til Unni, og så fann eg ut at eg ville be Trolle på eit lite Trysilbesøk. Ho fortel at Trolle var med henne på Noregs eldste bydemuseum (Trysil Bygdetun), folkebibloteket, og fekk sjølvsagt besøke klassa til Ragnar og Lina. Trolle fikk diverre berre møte Lina, då Ragnar var i Nottigham var i Nottingham på dåverande tidspunkt.
-Kvifor ville ho ha besøk av Trolle? -Kanskje er eg litt barnsleg av meg til trass i mine 56 år?? Det er nok helst det at eg er litt inne på same tanken på grunn av dei to bamsane til klassa mi, og at eg veit det er morro når nokon bryr seg om prosjekta ein held på med, seier ho. Som lærar meiner ho at dette er ein ypperleg måte for klassa hennar å lære geografi på.
-Elevane mine er no "kløpparar" i verdskart. Fint å referere til når vi for eksempel har om Buddisme i KRL, Lina (ein av bamsane) har nemleg vore i Buddisttempel i Thailand.
Heime på Synnaland .
Som regel er ikkje norske troll så glad i sol, for då sprekk dei og blir til stein. Men denne trollkaren frå Sunnmøre storkosar seg i solsteiken. -Eg er svært glad i sol og varme og det var berre utrulig å ligge i hengekøya i Alicante i Spania. Eg er nemleg ikkje så veldig glad i snø for då frys eg på føtene, seier han på telefonen til Haramsnytt. -Yndlingsrett?
-Ååååå, eg hugsar godt det måltidet eg fekk i Sverige med Annie -steikt egg og pytt i panne! Nam nam...
Så drikk eg mest vatn.
Trolle sjølv er for tida heime på Synnaland og skal bli der ei stund med mamma Unni, før han reiser vidare.
-Kor skal du neste gong?
-Det er ikkje heilt klart enno, men eg har diskutert litt med ho mamma. Det kan bli Flekkefjord eller kanskje Nederland, sier Trolle, som storgler seg til nye eventyr.
Innlegget i Haramsnytt vart skreve av Tina Mari Flem