|
|
SRVBK-Skreia 3-0
På søndag morgon var det møte mot Skreia sine unge spreke spelarar. Desse har vi
tidlegare spelt mot fleire gonger med varierande hell. Så stemningen var på topp
i dag då vi stod klar for eit nytt møte mot dei. Sesongen har ikkje vore prega
av for mange gode resultat, så her var det berre å gi gass frå fyrste stund.
Laget vårt har vore varierande denne sesongen, og resultata har vel glimra med
sitt fråver kan ein sei. Og spelarstallen blir heller ikkje yngre.
Første var rimeleg greitt. SRVBK hadde høg motivasjon, og gjorde vel minimalt
med personlige feil samanlikna med tidlegare kampar. Det er vel nett dette som
har vore svakheiten vår. Andre settet greidde vi og å holde motivasjonen oppe ei
stund. Men her rakna det litt midt i kampen. Vi rota litt med oppstillingane og
det kom ein del poeng i mot oss utan at vi fekk tenkt oss om. Midt i dette fann
eit smart hode ut at ein timeout kanskje kunne gjere susen. Og det gjorde den.
Etter at vi fekk att plassane greidde vi å styre settet i rett retning.
I pausen til det tredje settet var det faktisk god. Det vart snakka om å prøve
litt kombinasjonar og sleppe seg litt laus. Vi øyna ein seier. Tredje settet
fortsatte slik som det forrige slutta, og vi greidde å få med oss viktige poeng
vidare.
Viss nokon spelar bør nemnast så er det vel Harald, han gjorde ein glimrande
jobb på diagonalen. Han fekk leike seg til tider heilt utan blokk, og det fekk
Skreia merke.
Lagoppstillinga til SRVBK: Lars, Øivind, Øystein, Tony (King of Spain), Harald,
Glenn og Fridtjov
:o) Fridtjov |
|