Suldal Sogelag

 

 

 

 

 

"Helgenæs Sund i Suldal" av Johan Fredrik Eckensberg. Fra "Norge fremstillet i Tegninger" 1853/55

Januar 2006: Postkortbok - har du gamle postkort frå Suldal?

bulletSuldal Sogelag fyller 10 år i 2007, og då skal me gi ut ei bok med gamle (før ca 1950) postkort frå Suldal. Me vil gjerne koma i kontakt med folk som har slike postkort. Særleg dei eldste korta (med fleire motiv på framsida) og kort frå dei ytre delane av kommunen (Jelsa, Erfjord, Ropeidhalvøya, Foldøy) er me på jakt etter. Dersom du sit på slike kort, ta gjerne kontakt med redaktør Rune Roalkvam, email .
bullet

Do you have old postcards from Suldal?

Next year Suldal Sogelag will publish a book with old postcards from Suldal. If you have postcards you think will be of interest, please contact the editor, Rune Roalkvam. We are especially in need of the oldest (ca 1900 and earlier) cards and cards from Jelsa, Erfjord and Ropeidhalvøya. Only postcards earlier than ca 1950 will be used. 

Desember 2005: Juneau county bygdebok oppdatert

bulletFrå Larry Onsager har me fått ei ny, utvida og oppdatert utgåve av denne bygdeboka over utvandra nordmenn til dette området, der mange suldøler slo seg ned.
The Juneau bygdebok has been updated.

Desember 2005: Diktbok og nytt sogelagshefte

bulletNytt rekordstort hefte er nå i handelen. Rektignok utan 1905-stoff, men elles variert og fyldig. Sjå innhalslista.
bulletEit utval av etterlatne dikt av suldølen Bertel Ritland er samla i bokform, "Brød i band" (125 sider),  og blir utgitt av sogelaget. Kjøp boka i bokhandelen eller ting den hos oss for kr 130 (pluss porto).

Januar 2005: 100-års jubileum for unionsoppløysinga

bulletMe vil gjerne markera 100-års-jubileet med relevant lokalt stoff i neste utgåve av Gamalt frå Suldal. Dersom du har stoff, bilete, postkort, avisutklypp eller anna frå 1905, så ta kontakt med redaksjonen.

Desember 2004: Gamalt frå Suldal i handelen til jul

bulletMe tilbyr nok eit innhaldsrikt hefte. Innhaldslista finn du her.
bullet"Sølvknappane" på sal! Me tilbyr nå denne samlinga av segner og historiar frå Suldal av Daniel Hoftun til berre kr. 100,-! Boka får du m.a. kjøpt på Ryfylkemuseet.
bulletBygdebok for Erfjord i sal!
To fyldige bind med det meste som er å vita om folk i Erfjord før og nå, ført i pennen av Ernst Berge Drange. Utgjevar er Suldal kommune. Merk at rettingar og tillegg til bøkene er å finna i "Gamalt frå Suldal" nr 7 (2005)
bulletPostkort av Odd Straabø.
Me arbeider med ein artikkel og Odd Straabø, den kjende postkortfotografen i Suldal. Dersom du har postkort med hans signatur på (gjerne berre O.S.), vil me gjerne låna dei. Ta kontakt med redaksjonen på førehand i tilfelle me har dei frå før. Elles vil me med det første leggja ut mange nye postkort på postkort-sidene våre.

Juli 2004: Tur til Tjordal, Berge og Vik

bulletSjå referat og bilete frå turen her.

Juni 2004: Tur til Løland og Vanvik

bulletSjå referat og bilete her.

Årsmøte 2004: Nytt styre

bulletTor Olav Følgesvold er ny formann. Sjå referat her.

Desember 2003: Nytt sogeskrift kom ut også i år.

bulletÅrets hefte kan kjøpast i Suldal, Sauda, Stavanger (Gardum, ættesogelaget) og i Haugesund. Det kostar kr 100 og er fyldigare enn nokon gong!

Mars 2003: Ny leiar i laget er Tor Olav Følgesvold.

bulletTor Olav Følgesvold, busatt i Hjelmeland, men med røtene i Erfjord, blei vald til ny leiar av laget på årsmøtet. Nils Torsteinbø og Eva Songe Paulsen tok attval, Grete Våge og Gunnvor Bakka var ikkje på val. Det blei vedtatt at ein skulle tilby familiemedlemskap for kr 50 utan årshefte. Vanleg kontingent er framleis kr 150.
bulletBygdebok for Erfjord i kjømda.
Arbeidet med dei to banda av den nye gards- og ættesoga for Erfjord er nå i avslutningsfasen. Bøkene vil venteleg bli gjevne ut tidleg på haustparten.

2. desember 2002: Nytt sogetidsskrift i handelen
bulletGamalt frå Suldal nr 4 er nå i handelen.

12. mars 2002: Olimstad ny leiar i laget
bulletIngvar Olimstad vart på årsmøtet 7.3. vald til ny leiar i Suldal Sogelag etter Eva Songe Paulsen som har hatt dette vervet sidan oppstarten og som hadde takka nei til å halda fram. Ho vil likevel framleis vera å finna i styret. Ny i styret er Nils Torsteinbø. Dei som takka nei til attval var Øyvind Sand og Liv Hiim. Ca 20 personar var møtt fram, m.a. for å høyra eit interessant kåseri av Roy Høibo om "driftige menn og villige kvinner" på Sand i vervartida og i mellomkrigstida og seinare.

14. januar 2002
bulletBygdebok for Juneau county, Wisconsin, USA av Lawrence W. Onsager er nå  publisert på våre heimesider. Her finn du opplysningar om forfedre og etterkomarar til suldøler og andre nordmenn som emigrerte til dette området, kjent frå boka "Suldal Wisconsin" av Jon Moe. Onsager sitt monumentale verk på kring 800 sider blir på denne måten gjort tilgjengeleg for alle.

29. november 2001
bullet"Gamalt frå Suldal" nr 3 er nå i handelen for kr 70 i Suldal og Sauda og i Stavanger (Gardum) og Jørpeland. 

23. november 2001
bulletDaniel Hoftun si bok "Sølvknappane" er nå i handelen for kr 150.-. Du kan kjøpa boka i bokhandelen på Sand, i Sauda og hjå Gardum i Stavanger og elles i fleire daglegvarebutikkar i Suldal. Dersom du heller vil kjøpa boka direkte frå Sogelaget kjem eit prototillegg på kr 50 (B-post) eller 55 (A-post). Ta kontakt på mail eller tlf. 52797881 (kveld).

13. november 2001
bulletÅrsskriftet vårt, Gamalt frå Suldal, er nå i trykken og vil venteleg vera i handelen lokalt om eit par vekers tid. Me kan lova 76 sider med variert stoff frå mange kantar av kommunen, m.a. Kvilldal, Israelsneset, Sand og Ramsfjell/Kilane. Gi gjerne heftet i julegåve til nokon du kjenner.
bullet"Sølvknappane", den nye boka til Daniel Hoftun er like rundt hjørnet. Hermer, soger og segner frå Suldal er temaet. Denne gongen er det Suldal Sogelag som står som utgjevar av boka og som vil få overskotet. Boka vil verta presentert på ein bokkveld på Suldal Samfunnshus torsdag 22. november. Her vil elevar frå Vinjar skule visa fram dramatisering av utdrag frå boka. Nils Bjarne Vold har sett tone til fleire dikt av Daniel Hoftun, og han vil syngja nokre av desse. Sjølvsagt vert det høgtlesing frå boka, og Daniel Hoftun vil signera bøker. Også dette vil bli ei glimrande julegåve.

Søndag 17. juni 2001 
bulletTur til Tjøstheim i Suldal. Richard Apeland fortel om den gamle bygdeborga, og om Skjelmar-steinane. Her ligg bilde frå turen.

23.03. 2001
bulletLawrence Onsager har studert gravsteinane på kyrkjegarden i Suldal, Wisconsin, og funne fram til biografiske opplysningar om dei personane som ligg gravlagde der. Her kan mange suldøler finna opplysningar om slektningane sine. Me vil seinare publisera Onsagers store verk om suldølene som slo seg ned i dette området. Artikkelen er på engelsk, men det bør la seg gjera for alle å finna "sine" slektningar.
bulletTorsdag 5. april er det årsmøte i Ryfylkemuseet. Arkeologen Olle Hemdorff vil då fortelja om utgravingane på kulturhustomta på Sand.

17. 03. 2001
bulletStatistisk sentralbyrå har i samarbeid med Riksarkivet laga ei virtuell utstilling med tema folke- og boligteljing ved dei siste tre århundreskifta.

10.03.2001
bulletMe arbeider med ei feiring av forfattaren Jon Moe sin 80 års dag (som er 25. august). Det blir ulike arrangement i juli, rett før olsokstemnet. Me kjem tilbake med fleire detaljar når det er klart.

10.2. 2001
bulletAslak Sukka kontra Kongens Majestet, avskrift av dokumenter ved Eldar Myhre.

25.1. 2001
bulletNy side med salsartiklar og oversyn over kva sogelaget har i biblioteket sitt. Vil du låna noko, så ta kontakt med oss før eit medlemsmøte, slik at me kan ta det med der.

7.1. 2001
bulletMe har laga ei side med postkort frå Suldal, og tek gjerne mot bidrag frå andre som sit på gamle postkort.

3.1. 2001
bulletÅrsskriftet vårt, "Gamalt frå Suldal" nr 2, er nå i handelen. Det kan kjøpast i dei fleste daglegvarebutikkane i Suldal, dessutan hjå Fløgstad bokhandel i Sauda, i Kvaløy og i Vadla. I Stavanger får du heftet hjå Gardum eller på Rogaland Historie- og Ættesogelag sitt kontor. Nr 1, som kom i 1999, er nå utseld, men kan lånast på biblioteket.
bulletMange segner frå Suldal er lagt ut på nettet. Daniel Hoftun arbeider dessutan med ei bok om segner frå Suldal som venteleg vil koma ut til jula 2001. Suldal Sogelag vil stå for utgjevinga.
bulletSuldal Wisconsin er tittelen på Jon Moe si bok om utvandringa frå Suldal til Suldals-settlementet i den amerikanske staten. Boka inneheld mykje informasjon om utvandra suldøler, m.a. ei liste over alle som utvandra frå gamle Suldal til USA i perioden 1849-1914.
bulletEin ivrig slektsgranskar har lagt heile Jelsa gards- og ættesoge ut på nettet. Her finn du også avskrifter frå kyrkjebøkene i Jelsa. 
bullet"Sjæleregisteret" for 1758, ei slags folketeljing som er nokså unik for Rogaland, er gitt ut i bokform av Rogaland Historie- og Ættesogelag. Suldal Sogelag har eit eksemplar av boka.

 

Suldal Sogelag blei stifta 5. desember 1997. Sidan den gang har laget vakse jamnt og trutt til om lag 60 medlemmer i dag. 

Laget sitt føremål er å fremja interessa for slekts- og lokalhistorie og kulturvern, samt å ta vare på det som er viktig for Suldal si historie og som kan fortelja om livsvilkår i Suldal gjennom tidene.

Årsskriftet vårt "Gamalt frå Suldal" kjem ut før jul og blir sendt gratis til alle medlemene. 

Kontingenten er for tida 150 kr pr. år. Familiemedlem kr 50. Du er velkommen til å melda deg inn dersom du ikkje alt er medlem. Ta kontakt med oss her, eller skriv til:
Suldal Sogelag v/Eva Songe Paulsen, Pb 118, 4230 Sand.

 

Du er gjest nummer

Hit Counter