|
|
|
Bømlo er
ein øykommune med til saman over 1000 større og mindre øyar. Me
har i dag om lag 10800 innbyggjarar. Bømlo har mykje me stolt
visar fram, frå i Brandasund i nord, til Langevåg, Espevær og
Mosterhamn i sør.
Den flotte naturen er et eldorado for
friluftsinteresserte med mange oppmerka
turløyper og ein
skjærgard med flotte holmer, lune viker og kanalar.
Dei offentlege kontora ligg i kommunesenteret på Svortland, her
har det vakse fram eit stort handlesentrum med mange butikkar,
fleire kjøpesenter og eit stort varetilbud innan alle bransjar.
På Svortland finn du også legevakt, apotek, taxi,
turistinformasjon
(Bømlo Rådhus)

Nede ved
storavatnet ruver vår stolthet, storstova
”Bømlo Kulturhus”
med kino og flott konsertsal. I kjellaren har kulturskulen fått
nye lokaler å boltre seg i.
Dette må
kunne kalles Sunnhordlands beste vestkant ;-)
|
|
Bømlabadet
kjem!
...Seks
25-metersbanar til konkurranseidrett, klatreanlegg,
badeland for store og små, varmvassbasseng for
revmatikarar, spa-anlegg og hotell. Planane for det
kommunalt eigde området Hetlevik ved Sakseidteen er
store. Lars Einar
Hollund i Bømlabadets Venner er optimist etter
folkemøtet tysdag. Han trur badelandet til 70 millionar
kroner vil bli ein realitet.
Les meir om
Bømlabadet her:
Haugesunds Avis
Bømlo Kommune
|
|
Bømla-været!
Lure
du på korleis været på Bømlo e? Ta turen innom
www.bomlo.net der
finn du både dagens og komande dagars værvarsel for
Bømlo.
|
|
Bømlo har fått
turkart!

Stor dugnadsinnsats frå mange personer
ligg bak turkart for Bømlo som vart presentert av
turgruppa 29.06.2006.
Arbeidet har teke omlag to år, og det
ferdige resultatet er eit prakteksemplar.
37 turmål med god og
informativ omtale, teiknforklaringar finst både på
norsk, engelsk og tysk. Baksida er pryda med Jan Rabbens
fantastiske bileter og tekstar og som vil gje
inspirasjon for folk til å ta seg turar på dei mange
stiane og turmåla som er komne med på kartet.
Turgruppa som har arbeidd med kartet har
m.a. vore Kjell Haugland og Olav Habbestad frå OK Bømlo,
Bjarne Kristiansen frå "Gutta på tur", Liv Olsson frå
Bømlo tur- og sogelag, Dag Helge Hellen frå Goddo
Grendalag og Njål Gunnar Slettebø og Dag Lothe frå Bømlo
kommune.
Turkartet som er i målestokk 1:40000 kan
kjøpast i
Langevåg Bygdatun,
kundetorget i rådhuset og i
Moster Amfi.
God
tur!
|
Turistinformasjon!
Bømlo Kommune har
ansvar for turistinformasjonen i kommunen og det meste
av informasjon som finnes om Bømlo er tilgjengelig på
kommunens si
nettside. Der finn du informasjon om kulturliv,
idrett, friluftsliv, overnatting og attraksjoner og
ellers om kva som rører seg i kommunen.
|
|
Bømlo sitt kulturliv på Nett!
På
nettstaden
www.bomlo.net kan ein finna ut kva som skjer av større
arrangement på øya vår, med kjøp av billettar til dei fleste
arrangementa.
|
| |
|
|
Bømlingar på nett
Geir
Åge Røyksund har sidan 1998 samla lenkjer til bømlingar
på nett, både private og næringsliv.
Registeret over bømlingar på nett er
blitt stort, og står du ikkje oppført kan du gå til
Bømlingar på nett
og registrere nettsida eller epostadressa di. Eller rett og slett
sjå kva naboen skriv...:-)
|
|
Heia familien Moss!

Familien Moss
gjorde reint bord og vann alle tre innledande rundane i
"Familiens ære" på
TV 2 mandag 1. mai og stakk til slutt av med
seieren. Dermed gjekk dei videre i kampen mot "Familiens
ære" og mandag 8.mai var dei i duell med familien Jansen
frå Andenes. Å ha militær erfaring hjalp heller ikkje i
kampen mot å få has på Bømlagjengen, det fekk familien
Jansen merka då dei også måtte gje tapt i duellen med
Bømlingane.
Heia
familien Moss!! Bømlo e sjølvsagt stolte av dåke! |
|
|
|