Foto: Sture Nepstad
Anmeldelse i Dag og Tid, veke 44 1998:
Rune Hesjedal er fødd allereie i 1952, så ein kan godt seia at han har late venta på seg med å debutera. Og han har nytta ventetida vel, det kan eg like godt slå fast med det same. For her er det mange gode dikt å gleda seg over.
Nesten hegredikt heiter boka, som på ein slentrande og nærmast stream-of-conciousness-aktig måte rullar nedetter side etter side. Som til dømes her, i bokas kanskje aller beste tekst:
Den blonde guten smiler
til ein tilfeldig turist, ei gul
gravemaskin lèt grabben kvile
mot gatesteinen, på fortauskafeen
ikkje langt frå Den Blå Stein ler
ei kvinne frå regjeringa og lèt
kvitvinsglaset fylle for tredje
gong: I denne formiddagstime
er Bergen unplugged utan
silikon, det umogelege eksisterer
i beste velgåande, vitskap er
blitt til vrøvl, ei ro strekker
seg like til botanisk hage
Ein enkel situasjon, ein avslappa sommarføremiddag på uteservering i nærleiken av Ole Bulls plass i Bergen sentrum. Og sjølve teksten er jo eigentleg enkelt bygd opp, faktisk som ein klassisk sonett, med konkrete observasjonar i byrjinga, fram til kolonet, og meir overgripande refleksjonar mot slutten.
Og det er altså idyllen, den urbane roa det handlar om. Menneska smiler og ler, det er ingen som driv med støyande anleggsarbeid, sjølv politikarane har teke ferie. I denne situasjonen er det at den som fører ordet konstaterer at vitskapen er vrøvl og at det umogelege er mogeleg: formuleringar eg til saman oppfattar som ein påstand om at det ikkje er den kalde kunna, men derimot den kjenslemessige opplevinga av heilskap og harmoni som tek over.
Men. For det er eit men her. Det får me signalisert allereie i rytmen til slutt i diktet, der den mest harmoniserande rytmen ville oppstått med ei noko anna linjedeling: "Ei ro strekker seg / like til botanisk hage". Dét hadde gjeve diktet ei rytmisk stadfesting av den roa som blir proklamert. Og dette men-et har med noko skurrande under overflata å gjera, med noko som ikkje er heilt som det burde.
Stikkorda her er, så vidt eg kan sjå, "unplugged" og "botanisk hage". Unplugged-konsertane på musikkanalen MTV, dei akustiske setta er meinte å vera meir nakne og ekte enn vanlege, elektriske framføringar. Og ved å knyta an til dette peikar Hesjedal mot det openberre i at sommaridyllen i Bergen sentrum er ei iscenesetting, at Bergen sentrum på same måte som den botaniske hagen er eit lite område med planlagde og kalkulerte opplevingar av det naturlege.
Det som imponerer meg med eit dikt som dette, er kanskje først og fremst den totale kontrollen forfattaren har over materialet sitt. Innhaldet og uttrykket smeltar saman, det som i utgangspunktet ser slentrande og tilfeldig ut, viser seg med nærare ettersyn å vera grundig gjennomarbeidd og velfungerande. Så det er ikkje berre ein vaksen mann, men også ein vaksen forfattar me her får eit første møte med.
Dessutan har boka, om ein les henne som ein heilskap, ein ekstra bonus å by på. For gjennom summen, totaliteten av desse tekstane veks det fram ein personleg horisont. Denne horisonten tilhøyrer ein godt vaksen mann, truleg ein lærar, busett i Bergens-området. Og gjennom tekstane blir me etter kvart gjorde merksame på kor denne mannen står i verda, og kva perspektiv han har på henne. Så boka er ikkje berre boren oppe av ei poetisk røyst, men i tillegg av ein poetisk person. Og dette er i seg sjølv så oppsiktsvekkande og godt gjennomført at eg ikkje vil nøla med å utropa Nesten hegredikt til ein debut langt utover det vanlege. Ypparleg, rett og slett.
Hadle Oftedal Andersen