Rune Hesjedal: Nesten hegredikt. Anmeldt i Vagant 1998 av Hadle Oftedal Andersen
Vaksen debutant med stream of conciousness-aktige dikt om røyndomen. Og om draumen. Litt utvendig kan ein konstatera at Rune Hesjedal (f. 1952) passar inn i mønsteret til den debutantprofilen Samlaget har blitt kritisert for (av Ingunn Økland i Aftenposten, var det vel). Saman med til dømes Åsmund Bjørnstad (f. 1951, Samlaget-debut 1994) og Halvdan Magnus Hansen (f. 1953, Samlaget-debut i år) representerer han ein generasjon som med litt manglande varsemd i gymnastida kunne endt opp som denne meldaren sin far. Eller ein på min alder, då.
Draumen om det ekte.
Men kor gamle folk er kan dei nå ein gong ikkje hjelpa noko for. Og ikkje ser eg nokon grunn til å halda det imot dei, hell. I staden bør ein vel halda seg til det dei skriv. Og det er ikkje dårleg, det vil eg like godt slå fast først som sist.
Den blonde guten smiler
til ein tilfeldig turist, ei gul
gravemaskin lèt grabben kvile
mot gatesteinen, på fortauskafeen
ikkje langt frå Den Blå Stein ler
ei kvinne frå regjeringa og lèt
kvitvinsglaset fylle for tredje
gong: I denne formiddagstime
er Bergen unplugged utan
silikon, det umogelege eksisterer
i beste velgåande, vitskap er
blitt til vrøvl, ei ro strekker
seg like til botanisk hage
Dette er Hesjedal sin måte å skriva på: Stream of conciousness-aktig på eit vis, sidan observasjonane kjem etter kvarandre utan nokon poetisk konsentrasjon kring det eine elementet, det eine ordet. Men samstundes med ei avgrensing, ei innsirkling av diktets situasjon.
Sjølve skildringa strekk seg ut frå området midt i Bergen sentrum, fråplassen ved Den blå steinen (eit kunstverk, ein flat stein der folk plar avtala å møtast) og uteserveringane (Maxime og, meir truleg i høve til regjeringskvinna, Logehaven), og endar opp i den botaniske hagen, som ligg på Nygårdshøyden, høgdedraget like bak.
Innanfor denne avgrensa horisonten går det føre seg ei oppbremsing, ei oppløysing av den målretta handlinga som menneska sin måte å vera på. Guten smiler til ein "tilfeldig" person, regjeringsdama drikk endå eit glas vin i staden for å regjera, gravemaskina står ubrukt. Og munnen blir brukt til smil og lått, ikkje til ord.
I denne situasjonen er det altså at kjensla av det ekte, og av roa senkar seg. Ein situasjon me vel alle kan kjenna oss att i, og som me på ein endefram og tilforlateleg måte blir presenterte for. Men så enkelt er det nok likevel ikkje. For om me ser nærmare etter, så er det noko anna som ligg latent her: At Bergen er "unplugged" og "utan silikon" er nå så si sak, som uttrykk for det som ikkje er tukla med. Tidstypiske uttrykk, sogar. Og der ligg vel noko av problemet: Som MTV unplugged-serien, med akustiske konsertsett, som programmet Silikonfrisone, er sommarformiddagen i bysentrumet ein konstruert ærlegdom, ei fiksjonalisering av det urørte og eit blendverk for menneske med behov for å løfta opp beina og seia til seg sjølv at dei har ro i sjela.
Dette er underbygd på mange måtar i diktet. Turisten er åpenbart ute på ei komersialisert oppleving. Gravmemaskina kjem til å byrja å grava igjen. Regjeringsdama må snart tilbake til Oslo. Og den avsluttande par-oppstillinga med vitskapen som vrøvl og roa i den botaniske hagen, understreker nettopp inntrykket av Bergen sentrum som ein idyllisk hage, eit planta og planlagt stykke oppleving.
Slik får diktet eit dobbelt lag, ei spenning mellom overflatas ro og den underliggande motsatsen. Og dette er også uttrykt på det språklege planet, i møtet mellom dei enkle observasjonane og det klassiske klisjéspråket: "tilfeldig turist" er ein allusjon. At gravemaskinen "let" grabben "kvile" er svært uoriginale besjelingar gjennom verba. "I denne formiddagstime" utan bestemming er svulstig nok, og heile formuleringa "det umogelege eksisterer i beste velgåande" er langt over haugen.
Så langt dette einskilde diktet, som etter mitt syn må føra fram til følgande foreløpige konklusjon: Det språklege medvitet, som tangerer dei meir "innhaldsmessige" sidene, og som ikkje bryt med diktets lydlege schwong og eleganse når ein les det, saman med evna til å skapa interessante spenningar i det tematiske, fører Hesjedal ut av menga av mørkeskyttarar og - nettopp: - tilfeldige turistar i den norske lyrikken.
Person i staden for stemme
Idyll-undersøkinga frå diktet ovanfor finn me òg att seinare i boka, i ein av dei kortare og mindre springande tekstane:
Nesten hegredikt
Der elva vidar seg ut, der vassmolekylane
får kvile litt i si evige ferd mellom land og
hav, hav og land, har vegkontoret
murt ein rasteplass. Og ingeniøren seier
til si Solveig: - Her hadde det nesten passa
med ein sånn fugl
som berre står og står
Her, i bokas titteldikt, er det på ny noko på spel som har med det vakre og det fabrikerte, med det museale og det eigentlege å gjera. Ingeniøren og rasteplassen minnar i alle fall meg om arkitekten som flyttar inn i sin "eigen" bydel i Dag Solstads Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige, og kastar kanskje eit nytt lys over regjeringsdama i bergensidyllen ovanfor.
Men om ein ser nærmare etter, så etablerer ikkje denne samlinga noko samanhengande laup eller ei heilskapleg fortelling. I staden er det, på same måte som i dikta ovanfor, ein situasjon me blir presenterte for om me les boka på tvers. Eller kanskje rettare: eit perspektiv. Dette perspektivet ligg hos ein vaksen mann, ein lærar frå Arna ved Bergen. Og jamvel om det ikkje alltid handlar om han, så er det han som fører ordet.
Dikta har med andre ord ei stemme. Og det er det jo eigentleg ikkje noko uvanleg i. Men det eg finn besnærande ved denne boka, er at stemma på sett og vis utvidar seg. Jo meir ein les, jo meir står det fram eit menneske av desse sidene. Og dét er ikkje så vanleg som ein gjerne skulle tru. For mykje av dagens lyrikk er anten så skriftorientert eller så abstrakt at stemma forblir kroppslaus gjennom heile boka. Eg likar godt slike dikt også, bevares. Men eg likar dette òg: Ei forankring i stad og rom, ei konkretisering og ei materialisering av eit subjekt som gjer seg synleg gjennom skrifta, og ikkje berre i henne.
Ein bil har kjørt forbi
buksene klistrar til kroppen, programmert
av Gummitarzan og smitta av fluorsivilisasjonen
har barn meir enn nok med å leve ut profetane
sine sjeler, sola blinkar i vasspyttane
når dei med hòl i støvlane leverer kornetten
tilbake og feirar til ti over halv leggetid med
å spele for komponisten med pinne og
sola går ned bak garasjen, månen kjem
fram bak victoriatreet, kor gammal er gammal
musikk, kvifor skulle gud gi godt vêr
på fisketuren når han har meir enn nok med
ukeslutt NRK P1, skulebarn har kynnarar
under sydvesten lenge før ferien og tenker
på nakenbading utan vatn og fange
småkryp med håv for å bli riktig
klok, pantar flasker for far, har
halvsøsken på alle kantar, det angar
svakt hy enda mor alltid prøver å
bu nær skulen
Her meiner eg ein debutant av Hesjedals støyping har noko viktig å bidra med. Gjennom sin tydelegare tilgang på ein horisont, på ein heilskap og ein eigen individualitet, kan han - som i dette diktet - nærma seg ein lyrikk som ikke er bortvend "poesi pure" (med utanlandsk uttale, ikkje norsk!), men som i staden held på eit individ-orientert uttrykk som samstundes er forankra i røyndomen. Og slik skriv også dei to andre, vaksne Samlaget-lyrikarane eg nemndeinnleiingsvis, i ein åpnare og på sett og vis mindre forfengeleg lyrikk enn mange av dei yngre og meir "interessante" forfattarane soknar til.
Politisert dikting.
Når eg legg så stor vekt på å få forklart dette med den konkrete forankringa, så er det ikkje berre for å få komma med mitt eigentleg åpenbare poeng om at lyrikk kan vera mange ulike ting, og at det er like latterleg å kritisera ei diktsamling som denne for ikkje å vera meir eksperimentell, som det er å kritisera dei klassiske platene på Akers Mic for ikkje å vera trip hop.
Nei, det er mellom anna også for å få komma til mitt eigentlege sluttpoeng i høve til denne diktsamlinga spesielt, det som er så overmåte merkeleg og paradoksalt i høve til det eg nett sa om den personlege fokuseringa: Dei er jo djupast sett politiske, desse dikta me har sett på. Dei krinsar kring draumar og opplevingar, ikkje minst om draumar om den saleggjorte og ubesudla eksistensen. Og dei gjer dette med tydeleg åpning inn mot dei som kontrollerer liva våre og draumane våre - anten dei er politikarar, ingeniørar, skulemusikken eller NRK.
Og dette er kanskje ikkje så rart når ein tenkar på at Hesjedal biologisk høyrer til same generasjonen som til dømes Inger Elisabeth Hansen (f. 1950), forfattarar som debuterte i slutten av 70-åra. Og det er i så måte gledeleg å kunna konstatera at hans kanskje generasjonsstyrte interesse for den politiserte røyndomen ikkje fører han over i den agitatoriske sjelløysa som ein vel i dag kan tillata seg å kritisera ein del av diktbøkene frå den tida for.
Så Rune Hesjedal er det med glede eg ønskar velkommen til den publiserte verda. Betre seint enn aldri! Og eg gler meg til fortsettinga.
Hadle Oftedal Andersen