|
Her kjem ei lita skildring av reise planane mine før eg reiser heim til gamle landet. He au laga til eit lite kart som viser reiseruta mi, det inneheld ein del info. om dei forskjellige plassane eg skal besøke, det er bare å trykke på dei markerte stoppestadane. Men eg he ikkje utforska alle sidene eg he linka til, sø eg veit ikkje om alle æ sø veldig bra. Trykk her for å sjå kartet
Som sagt så reiser eg heim til jol, sikker ein del som lurar på om eg ikkje æ heilt med mine fulle fem, inkludert meg sjølv. Det held med eit halvt år her for meg, æ ikkje heilt fornøygd med valga eg he når det gjeld skulen (både med tanke på hovudoppgåve og fag). Men ellers så er det heilt topp å vere her, billig mat å drikke og varmt ikkje minst. Men nok om det, tenkte eg skulle skrive eit par ord om det eg skal finne på før eg reiser heim. Eg he siste eksamen den 20 November, med andre ord så he eg fri i frå då og til eg reiser den 25 Desember. Helga 22-24 Nov. skal eg å Robert ut på dykketur med Big Cat Reality, same båten som mi he vøri ute med før. Men denne gangen håpar mi på å få sett litt større fiskar enn seist gang, med litt flaks kan det hende at mi fær sjå "Manata rays". Rokke liknande sak med eit "vingespenn" på ca.4m. Mi æ tilbake i Brisbane på Søndags kvelden og alt på Tirsdagen reiser eg ut på min lisle Walk about, grovt rekna så skal eg tilbake legge 7000 Km i løpet turen. Norge på kryss og tvers, nord og sør og endå litt til. Eg startar turen med å fly frå Brisbane kl 05.05 til Alice springs som ligg omtrent mitt i landet. Der skal eg bruke fire dagar på å utforske forskjellige ting, skal vere med på ein adventure tur der. På den turen skal mi køyre rundt i området rundt Alice springs, skal sjå på Ayers rock, Kings canyon og Kata Tjuta (olgas). Skal ligge i telt uti ørkenen der og det kan jau bli litt spennas. Æ ikkje sø altfor glad i alle krypa som æ her. Vidare frå Alice springs skal eg ta tog ned til Adelaide, ein avstand på 1533Km. I Adelaide he eg blitt fortalt at det ikkje æ sø mykje spennande å sjå på, at det bare æ som stor byar flest. Og eg æ ikkje akkurat sø veldig interessert det, he du sett ein he du sett alle! Men det eg hadde håpa på mens eg var der var å fått vært med ut å dykka i bur og sett på kvithai, men det kosta godt over 1000$ sø eg droppa det. Derfor blir det bare ein dag her, før eg reiser vidare. Frå Adelaide ber det vidare med buss nedover langs kysten i retning Melbourne. Skal køyre langs Great Ocean Road, pluss at det lagt inn eit par avstikkarar inn i landet. Frå Adelaide til Melbourne æ det ca 730Km, men eg ska ikkje ta den strakaste vegen så det bli ein lang buss tur, den tek eit par dagar. Denne delen av walk about'en min bli nok ikkje den mest spennande, ska bare vere turist. Men det æ mange ting som mi ska innom og sjå på, så ein del minner blir det vel. Når eg omsider kjem til Melbourne skal eg farte rundt å få med meg det eg ikkje fekk med seist eg var der. Skal bl.a. ta meg ein tur bortom formel-1 banen, eller gatene der dei sett opp banen i alle fall. Og så æ det eit par andre små ting, eit stort Zoo og litt slikt. Etter eit par nettar i Melbourne ber det ut på ny busstur, nå gjeng ferda opp i Snowy Mountains, ein kjempe stor nationalpark. Litt usikker på overnatting der, om det bli telt eller innandørs, men overnatting bli det. Deretter gjeng turen i sikk sakk til Canberra , Australias hovudstad før dei som ikkje viste det. Skal ikkje overnatte her, men eg skal bruke ein heil dag her for å få med meg litt av byen og det som ellers er av interesse der, før turen gjeng vidare til Sydney. I Sydney skal eg vere i fire dagar, den fyrste dagen skal eg bare vere i byen og utforske den. Den andre dagen reiser eg på ein adventure tur opp i Blue Mountains, her skal eg vere i to dagar. Den fyrste dagen skal mi køyre rundt å sjå på dei forskjellige ting som æ å sjå på der, på vegen opp dit skal eg innom å sjå på OL arenaene. Etter ei krypdyr fri natt (håpar eg) i telt reiser mi opp til Jenolan Caves, eit område i Blue Mountains med masser av huler og grotter. Skal rappelere, klatre, krype og åle oss rundt i dei ein heil dag og det gledar eg meg til. Når eg æ ferdig med detta reiser eg tilbake til Sydney, neste dag skal eg ut til Bondi Beach og bare sløve ned der før flyet mitt reiser tilbake til Brisbane kl19.00. Vist alt gjeng etter plan A, sø skal datoen nå vere 9 Desember. Frå eg kjem tilbake og fram til den 19 Desember skal eg bare bruke tida i rundt om kring i Brisbane, for det æ ein god del ting som må ordnast i samanheng med heim reisa. Men eg må vel ta meg ein tur i Zoo'et til krokodille jegeren Steve Irwin, samt få med meg nokre andre små ting rundt her. Den 19 Desember reiser mi til Cairns for å dykke på great barrier reef, skal vere der til den 23. Jolekvelden he mi ikkje planlagt enda, men at det kjem til å bli eit eller ana med strand, palmer, paraplydrink og lettklede damer ska de ikkje sjå heilt burt i frå. Etter dette æ det Home Sweet Home. That's it folks!! |