intervjuet
12. juli 2001
Brynjulf Jung Tjønn, f.1980, er ansvarlig redaktør i Jung
Forlag.
11
Eg spurte Rune Hesjedal om kva slags spørsmål han ville ha. Han svara
slik:
"Intervjuet kan foregå på nynorsk eller bokmål, det velger du. Du kan
spørre om hva du vil, dessuten om hvorfor jeg skriver poesi, om hvorfor
man debuterer i en alder av 46, arbeider jeg raskt, sent, hvor lang tid
tar det å lage et dikt for en som bruker 46 år på en bok, bruker jeg like
lang tid på neste, har du det ikke travelt, du kan spørre om poesi og
internett, den engelske versjonen av "11 kulturbydikt", om hvorfor jeg
absolutt bruker sekvenser på 11 dikt, betyr tall noe, har jeg tro på
poesi, hva med poesi og internett, hva f. er det med denne poesien,
hvorfor blir vi ikke kvitt den, hva er et bra dikt for deg....."
Det vart forslag til 11 spørsmål. Og slik vart resultatet:
1. Kvifor skriv du poesi? Fordi eg likar poesi,
fordi eg likar å utrykke meg gjennom poesi, fordi eg likar å gje avkall på
mitt språk til fordel for mitt poetiske språk. Fordi prosessen der eg
hentar diktet fram frå hjernen min er lystbetont.
2. Kvifor debutere i ein alder av 46? Naturen
har mange døme på såkalla "late bloomers". Kanskje er eg ein av dei?
3. Kor lang tid tek det å lage eit dikt for ein som
bruker 46 år på ei bok? Arbeider du raskt? Seint? Tida det tek å
lage eit dikt kan variere frå nokre veker til nokre år. Det har rett nok
hendt meg ein gong på flyet frå Torino til Amsterdam, at eg skreiv eit
dikt ned i tilnærma endeleg versjon med det same. Men eg har vondt for
utan vidare å stole på at "first thought is the best thought", og måtte
også la dette diktet passere mitt sjølvpålagte testprogram. Min natur når
det gjeld skriving er å arbeide sakte og omstendeleg, smake lenge på kvar
formulering, teste ut alternative ord, alternativ setningsrekkefølgje,
synonymer, formuleringar, linjedeling osv før eg bestemmer meg for korleis
diktet endeleg skal vere. Vil gjerne vere sikker på at ikkje det same kan
seiast på betre måtar. Og så må eg ha litt avstand til diktet før eg er
trygg på at eg har fått det slik eg ville. Høyrest kan hende kjedelig ut,
men denne type langhalm er sterkt undervurdert. "Nesten hegredikt" som
kom ut i 1998, begynte eg på i 1993. Nettpublikasjonen "11 KULTURBYDIKT"
tok meg 1 år å lage.
4. Kjem du til å bruke like lang tid på neste
bok? Meiner du 46 år eller 5 år? Arbeider med dikt jamt og trutt,
det er ein del av livstilen det, men som eg sa: Det går ikkje raskt. Å
finne fram til dei beste orda og dei beste seiemåtane tek si tid. Og så er
det mykje anna ein skal rekke å gjere i eit liv! Reknar likevel at svaret
må bli nærmare 5 år enn 46.
5. Har du det ikkje travelt? Jau. Og det har
øydelagt ganske mykje for meg.
6. Poesi og internett, kva med det? Det høyrer
vår tid til å få lagt sin poesi ut på nettet. I år 2000 var Bergen ein av
dei Europeiske kulturbyane. Mitt bidrag til kulturbyåret var å lage
nettpublikasjonen, "11 KULTURBYDIKT" der eg kvar månad la ut eit nytt dikt
med tilknytning til Bergen. Dikta hadde både norsk og engelsk versjon. Har
fått mange positive reaksjonar på det å månadleg legge ut eit heilt nytt
dikt på nettet.
7. Kva med den engelske versjonen av "11
KULTURBYDIKT"? Gjennom biblioteksjefen i Bergen kom eg i kontakt
med ein fin skotsk poet, Kenneth C. Steven. Han laga engelske versjonar av
dikta mine som eg er godt nøgd med. Enkelte av dikta er, om eg skal være
ærleg, minst like gode i hans engelske versjon som i min norske...
8. Kvifor brukte du sekvens på 11 dikt, betyr tal
noko? Nei. Sekvensen på 11 er grunna i at kulturbyåret i Bergen
varte i berre 11 månader. Nett no arbeider eg forresten med ein syklus eg
kallar "11 KULTURLANDSKAP". Trur heilt sikkert det blir fleire enn 11 dikt
i syklusen, men tal er som sagt ikkje viktige.
9. Har du tru på poesien? Ja! Sjølv om
diktsamlingar flest sel elendig, ser ein stadig at ved såkalla spesielle
anledningar vert det trive til poesien. Det er litt fint, synest eg, det
seier ganske mykje om kor viktig denne kunstforma er. Svært gledeleg er
det også at moderne poetar vert brukt.
10. Kva f... er det med denne poesien? Kvifor vert vi
ikkje kvitt han? Poesien er ikkje lett å stappe bak sofaen. I
poesien vert språket brukt på denne særmerkte, konsentrert måten som gjer
at uttrykket, når diktet er vellukka, får ein heilt spesiell nerve.
11. Kva er eit bra dikt for deg? Som eg sa: I
poesien har språket ein spesiell nerve. For meg blir diktet bra når poeten
får språkets nerve til å røre livsnerven.
Publisert 12.07.2001
|