Klassekampen 29. august 2002:
- Full oppreising
OVERVAKING: Tove Lehre, SV-politikar i Lille-hammer, har fått tilkjent 30.000 kroner i erstatning fordi ho har "lidd alvorlig skade som følge av overvåkingspolitiets virksomhet".
Av Magnhild Folkvord
- Det viktigaste er at Innsynsutvalet slår fast at den registreringa som vart gjort, var ulovleg. Det opplever eg som full oppreising, og det blir understreka av at erstatningssummen - 30.000 kroner - ligg over det som etter Justisdepartementet si rettleiing skal vera det vanlege for skade ved "instruksstridig registrering", seier Tove Lehre.
Moralsk overvaking
I Lehre si mappe, som tidlegare har vore omtalt i Klassekampen, finst opplysningar som viser at ho har vore utsett for det ho sjølv kallar ei "moralsk overvaking", med stor vekt på private forhold.
Opplysningar om både bidragssak og forliksklage hadde blitt registrerte hos overvakingspolitiet, i tillegg til ein karakteristikk av Lehre som "hedning" og spørsmål om ho kanskje brukte narkotika, sia ho ifølgje overvakingskjelda vanka i lag med ein person som var "narkotiker".
Alvorleg skade
Innsynsutvalet slår fast at Lehre har lidd alvorleg skade som følgje av overvakinga, og karakteriserer registreringa av Lehre som "hedning" og "umoralsk" som kritikkverdig.
Utvalet meiner heller ikkje at det var sakleg grunn for å registrera slike private forhold som bidragssak og forliksklage.
"Det legges til grunn at det instruksstridig er registrert opplysninger om Dem med et innhold som er av en slik alvorlig art at det griper inn i det enkelte menneskes private sfære på en graverende måte. Det legges videre til grunn at det er overveiende sannsynlig at dette har medført en alvorlig skade for Dem," heiter det i vedtaket frå Innsynsutvalet.
Jakt på "falne kvinner"
Peder Martin Lysestøl, styremedlem i Organisasjonen mot politisk overvaking (OPO), ser Lehre si mappe som eit eksempel på at overvakingspolitiet har hatt ein annan vinkel på overvaking av kvinner enn av menn.
- Førebels manglar vi systematisk informasjon om dette. Men ut frå fleire eksempel ser eg ein tendens til at kvinner har blitt overvaka på ein annan måte enn menn. Vektlegging av private forhold, seksuelle forhold og familieforhold viser ei mistenkjeleggjering på ein måte menn ikkje har vore utsette for. Det kan sjå ut til at overvakinga har hatt idear om at dei jakta på "falne kvinner", seier Lysestøl. Han meiner dette er eitt av mange spørsmål som bør takast med i det som blir gjort av forsking på dette materialet.
Tove Lehre oppmodar framleis kvinner som kan tenkjast å ha vore utsette for overvaking, om å søkja innsyn.
- Det ein får av svar, er historisk materiale som er viktig å få kjennskap til. Den som får innsyn, avgjer sjølv kva ein vil gjera kjent for andre, og kven det skal gjerast tilgjengeleg for. Det viktigaste er å hindra at det blir borte, seier Lehre.
Tal frå Innsynsutvalet viser at det har vore eit stort fleirtal menn som har søkt innsyn til no, men ingenting tyder på at færre kvinner enn menn har blitt overvaka. I fjor sommar var berre 18 prosent av dei innkomne søknadene frå kvinner. Av søknadene som har komme inn frå juli i fjor til juli i år, kom 43 prosent frå kvinner.