Direktoratet
for naturforvaltning
PLANTELIV:
Store kontraster
Storparten av fjellområda har ein relativt artsfattig flora, fordi
sure bergartar dominerer og vekstsesongen er kort. Nøysame artar
som rabbesiv, musøyre og stivstorr er utbreidde på den skrinne
jorda. Moselyng, jøkelstorr og snøull er spesialistar på
å takle dei ekstreme snøforholda, dei kan vekse heilt inn
til brekanten.
På steile berg i overkant av rasmarkene finst dekorative planter
som gulsildre, raudsildre, fjellsmelle og svarttopp. Reinrose veks enkelte
stader, m.a. ved Skjeggesnuten og Sauanuten. Dei to fjella har kalkhaldig
berggrunn og er botaniske oasar med ein rik fjellflora.
Søterot stiller ikkje store krav til jordsmonnet, og den er stadvis
vanleg i fjellskogen og i lågare del av snaufjellet. Fjellvandrarar
legg merke til den store og staselege søterota. Også bergfrue
er litt av eit syn når ho veks i hundretal med store kvite blomeklasar.
Ingen andre planter er så godt tilpassa dei steile fjellveggene omkring
Folgefonna.
På vestsida av Folgefonna og nedover i dalførene er nedbøren
høg, og det gjør at du finner mange planter som trives best
i fuktig klima. Sjølv den ekstremt vestlege hinnebregna veks så
langt aust som til Furebergfossen på grunn av det konstant våte
lokalklimaet i drevet frå fossen. Kystplanter som revebjelle, rome,
klokkelyng, bjønnkam, smørtelg og storfrytle set eit preg
på vegetasjonen frå fjorden og opp mot skoggrensa.
|