-Nyhende-

19.06.03

Jepp, null oppdateringar. Grunnar: Latskap, skule(faktisk!), og at det skjer lite rundt bandet. Me driv å leikar litt med nokre musikalske idéar i øvingslokalet, men det er for tidleg å seie endå om dette ber fruktar. MEN; Følg med, ting kan skje når ein minst anar det. Og ta gjerne ein diskusjon eller sju i gjesteboka vår!

Så ein særdeles sein kommentar til konserten me gjennomførte på Meieriet i februar. For det første; det var særdeles morro. Me gjekk riktignok på i seinaste laget sidan me var siste bandet ut denne kvelden, noko som prega både antal publikum og deira interesse. Veldig kjekt var det å sjå dei oppmøtte Systrendingane. Dei skapa iallefall bra liv framfor scena! Me spelte heilt greitt med tanke på at me hadde hatt veldig få øvingar på forhånd. Kan dermed konkludere med at dette var ei kjekk oppleving! Viser ellers til gjesteboka, der me også kommenterte konserten.

07.02.03

Først vil eg berre seie: JA, det er ein evigheit sidan forrige gang denne sida blei skikkeleg oppdatert, noko som har fleire grunnar. Den første er som alltid: Latskap!! Ellers er det ikkje så veldig mykje som har skjedd rundt bandet i haust.

Som nokre kanskje allerede veit: "The Båååv Band" har gjennoppstått! Kanskje den største gjennoppstandinga sidan Fugl Phoenix stod opp att frå aska ? Denne påstanden kan sjølvsagt diskuterast. Bandet framstår no i ei meir komprimert utgåve enn "2000-utgåva". 3 stk. : Trond på bass/vokal, Tor Ove spelar trommer for oss som sist og Sven på bråkegitar. I første omgang er det snakk om ein speling under VEKA i Sogndal. På BandStand, Fredag 14. februar, finn du Båååv på plakaten. Dette gledar me oss sjølvsagt villt til, sidan Veka er den største hendinga i Sogndal heile året. (Kanskje i konkurranse med Sogndal - Brann på Fosshaugane ;D ). Så: MØT OPP og støtt oss!! Bilettar er å få kjøpt på Meieriet, men ver kjapp, for under studentveka er det som regel stinn brakke.

01.10.02

Meiner guter Freund und "partner in crime" Trond "Thunder" Frækaland snubla tilfeldigsvis (kva veit eg) over nokre eksemplar av Tarm - EP'en. Det betyr at denne alikevel ikkje er utseld, men det fins eit særs begrensa antal endå! Så viss du trakka sopass i salaten at du sumaren 1998 ikkje sikra deg eit eksemplar av denne mesterlege framsyninga av inkompetanse, for det er akkurat det Tarm er, så bør du sporenstreks kontakte meg eller Trond ved hjelp av dei media du sjølv ynskjer. Me overdriv vel ikkje med påstanden om at denne utgivelsen har fått ein aldri så liten "semi-kult" status... Om du har forlagt det gamle eksemplaret ditt, eller er ein av dei mange skinkerytterane (les: middagskubbar, lollipopslikkar, frisør-aspirant, eurosong-fan osb.) som sit på ein kopiert versjon, så bør du tenke etter kor mykje kulare det er å ha Tarm originalt, enn ein tam kopi... Så alle som føler seg trufne; Buy a motherfucking Båååv!

26.08.02

Båååv - The Bruin Album t-skjorter er tilgjengelege for salg! Prisen er latterlige 80 kroner. Dersom ein ynskjer å skaffe seg ei slik ei, bør ein nok vere særs kjapp og ta kontakt innan koooort tid! Desse fins nemleg i eit særs begrensa opplag og forsvinn nok fortare enn du klarer å seie "Eplekaker er relativt godt igrunn, men skal eg vere 100 % ærleg føretrekk eg sjokoladekake med Tine lettmjølk". Kjøp ei brun t-skjorte i dag, bli omsverma av det motsette kjønn og bli "The leader of the pack" (som dei skrudde søstrene sa på 80-talet) i morgon.

06.08.02

I samband med plateselppet i helga, hadde me ein aldri så liten stand laurdag. Me tenkte at å selje CD og vafler måtte vere det tosknaste (strinnaste om du vil) "PR-stuntet" til dags dato. I tillegg hadde med marsipankaker. Sogn Avis dukka opp og gjorde eit interjuv som kan lesast i dagens utgåve, og dermed vart me skikkeleg skjemde ut, der me sat og såg ut som utsende frå speidaren, ikkje berre på Systrond, men i heile distriktet... Me torer ubeskjedent påstå at dette er det lammaste PR-stuntet nokonsinne.

03.08.02

Jepp, då er plata endeleg tilgjengelg. Du har no to menyar å velge i på sida, den "vanlege" og den nye Bruin-menyen. Her er det ein del info, spesielt "Persongalleri", som fortel mykje om ein del personar som går att på plata. Dette er vel ikkje akkurat naudsynt informasjon for å høyre plata, men kjem godt med for å kunne få maks uttelling av dei forskjellige idio... eh personane på plata. Skal eg vere heilt ærleg, så veit eg ikkje heilt korleis den første dagen gjekk kva salg angår, men eg trur ikkje det "tok heilt av". Uansett så er me godt nøgde med endeleg å få gitt ut denne plata. Det satt langt inne. No håpar me på at folk vil gi oss tilbakemeldingar, vere det seg på den eine eller andre måten. Gjesteboka her på sida er eit fint alternativ :) .

31.07.02

Då me gav ut "E'ru singel?" i August i fjor, tenkte me at me skulle gi folk eit påskot for å kjøpe elendigheiten... Me fann ut at alle som kjøpte eit eksemplar, skulle skrive seg på ei liste. Her skulle me trekke ut ein av dei som kjøpte, og gi dei eit eksemplar av den nye plata som på den tiden var under heftig planlegging. Det såg lenge mørkt ut for denne "konkurransen", sidan me ikkje kunne finne att lista. Denne fann me til slutt, problemet var berre at ikkje alle som kjøpte singelen, skjønte "opplegget" og skreiv seg dermed ikkje på lista. Som de skjønnar, desse hadde dårlege vinnarsjangsar...

Båååv foretok ein trekning i går, 30.07, og fekk ein vinnar som blei kontakta. Det betyr desverre at dersom DU kjøpte singelen, og ikkje er blitt kontakta, får du nok ikkje nokon gratis cd.

29.07.02

Gledelege nyhende. Me har sett "release-date" for "The Bruin Album" til fredag 2. August. Den vil iallefall vere tilgjengeleg på Music Box i Sogndal og på Leikanger Fjordkro, og me arbeidar med å finne minst ein plass til der ein kan få kjøpt plata. Følg med!

10.07.02

I og med at det er over ein månad sidan me sendte plata til trykking, og du endå ikkje held eit eksemplar i hånda, treng ein ikkje vere nokon Einstein for å skjønna at me har støtt på problem, ein heil gjeng med problem, faktisk. Eg vil berre på vegne av Båååv seie unnskyld, me jobbar på spreng med dette, (som me har gjort ei stund no) og vonar at me snart får LITT tur. Eg kjem til å komme tilbake til kva me slit/har slete med. Takk for tolmodigheiten, vonaleg finn me snart ein løysning og får dette til...

02.06.02

Endeleg! Båååv's nye plate er ferdig og blir sendt til trykking i morgon, mandag 03.06.02. Dermed er det ikkje lenge til plata blir lagt ut for salg. Går alt knirkefritt kjem ho kanskje innen ei veke, men sidan eg av erfaring veit at ting tek tid og at ein alltid kan støte på uhell og uflaks så seier eg 14 dagar, for å vere sikker.
Litt info om plata: Som dei fleste veit: Plata heiter "The Bruin Album" og er ei langspelingsplate som innheld 14 spor... Noko spesiellt meir har eg ikkje lyst å seie, sidan me ynskjer å sei minst mogleg på forhand...

17.05.02

Gratulerar med dagen, landsmenn osvosv. Nokre nye linkar lagt til.

14.05.02

Mykje nytt, mykje nytt! Nye fargar, ny meny osvosv. Likar sjølv dette nye "designet" mykje betre. Sei din meining i gjesteboka vel! Grunnen til at eg har fjerna nokre .zip filer er at dei tok for mykje plass...

13.05.02

Ikkje store endringar denne gangen, prøver ut nytt opplegg med menyen, endå ikkje funne ein tilfredsstillande løysing. Teke vekk nokre .zip filer.

24.04.02

Lagt til teksten på "Plokk opp den der, for satan i hell" frå "E'ru singel?". I tillegg har eg lagt ut dei to sangane frå singelen som .zip filer. Det vil seie at ein kan laste ned alt vi har gitt ut til no. (Kor lenge dette vil vare, veit eg ikkje akkurat no, det som er sikkert er at dette berre er foreløpig).

14.04.02

Discografidelen ny, meir info + bilder av framsidene. Lagt til nokre bilder av Trond (under "Bilder"). Du finn også eit bilete, om enn eit ganske dårleg eit, av Åstabassen under historia om åstabassen. Alle bildene scanna av Kenneth. Takk for hjelpa! Ny link: Kenneth på veven.

09.04.02

Oppdateringar i dag: Ein kan no laste ned samtlige sangar frå "Tarm". Dette er zip filer som er å finne under "Discografi". Når det gjeld discografien, så har det ikkje skjedd så mykje utsjåande-messigt, men dette kjem etterkvart...

Teksten på "Slev (Jaggu drokke før)" frå "E'ru singel?" er også å finne. Kanskje litt interresant sidan det ikkje er godt å skjønne denne teksten utifrå den svake lyden på vokalen på cd'en. "Plokk opp den der, for satan i hell" kjem snart.

Sjekk ut Biografi, scroll ned på sida til du finn noko heilt nytt; Historia om Åstabassen!!

04.04.02

Ok, grunna eksamenar og generell latskap, har det vorte ei stund mellom oppdateringane på denne sida...
Det er vel igrunn ikkje so mykje å hoppe i taket for dei oppdateringane som er gjort no heller, eg har lagt til tekstane til "Tarm".
Det er iallefall eit tegn på at eg endå er i live, og det vil komme fleire (og meir betydningsfulle) oppdateringar om - forhåpentlegsvis - ikkje so lenge.

Ellers, kos dykkar, kjære vitjarar, og hugs: Det er fortsatt fritt fram for å signere gjestboka vår, som er å finne nederst her på sida... Det at ein eventuellt har skreve der før, er ikkje av nokon betydning, vel! :)

22.02.02

Sjølv om sida har vore oppe sidan 17., er det fyrst no, 21. - 22.02.02, eg har fått opp gjestebok, bilder osv. Ergo kan ein vel sei at det er fyrst no sida er "skikkeleg".

17.02.02

Sida oppe å går! Båååv er på veven! Wooooow!