Historie Namn i Haustreisa Hytta Haustreisa-bilde
![]() |
Bildet viser Vestre Haustreisa (Heimigarden). Om
sjølve namnet, sjå Namn i Haustreisa. Denne garden er den eldste
og vart truleg rydda i 1680-åra. I skriftlege kjelder er garden første
gongen nemnt i 1690 (kyrkjeboka). Den andre garden i Haustreisa, Austre
Haustreisa (Bortigarden), ligg på andre sida av elva. Denne vart rydda midt på
1700-talet. Gammelgarden (no br.nr. 3) vart opptatt som husmannsplass
ikring 1850. Gardane i Haustreisa ligg ca 300 m.o.h. Det er over den marine grensa. Då dei første slo seg ned her, var dette ei svært marginal busetting (og garden var også avsidesliggande). Viktigaste avgrensinga for jordbruk var nok at her ikkje var forhold for korndyrking. (Kjelde: Vefsn bygdebok, særb. IIIa) |
![]() |
Tunet i Heimigarden. Stua er bygd i to delar. Den eldste delen (t.v.) er frå 1818. Den yngste delen er frå 1930. Fjøsen er bygd omkring 1930. På bildet ser vi også eldhuset. |
Det er etter kvart samla inn bra med stadnamn frå Haustreisa. Eg har under gjort eit lite utval. Då har eg plukka fram dei namna som eg synest er dei mest interessante. Tala framfor namna viser til kartet. Til slutt har eg vist korleis namna blir uttala.
Haustreisa
Haustreisa møter ein som gardsnamn først og fremst i skriftleg
språk, og då som Haustreisa vestre og Hasustreisa østre (sjå
under historie). Men det kan godt vere at folk også seier Haustreisa og
med det meiner gardane i Haustreisa. (Også Haustreisdalen vestre og Haustreisdalen
østre har vore bruka i skriftlege kjelder.) Elles er jo både Haustreisa
og Haustreisdalen først og fremst bruka som
områdenamn.
Tydinga av namnet er ikkje heilt sikker, men sisteleddet reis er
truleg det same som i elvenamnet Reisa lenger nord i landet. Haustreisa
skulle då vere namnet på den elva som no heiter Gluggvasselva. Ordet reis
har samanheng med det norrøne verbet rísa = stige, her bruka om ei
elv som veks sterkt og brått. Tar ein så med førsteleddet, skulle Haustreisa
bli "elva som lett floner opp og får stor vassføring om hausten"
(Vefsn bygdebok, bærb. 3a). Dette indikerer at Haustreisa er eit gammalt
namn, som så av ein eller annan grunn har blitt skifta ut med eit nytt elvenamn.
Reidar Svare kom i ein avisartikkel (Helgeland Arbeiderblad, 19.10.68) inn på Haustreis-namnet. Han hadde ein
teori om at elvenamnet frå først av var Austreisa til forskjell frå elva
lenger vest i dalføret, Vesterelva. Austreisa hadde då blitt til Haustreisa
ved ei spesiell lydutvikling i språket. Viss dette er tilfelle, er det ikkje
usannsynleg at også "Vestreisa" har vore i bruk som elvenamn.
Haustreisa er eit hokjønnsord og har i dialekten fått dativforma Haustreis'n.
Denne forma er framleis i bruk (men blir i dag neppe bruka "rett" om
ein held seg til dei gamle reglane for kva for preposisjonar som kravde dativ).
![]() |
1. Heimigarden
I daglegtalen vart "Haustreisa vestre" kalla Heimigarden. Dette er den eldste garden i Haustreisa. Det veit ein frå skriftlege kjelder, men sjølv om ein ikkje hadde visst det, var det nærliggande å tru at det måtte det vere slik: Frå andre stader kjenner vi til at Heimigards-namnet er knytt til den eldste gardsbusettinga. Det har samanheng med at ordet tidlegare hadde ei meir vid tyding enn i dag, ettersom det også stod for stad eller bustad. 2. Gammelgarden
3. Bortigarden
4. Gluggvasselva
|
sikta til den tronge elvedalen". Men Kjell Jacobsen tvilar på at namnet kan vere så gammalt. Andre gjetninga er "at nybyggerne på 1600-tallet rett og slett har 'lånt' det samiske namnet på Kløbfjellet - Glunhkie - omdannet det litt og knyttet det til elva og vatna som den kommer fra".
5. Finnkøtmoen
"Landet innafor grensene til g.nr.45 Austre Haustreisa har sammen med
de tilgrensede områdene fra gammelt av vært et sentralt bruksområde for
samene. Det er derfor ingen tilfeldighet at like utom innjorda på garden, på
nordsida, finner en stedet Finnkøtmoen." Det er Kjell Jacobsen
som skriv dette under overskrifta Samiske brukere i området etter ca. 1800
(Vefsn bygdebok, særb. 3a). På denne sletta må det ha stått ei eller fleire
køter. Ordet køte er velkjent i dialekten og står ikkje berre for
ei samisk gamme. I Nynorskordboka er også tydinga "lita hytte, koie"
tatt med. Det stemmer godt med eit uttrykk eg minnest frå Dønna. Dei snakka
ofte om ei stukøtæ og meinte vel då eit lite hus. Vi kjenner også
igjen ordet i kott, norrønt kot, som ifølje Gamalnorsk ordbok
står for "kot, ringt lite hus, hytta".
Namnet Finnkøtmoen fortel oss også at dialektordet for same er finn.
Slike finn-namn kryr det av på Helgeland (Finnskogen, Finnhåjen, Finnlegræ
osv.). Eit anna namn som har tilknytning til samane, fell utafor kartet. Litt lenger
opp i elva har ein Nils-Klemsoforsen. Her skal samen Nils Klemetsen har falle
utafor og drukna.
6. Storholmen
Kartet viser at det er ei mengd med holmar i Gluggvasselva. Den største
heiter, som rimeleg er, Storholmen. Andre holmar er Olderholmen
(nærmast nord om Storholmen), Båtholmen (like sør om Olderholmen), Stillsundholman,
Bekkiholmen (ved Bekk-ia), Soleiholmen og Sauholmen (like
sør om brua). I tilknytning til elva finn ein namn som Båtneset og Båtholmen.
Det fortel om ferdselen over elva i eldre tid. (Gluggvasselva vart regulert på
1960-talet.)
![]() |
7. Øverforsen |
8. Granremgjota
Eg tar med dette namnet fordi det inneheld to ord som er svært vanleg i
dialekten – rem og gjot. Begge orda fortel om ein
landskapsformasjon, og dei opptrer oftast i samansette stadnamn. Rem blir
bruka om "en langstrakt forhøyning eller en stor og bred jordrygg"
(Halvard Lundestad i "Navn fra inn- og utmark til fire matrikkelgarder i
Vefsn"). Nokre seier at denne "forhøyninga" hallar til tre
sider, eller også – til minst tre sider. Nynorskordboka har med rime
(norrønt rimi) = langt (skogvakse) høgdedrag, jordrygg, rinde. - Gjot
(ofte skrive jot) seier Lundestad blir bruka om "en langstrakt
senkning i terrenget og som er mindre enn en dal. Kan ligge mellom to bakker
eller rygger." Nynorskordboka forklarar ordet som "liten dal ;
(langstrekt) søkk, lægd; skar ; smal grasslette mellom berg".
"Søkk, lægd" passar bra om Granremgjota (som naturlegvis ligg
like ved Granremmen).
9. Olderneset
Olderneset representerer ein type stadnamn som er vanleg overalt i
landet: Namn som er knytt til plantelivet på staden. Her er det treslaget
older, men det er notert fleire slike stadnamn frå Haustreisa: Bjørkmoan,
Granberghaugen, Granhaugen, Granremmen, Grasgjota, Heggkrullen,
Hemmulstykkjet, Kjerringrokkmyro, Kvannskogmyro, Lurmyro (lur = kvann), Møsmyro,
Seljerompo, Soleihaugen, Soleiholmen, Soleisletto, Storbjørkenget, Storbærmyro, Stortortenholo (turt: korgblomstra fjellplante med blå
blomstrar).
10. Krengelhaugen
Ordet krengel finn vi som førsteledd i mange stadnamn, og det viser då
til noko som er rundt. I norrønt finn vi det som verbet kringja
(= bøye, legge i ring osv.) og substantivet kringla (= krins, ring
osv.). I moderne norsk møter vi ordet bl.a. i kringle. Mange har også
vore og fiska i Krengeltjønnene på Granefjellet. Frå
dialekten kjenner vi eit uttrykk som "båten va kreng", dvs. at den
var lett å svinge/få til å gå i ring.
11. Forslia
Lia ovafor Nerforsen og Øverforsen heiter Forslia. Vi kan seie at
nemnet gir seg sjølv, det vil seie at eitt stadnamn gir opphav til eit anna.
Slike sekundærnamn er det mange av i Haustreisa: Granremmen og Granremgjota,
Olderneset og Oldernesbekken, Holten og Holtmyra
osv.
12. Durmålsskardet
Før det vart vanleg å bere klokke på seg, var det sola sin plass på
himmelen som varsla folk om kva tid på dagen det var. På den måten kunne ein
også halde greie på mattidene når ein var ute og arbeidde. Når sola stod
over den eller den staden, var det middagstid, nonstid osv. Eitt av måltida var
durmål, eller helst dulmål (i skriftspråk duggurd), som dei skriftlege
kjeldene plasserer til klokka 10 på formiddagen. Då stod sola i Haustreisa
over det skardet som måtte få namnet Durmålsskardet.
Ordet durmål synest vanskeleg å forstå, men er i røynda ei kortform av
dugurdmål. Dugurd som måltid er velkjend. Ordet finst i norrønt som "dagverðr"
eller "dogurðr" og tyder "dagmål(tid)"
(eller dagverd, om ein vil).
13. Kalvgarden
Ordet gard har fleire tydingar. Ei av dei er gjerde eller inngjerding
(jfr. skigard). Vi har altså her å gjere med ei inngjerding for kalvar.
14. Mølnhushola
Mølnhus (i skriftspråk møllehus) var der dei hadde bekkekvern og altså
mol kornet. Vi har å gjere med staden (hola) der mølnhuset stod. At bekken som
renn der, heiter Mølnhusbekken er berre som det skal vere.
15. Lamhola
Eg har tatt med dette namnet fordi det representerer ein type stadnamn som
er knytt til dyreller fuglar. Dei er ganske vanlege. Om Lamhola heiter det at
ein ulv ein gong tok eit lam her. Det er typisk nok, for til slike "dyrestadnamn"
er det ofte knytt segner. Frå Haustreisa finn er også notert Bjørnremma,
Kulia, Sauholmen, Stranddekksletta og Vargmyro.
16. Stranddekksletta
Stranddekka er eit dialektord for strandsnipe. Når sletta har fått dette
namnet, er det sjølvsagt fordi det ofte var strandsnipe å sjå her.
17. Gammel-Anemyra
Det seiest at myra er oppkalla etter ei kone som gjekk på legd. Ho heitte
Ane og bruka gå over denne myra. Det kan gjerne vere, for det var mange som
gjekk på legd før i tida.
Det er notert fleire slike namn som har tilknytning til personar: Andersmyro,
Jo(hn) Jonsomyro, Jolandet og Mortenmyro.
Kjelder: Vefsn bygdebok, særbind 3a
Kari Smørvik: Stadnamn i Haustreisdalen (særemne ved Mosjøen videregående
skole)
Skolebarnsamlinga ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen
![]() |
Gammelgardsforsen i vårflaumen. I bakgrunnen brua over Gluggvasselva (Gammelgards brua). |
![]() |
Hytta vår bygde vi i 1967. Ho var
ganske lita, så vi bygde på ho nokre meter seinare. - Midt på 60-talet budde vi på
gammalskolen på Halsøya (Hals skole). Då skulle uthuset
på skolen rivast. Vi såg sjansen til å få oss hytte og
søkte kommunen om å få rive huset mot å få materialane. Det
fekk vi. Og når det så var i orden med hyttetomt, gjekk vi i
gang med bygginga. På den eldste delen er bordkledninga framleis den same som den som var på uthuset på
Halsøy-skolen. Hytta står i Forslia. Ein vakker plass, synest vi. Her har vi fram gjennom åra hatt utruleg mange fine opplevingar. Så er også minna mange... Naturen i Haustreisdalen er vakker, vinter som sommar. Eller vinter som haust, for det er helst om seinvinteren og hausten vi har bruka hytta. Då er det finast å vere i Haustreisen. |
Haustreisa-bilde frå 2005 og 2006
Tekst til bilda, f.v.
Nils Klemsoforsen med roleg vassføring. - Same fossen
om våren. - "Balansepunktet" - frå Granefjellet.
- Kristin og Dag prøver fiskelykka. - Fisk på kroken.