Sunnmøre Historielag
Innledning

Om laget

Styret

Bli medlem

 

Sunnmøre Historielag vart skipa 17. februar 1909. Det er nok liten tvil om at unionsoppløysinga frå Sverige er ein av grunnane til skipinga av laget. Berre vel tre år etter oppløysinga hadde gått før laget kom på føtene. Det gjaldt å vise at her til lands fanst ei allsidig historie som måtte takast vare på - ikkje berre nasjonalt men og regionalt.

Takk vere "Sundmørsposten" veit me ein god del om skipingsmøtet, som gjekk føre seg i Avholdshjemmet. Ikkje mindre enn rundt 70 personar frå heil Sunnmøre var til stades.

Sokneprest Andreas Halvorsen i Borgund hadde teke initiativet til laget, men hadde fyrst tenkt det som eit lag berre for Borgund. Gledeleg er det difor å sjå at heile Sunnmøre vart med.