Startsida Nyheter Arkiv Støtteapparat Spillerstall Sesongen 2006 Sponsorer Statistikk Historikk Linker Gjestebok
Saga - Jølster 2 - 3-0 (1-0) (Sammenlagt: 7-1)
Saga er klar for 5.divisjon neste år etter at dei vant 3-0 heime for Jølster 2 fredags kveld. Sammenlagt utklassa Saga tilslutt 4.divisjonslaget til Jølster med heile 7-1.
Saga hadde så å seie god kontroll defansivt i dag også, men Jølster uppa seg litt dei siste 5-10 minuttane av 1.omgang da dei skapte eit par store muligheter. Men ellers resten av kampen var det fint lite Jølster-laget klarte å produsere av store sjanser.
1.omgangen var i grunn veldig sjansefattig, og det var utruleg med feilpasninger fra begge lag i denne omgangen. Som i sist kamp vart det også i dag slått masse langt og det blei dermed mange tette dueller. Jølster hadde i alle fall ikkje gitt opp håpet om opprykk før kampen, for dei jobba veldig godt heile kampen igjennom. Ser vi på mest løping i denne kampen, sprang nok Jølsterlaget ein god del meir enn det Sagaspelarane gjorde i dag.
2.omgangen var Saga det beste laget, og kunne og burde ha putta 1 eller 2 mål til. Totalt sett var nok ikkje dette den heilt store kampen for Saga si side, men det er det ingen som bryr seg om no. For det viktigaste var å vinne den playoff'n, og det gjorde vi med glans.
Da gjenstår det 1 kamp igjen, nemleg kven som skal bli KM i 6.divsisjon denne sesongen. Kven Saga møter og hvor og når kampen skal gå, blir sett opp på mandag. Vinnaren av kampen mellom Eid 2 og Hafslo møter Saga i KM-finalen i neste veke ein gang. Eid 2 vant som sagt 4-0 heime i det første oppgjøret, og returoppgjøret går i Hafslo på søndag. Kven som får heimekamp i KM-finalen blir trekt.
Målscorarar for Saga i dag var Kim Solberg, Kenneth Leirvåg og Kai Vidar Nygård.
Les meir om kampen HER!
Saga - Jølster 2 Førde Stadion Fredag 29.september kl. 18.30
Da er vi klar for returmøte mellom Saga og Jølster 2. Saga har altso ein 4-1 ledelse å gå på før kampen på krøllgraset i morgen. Jølster må altso scora minst 4 mål skal dei ha mulighet til slå Saga sammenlagt, etter som Saga scora 4 mål på bortebane onsdag. Vinnaren i morgen er dermed klar for 5.divisjonsspel neste år, og dei skal spele kamp om KM-tittelen i neste veke ein gang mot enten Eid 2 eller Hafslo (Eid 2 vant 4-0 heime i første kamp).
Altso kl. 18.30 i morgen skal det avgjøres. Møt opp folkens!
Her er troppen mot Jølster: Kenneth N., Jo, Einar, Kenneth L., Geir Ove, Kelly, Endre, Bernt Helge, Bjarte N., Kim, Bjarte B., Kjetil, Bjørn Kåre, Geir Roger, Affen, Kurt Even og Geir H.
Jølster 2 - Saga - 1-4 (0-1)
Saga vant full fortjent 4-1 over Jølster 2 onsdags kveld, og har dermed eit godt utgangspunkt foran returmøte på Førde Stadion førstkommende fredag.
Saga spelte ein solid kamp defansivt, for Jølster skapte omtrent ingenting i denne kampen. Den farlegaste sjansen utenom frisparkmålet, var også eit frispark dei hadde rett etter at Saga gjekk opp i 1-0. Offensivt er det ein del å rette på til neste kamp, men på ein veldig tung å ujamn grasbane som det var i kveld blir det vanskeleg å få til noko finspel. Det vart som venta før kampen mange tette dueller og ein skikkeleg slitekamp. Det siste 15-20 minuttane av kampen var det mange slitne spelarar ut på der, hos både Jølster og Saga. At Saga-spelarane vart veldig slitne på slutten var vel litt forventa på ei så tung bane og når det i tilegg har blitt få med graskamper i år. Men at også Jølster-spelarane merka kjøre, var godt å sjå for Saga sin del:-)
No får vi berre håpe at alle spelarane er 100% restaurert til neste kamp, for det er jo kun 2 dager igjen til returmøte på fredag. Vi har eit godt utgangspunkt, men ingen må tru at dette er avgjort enda. Her trengs det full innsats fra samtlege mann i 90.minutter på fredag om vi skal beholde det gode utganspunktet. Men med samme innsats som i dag skal ikkje dette rotast bort. Time will show!
Målscorarar for Saga i dag var Kenneth Leirvåg, Stig Hafstad, Torbjørn Sunde og Jo Arne Salthammer.
Les meir om kampen HER!
Midtstopparparet Kenneth og Geir Ove spelte ein strålende kamp i dag!
Jølster 2 - Saga Skei Stadion Onsdag 27.september kl. 17.45
Da er vi klar for kvalik kamp for opprykk til 5.divisjon. Saga reiser i morgen til Skei for å møte Jølster 2. Etter som 4.divisjonslaget til Jølster hadde ingen ting å spele for i 4.div. oppgjøret mot opprykksklare Eikefjord i helga, valgte dei å spare heile A-laget sitt slik at dei kan få vere med å spele om plassen om opprykk til 5.div. med 2-laget. Til tross for at Jølster stilte med 2-laget sitt mot Eikefjord, vant like godt Jølster kampen med 3-1.
Så Saga må nok førebu seg på 2 kanontøffe kvalikkamper om det skal bli opprykk til 5.divisjon. Det blir derfor svært viktig å få eit bra resultat på bortebane i morgen som vi kan ta med oss til returkampen. Vi må nok berre førebu oss på ein skikkeleg tung kamp i morgen, siden kampen skal gå på ein veldig tung grasbane. Kondisjonsmessig har nok Jølster overtaket på oss, men mot eit ungt Jølster-lag skal vi ta dei ein del på rutinen. Siden det kommer til å bli tungt i morgen blir det nok viktig å ha mange spelarar med seg. Vi har derfor med oss ein stor tropp til kampen i morgen. Avreise vert kl. 16.00 på Firda Billag.
Her er troppen mot Jølster: Kenneth N., Jo, Einar, Kenneth L., Geir Ove, Kelly, Endre, Bernt Helge, Bjarte N., Kim, Stig H., Tobben, Kjetil, Bjørn Kåre, Geir Roger, Noralv og Affen.
I den andre opprykkskampen tïl 5.divisjon vant i kveld Eid 2 4-0 heime over Hafslo, og har dermed eit veldig godt utgangspunkt før returkampen i Hafslo som går på søndag.
Saga møter Jølster 2 i kvalik til 5.divisjon!!!
Saga møter Jølster 2 i kvalik om opprykk til 5.divisjon, etter at SFFK trekte kampane i dag.
Dei to andre lagene som speler i den andre kvalikkampen er Eid 2 og Hafslo. Eid 2 har takka ja til kvalikplassen, etter at Skavøypoll 2 har gitt beskjed til kretsen i dag at dei ikkje var interresert å rykke opp til 5.div.
Kvalikkampane ser dermed ut som følger (det er laga som står fyrst som har heimekamp fyrst):
Tirsdag 26.09 kl. 19.00: Eid 2 - Hafslo
Onsdag 27.09 kl. 17.45: Jølster 2 - Saga
Returkampane går:
Fredag 29.09 kl. 18.30: Saga - Jølster 2
Søndag 01.10 kl. 15.00: Hafslo - Eid 2
Anga - Saga - 1-11 (1-5)
Saga vant enkelt årets siste seriekamp med 11-1 over lokalrival Anga, sjølv om Saga har spelt bedre kamper i år.
No er Saga ferdig med seriespelet, men skal om sagt spele playoff om opprykk til 5.div. og eventuelt KM-tittel. Kven Saga møter i playoffen er fortsatt ikkje bestemt, men det blir truleg klart i løpet av noken dager.
Det skal spelast 2 Playoff-kampar Heime/Borte. Vinnarane av dei kampane skal spele 1 kamp om KM-tittelen. Den som får heimebane i den kampen blir avgjort etter trekning.
Vi kommer tilbake med kven vi møter og når den skal spelast når det er klart.
Målscorarar for Saga i dag var Stig H. (3), Noralv (2), Endre (2), Bernt Helge (2), Kenneth og Kurt Even.
Les meir om kampen HER!
Sjekk kampstatistikken, målkongen, kelneren, kort og Årets Sagastjerner HER.
Sjekk tabellen HER.
Sjekk når kjem måla til Saga og heime-bortestatistikk i 6. divisjon så langt i år HER.
Stig putta 3 mål i dag!
Saga - Hyllestad - 18-0 (7-0)
Saga utklassa Hyllestad med heile 18-0 tirsdags kveld, og sette dermed ny klubbrekord med største seier nokon sinne i Saga-historia. Det var fullstendig einveiskøyring mot eit mål, og Hyllestad skal vere glad det ikkje vart meir enn det vart.
Saga's største seier i serien før dagens kamp var mot Fure (12-0) i 1992 og mot San-Kam (14-2) i 1994.
Målscorarar for Saga i dag var Bernt Helge (5), Stig H. (4), Endre (3), Bjarte N. (2), Kenneth, Tobben, Geir Hoff og Kurt Even.
Les meir om kampen HER!
Saga - Hyllestad Førde Stadion Tirsdag 5.september kl. 19.00
Saga får besøk av Hyllestad tirsdags kveld. Saga har vunnet begge kampane mot Hyllestad før i år, med henholdsvis 7-1 og 8-1. Så avdelingsvinnaren er nok store favoritter i morgen også. Avspark altso kl. 19 på krøllgraset.
Her er troppen mot Hyllestad: Bjarte B., Kenneth
L., Bjørn Kåre, Kurt Even, Endre, Tobben, Bernt, Geir Ove, Noralv, Bjarte N., Geir Roger,
Kjetil, Stig H., Jo, Geir H. og kanskje Kelly.
Innbyrdes oppgjør: Saga - Hyllestad 5-1-0
Slik gjekk det sist: 8-1 til Saga (19.juni 2006)
Dale 2 - Saga - 1-5 (0-1)
Saga vant full fortjent 5-1 borte mot Dale 2 tirsdags kveld. Etter spel å sjanser burde nok seieren vert større enn det den vart.
Etter seieren i dag tok dermed Saga sin 20 strake seier på rad i serien. Vi må altso tilbake til juni fjor siden Saga tapte sist ein kamp, den kom nemleg borte mot Jølster 2.
Målscorarar for Saga i dag var Bernt Helge Nielsen (3), Kenneth Leirvåg og Kai Vidar Nygård.
Les meir om kampen HER!
Bernt putta 3 mål som spiss i dag!
Dale 2 - Saga Dingemoen Stadion Tirsdag 29.august kl. 18.30
Seriemester Saga reiser i morgen til Dale for å møte Dale 2. Avreise vert kl. 17.00 på Firda Billag.
Her er troppen mot Dale 2: Geir N., Kenneth L., Bjørn Kåre,
Kelly, Kurt Even, Endre, Tobben, Bernt, Atle, Affen, Geir Ove, Noralv, Bjarte N. og Geir Roger.
Innbyrdes oppgjør: Saga - Dale 2 2-0-0
Slik gjekk det sist: 5-1 til Saga (14.juni 2006)
Saga - Førde 3 - 3-0 (1-0)
Saga vant 3-0 over Førde 3 tirsdags kveld. Resultatet lyger nok ein del, for Saga var veldig heldig at dei gjekk til pause med 1-0 ledelse. Førde 3 hadde 3-4 gigant muligheter i 1.omgang men mål fekk dei ikkje. For det nærmaste dei kom før pause var 2 skudd i stolpen. Sjølv om Førde 3 hadde flest sjanser denne omgangen skapte også Saga nokon store sjanser. Saga hadde deriblant også 2 i treverket, men ut i fra sjanser hadde nok Førde 3 fortjent å lede ved halvtid.
2.omgang tok Saga over spelet igjen og hadde da ganske god kontroll på Førde 3-laget. Eit par store sjanser skapte Førde 3 også etter kvilen, men det var Saga som skapte klart mest sjanser i denne omgangen. Men alt i alt ut i fra 2.omgang, var nok det greit at det var Saga som gjekk av med seieren. Men 3 mål bedre var ikkje Saga bedre enn Førde 3 i dag, men det viktigaste i fotball er jo å sette sjansene du får i mål, uansett om resultatet burde ha vert noko anna.
Målscorarar for Saga i dag var Endre Navarsete, Jostein Hillersøy og Geir Roger Leirvåg.
Les meir om kampen HER!
Geir Roger med scoring og BB i dag!
Saga - Førde 3 Førde Stadion Tirsdag 22.august kl. 19.00
Saga klar for ny kamp i morgen. Motstander i morgen er byrival Førde 3. Saga har fått inn enda ein ny keeper i stallen etter at Kenneth og Roy Tore er rest til Bergen for å studere. Det er den tidlegare Jølster og Førde-keeperen Geir Nedrebø som skal vokte målet dei kampane som går midt i veka framover no. Også Geir Hoff er komt tilbake til Førde etter nokon år i Sogndal, han også vert å finne i troppen til i morgen.
Her er troppen mot Førde 3: Geir N., Narve, Kenneth L., Bjørn Kåre,
Kelly, Stig H., Kurt Even, Endre, Jostein, Kjetil, Tobben, Bernt, Stig Arvid,
Geir H. og Geir Roger.
Innbyrdes oppgjør: Saga - Førde 3 4-0-0
Slik gjekk det sist: 4-2 til Saga (26.mai 2006)
Atløy - Saga - 1-7 (1-3)
Saga vant enkelt 7-1 borte mot Atløy fredags kveld. På ei veldig ujamn og tørr grusbane der ballen spratt i hytt å pine, fekk Saga med seg 3 enkle poeng heim att. Atløy skapte eit par store sjanser i begynnelsen 2.omgang uten om målet, men det var det einaste dei skapte i denne kampen. Ellers dominerte Saga fullstendig og det var utruleg at ikkje seieren vart større. Spesielt i 2.omgang vart det skapt store sjanser på løpende band, og det var nesten umulig å klare å få med seg alle sjansene som var store nok til å notere ned(Den plagsomme "myggen" skal i alle fall ha litt av skylda til det).
Målscorarar for Saga i dag var Bjarte Nordvik (3), Stig Hafstad (2), Kenneth Leirvåg (2).
Les meir om kampen HER!
Bjarte vart kåra til "Dagens Saga-speler"!
Atløy - Saga Atløy Stadion Fredag 11.august kl. 19.00
Suverene serieleder Saga reiser til Atløy fredags kveld. Avreise vert kl. 16.30 på Firda Billag.
Her er troppen mot Atløy: Roy Tore, Narve, Kenneth L., Bjarte N., Bjørn Kåre,
Kim, Kelly, Jo, Einar, Bjarte B., Stig H., Kurt Even og Geir Roger.
Innbyrdes oppgjør: Saga - Atløy 5-0-0
Slik gjekk det sist: 3-0 til Saga (26.mai 2006)
Saga - Anga - 9-1 (5-0)
Saga vant 9-1 mot byrival Anga tirsdags kveld. Saga gjekk raskt opp i 1-0 ledelse i begynnelsen av kampen, men etter scoringa skapte faktisk Anga fleire store sjanser uten å klare å omsette dei i mål. Etter dei første 30.min. var Saga heldig som lede med 1-0, noko som vi kan takke keeperdebutanten Varpe'n for i dag etter fleire glimrende redninger. Men når ikke Anga klarte å ta vare på dei store sjansene dei fekk da, tok Saga fullstendig over kampen igjen, og avgjorde da kampen på dei siste 10-15 minutta av omgangen da dei sette inn 4 mål på 7 min. Dei siste 15 min. av 1.omgang var det veldig mange fine angrep fra Saga si side, og ballen gjekk som den skulle.
2.omgang vart igjen veldig masse rot fra Saga-spelarane. Slurvete pasninger og for masse føring med ball vart det for mykje av i denne omgangen. Men til tross for litt rot i denne omgangen, skapte vi ein del feite sjanser og scoret mange flotte mål etter veldig fine angrep. Så alt i alt vart det jo 9-1 til slutt.
Målscorarar for Saga i dag var Kenneth Leirvåg (4), Stig Arvid Øvrebø, Kim Solberg, Kai Vidar Nygård, Jostein Hillersøy og Roy Tore Varpe.
Les meir om kampen HER!
Toppscorer Kenneth med heile 4 mål i dag!
Saga - Anga Førde Stadion Tirsdag 8.august kl. 19.00
Da er det slutt på sommarferien, og haustsesongen begynner igjen i morgen. Haustsesongen starter med byoppgjeret mellom Saga og Anga kl. 19 på krøllgraset tirsdag. Serieleder Saga vant den første av dei tre møta mellom desse lagene i vår med 7-1. Men det må likavel full innsats i morgen, for Anga er eit lag som alltid gjer alt når det er eit anna Førde-lag som står på den andre banehalvdelen. Den tidlegare Førde-keeper'n Roy Tore Varpe gjer sin debut i Saga-målet i morgen etter han skreiv under i sommer.
Her er troppen mot Anga: Roy Tore, Kenneth N., Geir Ove, Narve, Kenneth L., Bjarte N., Bjørn Kåre,
Kim, Kelly, Stig Arvid, Jo, Einar, Bjarte B. og Geir Roger. Kanskje Endre og
Jostein også.
Innbyrdes oppgjør: Saga - Anga 5-0-0
Slik gjekk det sist: 7-1 til Saga (23.mai 2006)
Her er eit resulatat fra vår avdeling denne runden: Dale 2 - Atløy - 7-0 (søndag)
Eldre nyheter (5 siste nyhetene) Arkiv
Hyllestad - Saga - 1-8 (0-3) 19.06.06
Hyllestad - Saga Hyllestad Stadion Mandag 19.juni kl. 19.30 18.06.06
Saga - Dale 2 - 5-1 (2-1) 14.06.06
Saga - Dale 2 Førde Stadion Onsdag 14.juni kl. 18.30 13.06.06
Førde 3 - Saga - 2-4 (1-2) 06.06.06