The Shifted Librarian meiner at 2005 vil bli det store RSS-året.
RSS spelar ei nøkkelrolle i 'Social software' som Furl, del.icio.us, Wiki, Unalog og CiteULike. Her vil eg ta for meg Furl, og vise litt av det som er mulig å gjere med denne programvaren.
Den basiske funksjonen til Furl er å samle bokmerke. Samstundes får du tilgang til å sjå kven andre som har dei same bokmerka og interesseområda. Og du får anbefalt nye bokmerke på grunnlag av dei du har felles med andre.
I tillegg kan du får du eigne RSS-kanalar med dei siste bokmerka dine. Desse kan du kanalisere ut i form av kategoriar, og hente inn i andre sider. I høgremenyen på hovudsida (under 'Vevrullade') er dei sju siste bokmerka eg har "furla". Her er dei siste i kategorien 'Open Access':
Bokmerke kan hentast til og frå IE og Mozilla/Firefox. Eit stort pluss er muligheten for å lage litteraturlister av bokmerka dina etter APA/MLA-standardene (eller eksportere til Bibtex!). Det fungerer sjølvsagt ikkje prikkfritt, men det ligg spennande muligheter her som bibliotekarar og studentar bør undersøke.
Eg tenkjer meg at vi kan bruke Furl eller liknande programvare til å administrere eksterne lenkjer frå rettleiinga vår.
Lagt inn av jhj dato/tid Desember 21, 2004 10:38 FM | TrackBack | Kategori(ar): informasjonskompetanse