-=[ Strømmen & Rælingen Volleyball Klubb ]=-
 
 

  Herrer 2 div.

 

  Damer 2 div.

 
 

  Guttelaget

 

  Jentelaget

 
 

  Nyheter

 

  Linker

 

  Spørsmål?

 
 

  Bildeakriv


 

  SRVBK Styret


  Gjestebok


  Kontak oss:

   

 
 
 

Referat frå årsmøtet som vart holdt den 10. mai   

Referat frå

årsmøteT 02/03

 

Tid:                  10. mai 2003 klokka 20.00

Sted:                Lene Skogseth, Korshagen 20B, Skedsmokorset

Tilstede:           Øivind, Glenn, Dag, Phat, Fridtjov, Nina, Jeanette, Tone, Øystein, Line, Vikki, Silje, Merethe, Maia og Gitte

 

 

Saker:

1.      Konstituering
Kommentar til sak nr. 3, alle saker skal foreligge før årsmøtet. Det var ingen saker utan dei i innkallinga og møtet vart ansett som gyldig og beslutningsdyktig.

2.      Valg av referent og møteleder
Fridtjov vart foreslått som møteledar og Gitte som referent, noko som vart.

3.      Godkjenning av sakslista, evt. fleire saker
Sakslista vart godkjent.

4.      Årsberetningar
Årsberetningane vart lest opp. Ingen spørsmål eller kommentarar til desse.

5.      Kontingent, dugnadsinnsats <-> nye forslag
Det er dei samme som deltar og enkelte er aldri med. Det vart ein diskusjon rundt dette, moment som kom opp:

·         Må få tidlegare beskjed (Tone)

·         Forslag om å betale meir, og få tilbake noko når ein deltar på dugnad (Øystein)

·         Evt. dele kontingent opp i to deler (Fridtjov)

·         Arrangere turneringer som dugnader, brussalg og vaffel for eksempel (Vikki)
Det ble stilt spørsmål om potensialet på inntjening/arbeid (Fridtjov)

·         Bør ha fleire dugnadar enn  2 stk. (Jeanette, Nina)

·         Vanskeleg å delta på dugnadar pga. jobb (Glenn)

Det kom opp alternativ forslag om fordeling dugnad og innbetaling. Det vart gjort avstemming og følgande vart vedteke:

·         Medlemskontigent:    1500,-
tilbakebetaling av 500,- ved oppmøte på dugnad

·         1 dugnad

·         2 turneringar

6.      Rekruttering
Forslag om at vi bør satse meir på rekruttering. Spesielt damelaget fryktar at det blir lite spelarar til hausten. Forslag til tiltak:

·         Fange opp OSI spelarar

·         Høgskulen på Kjeller

·         Sette opp lappar

·         Samarbeid med Skjetten, spesielt med tanke på yngre spelarar,

·         Skjetten og Spirit: halltid

Det vart bestemt at det nye styret skal følge opp denne tråden. Dvs. ta kontakt med både Spirit og Skjetten for å høyre kva dei har i tankane. Eller å komme med forslag til desse klubbane som vi kunne tenkt oss.

Noko anna som kom opp var dårleg oppfølging av dei som ”stikker innom” på trening (Øivind). Forslag om å leige inn trenar med ansvar for rekruttering. Styret får handlingsrom til å bruke opptil kr. 10.000,- til dette formål.

-> Nytt styre følger opp dette

7.      Dommarkurs
Vikki informerte: Krav om at klubbane skal ha 2 godkjente dommarar. Dersom ikkje må klubbane betale for dommarar. Forslag om at vi kan køyre kurs i klubben, dette kan evt. Nina eller Robert stå for. Muligheit for alle å delta. Det vart foreslått at alle som løyser lisens må delta på dette kurset (Vikki). Det vart og foreslått at dømming skal kunne telje som å delta på dugnad (Fridtjov). Saken vart avslutta og konkludert med at vi prøver å holde kurs, der oppmøtet er frivillig.

->
Nytt styre følger opp dette

8.      Trenar, status

Damelaget: Robert fortsetter forhåpentlegvis som trenar. Blir avgjort i løpet av ei veke. Betaling av trenar kom opp og ein kan betale inntil 4000,- skattefritt (Vikki).


Herrelaget: Har ikkje trenar for neste sesong. Einigheit om at vi bør sjå etter ein som kan trene som ikkje sjølv spelar.

Forslag om at styret bør kontakte eliteklubber om spelarar der vil trene oss. Kanskje berre for ein kveld, mot eit honorar. Idrettshøgskulen kan kanskje og ha noko av interesse.

-> Øivind følger opp dette vidare

9.      Budsjett for neste sesong
Ikke fått pengar frå sponsor, blir budsjettert for neste år.
Ikkje fått pengar frå dugnadar, desse blir purra opp.


Uteståande ca. 14.000,-

Ut frå budsjettet for 02/03 så har klubben god økonomi.


Moment til neste års budsjett:

·         Økt innbetaling av kontingent, tilbakebetaling ved deltakelse på dugnad.

·         10 baller, Phat tek på seg å sponse desse

·         Rekruttering, 10.000,-

·         Innkjøp av isposer, teip, spray og liknande

·         1 legekoffert

Budsjett for sesongen 2003/2004 vedlagt.

 

10.  Valg av nytt styre

Fridtjov kunne fortsetje som kasserar.

Diverse forslag til formannsvervet, namn som kom opp: Øystein, Øivind, Glenn og Fridtjov.

Forslag om at styret burde vere 5 stk. med tanke på avstemming av saker i styret. Fleire kvinner må delta i styret.

Etter diverse hestehandlar består det nye styret av:

Formann:                        Fridtjov

Styremedlemmer:            Glenn
                                      Gitte
Kasserar:                                   Øivind

Sekretær:                                   Vikki

Vara:                             Nina

 

Referent:

Gitte

(oversatt og skrive på elektronisk form av Fridtjov)