|
|
Eg he bare skrivd veldig grovt det som eg he vori med på, på turen, og det er ikkje det mest spennande å lese vil eg tru. Delte det inn i tri sider så sidene ikkje skulle bli alt for lange. Turen min var veldig bra, blei kjent med veldig mange nye folk, og eg traff au på mange som eg kjente frå Universitetet. Mange som skulle heim til jol og som var ute å reiste nå før dei reiste heim.
Etter
den lange tog turen kom eg da endelig til Adelaide, og det var godt å få
strekt litt på beina igjen. Hadde bare ei overnatting her så det var ikkje så
stort eg rakk å gjere, men eg fekk då sett byen og stranda. I tillegg var eg
innom eit hai museum og kikka litt, såg bl.a. ein video av hai angrepet på
Rodney Fox. Nesten sø eg mista lysta på dykke, men bare nesten. Dei hadde
utstilt dykkardrakta han brukte når han blei angrepi og sø hadde dei laga til
ein voks figur av han etter angrepet som såg veldig ekte ut. Det æ ikkje
sikkert alle huskar det, men historia he vert vist på tv heime. He ikkje sø
mykje meir å fortelje der i frå, men det var ein kjempe fin by eigentleg. Neste
dag reiste eg vidare med buss og kjørte langs Great Oceane Road ned til
Melbourne. Først så kjørte vi litt inn i landet for å sjå på ein national
park, ein park som stort sett bestod av bush landskap. Etter å ha overnatta i
ei gamal hytte like i utkanten av bushen kjørte mi tilbake til havet og starta
på turen mot Melbourne. Langs havet så var det masse forskjellige stein
formasjonar som mi stoppa og såg på, var bl.a. innom ei fin grotte og litt
slikt. Og sjåføren viste om ein stad der det var mange koala bjørner, så han
køyrde oss ditt slik at mi fekk sett dei. Det æ faktisk ikkje sø lett å sjå
ville koalar her, sø det blei fyrste gonga for meg. Ellers sø var mi innom
Australias mest populære surffe strand, Bells beach, og det var stort sett det.
I
Melbourne he eg vert før og he fortalt litt om tidlegare, det som eg gjorde nå
som eg ikkje gjorde seist var at eg var bortom formel-1 traseen og kikka litt nøyare
på den. Og så var eg innom casinoet der, verdens nest største casino. Kunne
like godt ha sagt at det var verdens nest største gamleheim, for det var nesten
bare gamlingar som spila der. Korleis det gjekk med meg der fær eg nok halde
for meg sjølv, blei ikkje veldig mykje rikare. Frå
Melbourne gikk turen vidare opp i Snowy Mountains i retning Sydney. Dette blei
ein kjemp bra tur, sjåføren var i ei klasse for seg sjølv. På vegen opp til
fjella køyrde mi forbi ein innsjø som hadde ei lita øy, og på den øya
krydde det av ein av Australias giftigaste slangar. Fekk dessverre ikkje tatt
bilde av dei. Landskapet oppe i fjella der var veldig fint og det var mange kveg
farmar der. Dei fleste dreiv på gamle måten, som cowboyar med andre ord. Litt
tøft å sjå på når dei samla dyra, og så hadde dei rodeo der. |