SMÅNERVØS OG HALVURBAN AKEVITTPOESI

Som gode små drammar skal dei vere, dikta til Rune Hesjedal. Råstoffet hentar han frå Bergen og Arna.

Bergens Tidende august 1998. Tekst: Britt Sørensen, foto Rune Sævig.

Ikkje dermed sagt at han driv heimstaddikting om byen. Eller om Arna. Meir slik at det er herifrå dei poetiske bileta kjem. Det er jo her han lever. Det er i dette landskapet inntrykka byr seg fram. Dikta i seg sjølve ser han på som kommentarar til vår tid slik den er hos oss nett no.

- Språket mitt plukkar opp vendingar frå så ulike hald som leiaren i BT, utanrikskronikkar - artiklar, fjernsyn - det språket som nyttast no på slutten av 90- talet, sydd saman til dei dikta eg vil, seier Rune Hesjedal.

Røynd debutant

Nesten hegredikt heiter samlinga han no debuterer med på Samlaget. Og forfattaren kan godt kallast "nesten debutant". Då Rune var elleve år gav faren han ei bok med dikt av Halldis Moren Vesaas. Det opna augene for at lyrikk kunne vera noko anna enn meir bundne vers. Rune skreiv sitt første dikt, og gav seg ikkje med det, men fortsette å skrive til han var i 20-åra. Då fekk utdanning forrang framfor dikting. Hesjedal vart gartnar i staden for poet. Men då 40 -årsdagen vel og vakkert (?) var passert, henta den noverande driftssjefen ved Grøn avdeling i Bergen kommune fram sine gamle talent. Fleire dikt vart gitt ut på eige forlag. I fjor var han med i Kolon sin antologi Nye linjer.

Smånervøs og halvurban

Og no, 46 år gamal, er han klar med si heilt eigne diktsamling av det forlaget på vaskesetelen kallar "lett nervøs, halvurban poesi der Bergen er unplugged".

- Kva tyder det?

Poeten svarar: Noko av det viktigaste med det urbane er anonymiteten. Om Bergen i så måte er meir enn halvurban kan diskuterast. Det som særmerkjer bergensarane er mellom anna ein sterk identitet til sjølve byen, men og til bydelen dei bur i - der dei ikkje er anonyme.

- Og tittelen, den kan tolkast som ein leik med den tradisjonelle norske naturlyrikken?

- Ja, det kan den. Men dikta mine har også ein forankring i naturen. Samstundes er dette "nesten" eit sentralt omgrep for poesien. Skal ein skrive om noko absolutt, får ein heller skrive sakprosa.

- Kva vil du med dikta dine?

- Eg likar å skape noko som er mitt. Poesien er mi gate. Ei bok er ein skulptur i bokhylla, eller boklandskapet, eg hadde lyst til å lage min eigen skulptur. Eg er særs nøgd, i alle høve med omslaget. Eg sytte sjølv for at det vart akkurat sånn, seier han og kikkar smilande på Max Ernst-illustrasjonen "Une semaine de bonté Odipe" med sine fuglehovudmenn.

Eit anstrøk surrealisme

- Dei siste åra har eg jobba med dikta på ein annan måte enn før. Gjort dei lengre enn tidlegare, og med eit anstrøk av surrealisme. Men eg vil framleis ha dei konsentrert i forma, eg likar denne type akevittpoesi. Eit dikt skal vera som ein god dram. Samstundes er det viktig for meg ikkje å flørte meir med surrealismen enn at den som les dikta mine meir enn ein gong skal få med seg det eg meiner, seier Hesjedal.

Som her, smak sjølve:

Den blonde guten smiler

til ein tilfeldig turist, ei gul

gravemaskin lèt grabben kvile

mot gatesteinen, på fortauskafeen

ikkje langt frå Den Blå Stein ler

ei kvinne frå regjeringa og lèt

kvitvinsglaset fylle for tredje

gong: I denne formiddagstime