"Nesten hegredikt" 1998.

Omslagsillustrasjon: Max Ernst "Une semaine de bonté Edipe"

Rune Hesjedal debuterer med ei samling dikt prega av ein sterk og særeigen poetisk tone. Det poetiske språket i desse dikta tvingar seg fram med nødvendighet, og det er ei frekk og vaken røyst som talar med sin eigen prosodi. Det oppstår ei moderne, urban stemning som blanda med vestlandserfaringar gir seg utslag i surrealistiske sprang i språket. Det er ein trøysteslaus og uløyseleg problematikk som trengjer seg på i desse dikta, men også eit overskot av fabulerande humør, og ein frodig evne til å føre språket inn på andre vegar enn dei vante, som kastar uventa lys over dei små og store tinga som omgjev oss.

Rune Hesjedal er fødd 7. juni 1952 og busett i bydelen Arna i Bergen.