|
|
Eg he bare skrivd veldig grovt det som eg he vori med på, på turen, og det er ikkje det mest spennande å lese vil eg tru. Delte det inn i tri sider så sidene ikkje skulle bli alt for lange. Turen min var veldig bra, blei kjent med veldig mange nye folk, og eg traff au på mange som eg kjente frå Universitetet. Mange som skulle heim til jol og som var ute å reiste nå før dei reiste heim.
Reisa
mi starta på ein måte i Alice Springs, den fyrste dagen min der brukte eg bare
til å rusle rundt i byen og kikke. Tok turen innom eit reptile senter som var
der og fekk sett litt på Australias mange rare dyr. Med det same eg kom innafor
døra så kom eigaren burt til meg med ein svær pyton slange rundt halsen og
lurte på om eg ville ta bilde av den, ja ja tenkte eg, kan alltids ta bilde av
slangen din eg. Sø eg svarte ja og før eg viste ordet av det sø stod eg med
slangen hans rundt halsen og han med kameraet mitt og sa smil, smil. Var litt
skeptisk i starten men det gikk fort over, sø nå he prøvd det au. Den fyrste
natta delte eg rom med to danskar, og han eine hadde vert ein del i Noreg og stått
på ski. Han likte ikkje det at nordmenn påstod at danskar ikkje kunne stå på
ski, sø han hadde det danske flaget på hjelmen sin før å vise at ein danske
kunne stå på ski. Då kunne eg ikkje la vere å glise og takka han for at han
hadde advarsel merke på hjelmen sin og at det burde resten av de danske
turistane au ha. Neste
dag bar det ut i villmarka/ørkenen med destinasjon Ayers Rock, på turen dit
var mi innom forskjellige stader bl.a. Kings Canyon. Verdens eldste canyon,
samanlikna med Grand Canyon så er den liten, men den var da ok. Etter mange
timers kjøring kom vi fram til steinen (Ayers Rock ) og fikk med oss
solnedgangen over den. Vi campa ca ein times kjøring frå steinen, og vi låg
under open himmel ute i villmarka. Det var forresten kjempe fint, eit av dei
beste minna frå turen faktisk. Det var ikkje sø ille med krypdyr heller som eg
var redd for at det skulle vere, det var faktisk bare to gonger eg måtte ta ut
eit par svære hårete kryp av soveposen. Krypa æ litt større og eklare her
enn heime. Etter ein god natts søvn reiste mi grytidleg bort til steinen for å
få med oss soloppgangen, utrulig fint å sjå alle tinga forandre farge. Det
beste av alt var at eg stod på toppen av steinen og såg på soloppgangen. Når
mi skulle reise frå steinen kom to iguannaer (øgler) krypande fram frå gjømmestadane
sine, bare tre meter unna meg, dei ville ut å sole seg litt. Den største av
dei var over 2meter lang og heldigvis så hadde dei ikkje lyst på frukost. Det
æ sikkert ein del som he høyrt at du ikkje skal klatre på steinen fordi den
er hellig for Aboriginal folket, men det er ikkje heil rett. Det som er, er at
dei ikkje vil at folk skal dø på steinen, for da føler dei seg skyldige fordi
det er dei som eig steinen. Og når ein person dør der sø må alle
Aboriginerene reise bort frå steinen og kan ikkje komme tilbake på ein månad.
Det er masse meir au, men dette er hovudgrunnen. Og det er faktisk ganske mange
som he død på steinen, anten fordi dei he ramla ned eller fordi dei he fått
hjerteinfarkt. Det æ faktisk flest som he død pga. hjerteinfarkt, for det
ikkje bare bare å klatre opp til toppen. Det er 1,6 km til toppen og dei fyrste
500meterane he ein stigning på litt over 45 grader! Du skal med andre ord vere
litt i form. På veg tilbake var mi innom ein ana stein som var meir hellig og
der fekk mi ikkje lov til å gå rundt ein gang. Etter
villmarksturen hadde eg ein rekreasjons dag i Alice Springs før eg hoppa på
toget ned til Adelaide. Den tog turen var kjedelig og lang, brukte 20 timar, og
toget kjørte aldri fortare enn 70km/t. Når du tøffar avgåre i sniglefart på
sletter som er så lange at du ikkje ser neste sving fordi jorda er rund så
blir ein litt lei etter kvart. Det æ utruleg stort her og når du er ute i
slettelandet/ørkenen så ser du ikkje ana enn at jordkloden rundar av i
horisonten. På enkelte bilvegar sø er slettene sø lange at det tek meir enn
eit kvarter frå du ser ein møtandes bil til du passerer den når du kjører i
100km/t. Med andre ord ei lang slette. |