SPIRIT - SRVBK 3-2
Onsdag kveld var det duka for det store
lokaloppgjeret mot SPIRIT. I fjor gjekk det svært bra for oss og dei hadde vel
litt å ta att i år. Med forrige kamp friskt i minne kan ein vel lett sei at
SRVBK tok litt lett på kampen i fyrste sett. Vi vart rett og slett feia av bana.
Og kor mange på laget vårt som svetta då, det veit ikkje eg, svetten kom i så
fall frå frustrasjon. For innsatsen var elendig. Skulle tru vi hadde bly under
skorne og ei potet i munnen. For alle stod dønn i ro og ingen sa nokon ting.
I pausen vart det
prata litt alvor. Og for å gjere eit eller anna foretok vi eit par innbytte.
Og.....det hjalp.
Samtlige hadde fått den sparken i rompa som trengtes for å få opp motivasjonen.
Nesten alle dei irriterande personlige feila som prega fyrste settet var borte
vekk. Og eg må vel sei utan å skryte at dette settet vart ei maktdemonstrasjon i
motsatt retning i forhold til det fyrste settet. Då var stillnga 1-1.
Kva som skjedde i
denne pausen veit ikkje eg, men no var vi tilbake til 1.sett formen. Dvs. heilt
på trynet. SRVBK syndromet (hundre poeng i feil retning på kortast muleg tid)
slo til for fult. Og før vi fekk gjort noko med dette leda SPIRIT 2-1 i sett.
Nei, dei gamle
kloke hode måtte tenke att.
Og....kan du
fatte dette. Nok ein gong hjalp det. Vi rodde dette settet i land etter eit par
halsbrekkande øvelsar på matchball for SPIRIT. Men denne gangen var det kjemping
heilt til dommaren bles. Og dette ga uttelling. 2-2 i sett.
Meir er det vel
ikkje å sei enn at SRVBK syndromet gjorde jobben i siste sett. Og snipp snapp
snute, kampen var køyrt for vårt vedkommande.
Dei gamle er
eldst. Meinar å tru at SPRIRIT har høgare snittalder enn oss.
Alt i alt så var
det kjekt å sjå at vi glimta til i to sett. Desse setta var nok årsbeste for
oss.
Desse var med:
Lars, Bjørn, Tony (King of Spain), Harald, Glenn, Øystein, Øivind og Fridtjov
:o) Fridtjov,
med gullfoten i 4. sett på matchball til SPIRIT
|