Klassekampen 8. mars 2002:
"... uten moralske hemninger"
OVERVAKING: - Innhaldet i mappa mi viser at det har gått føre seg ei moralsk overvaking som eg ikkje trur nokon mann har vore utsett for. Det seier Tove Lehre, Lillehammer.
Av Magnhild Folkvord
Tove Lehre, velkjend SV-politikar og Samorg-leiar i Lillehammer gjennom mange år, var med og organiserte den første demonstrasjonen i Oslo mot USA si krigføring i Vietnam i 1964. Ho er ikkje spesielt overraska over at Overvakingspolitiet har registrert denne hendinga. Men ho er opprørt over andre ting ho fann da ho fekk mappa si.
I Lehre si mappe ligg notat frå arbeidsgivaren Samferdselsdepartementet, der ho var sommarvikar i 1965.
Etter det ei påliteleg kjelde opplyser, skal ho ha vore "grei og real, men uten moralske hemninger og ble av arbeidskameratene nærmest betraktet som en hedning. Hun var ved ansettelsen gravid og la ikke skjul på at hun bodde sammen med en mann ...".
Notatet er skrive i 1968, etter at ein annan som vart overvaka, hadde besøkt Lehre på småbruket Øvre Finsveen ved Lillehammer. Politiet på Lillehammer sette i verk eit større arbeid for å kartleggja alle viktige opplysningar, og skriv til Overvakingssentralen i Oslo at Lehre "vanker sammen med X som er narkotiker og kommuniststørrelse. [ ...] Y holder det ikke for usannsynlig at hun kan bruke eller har brukt endel narkotika, da flere av hennes venner gjør det".
- Søk innsyn
I notatet frå den lokale politimeisteren blir det sagt at ho sjølv seier at ho er gift, og at faren til barnet hennar er ukjend.
- Dette er løgn. Dotter mi var eit planlagt barn, faren var stolt av henne. Eg sa aldri at eg var gift, men omtalte sambuaren min som "mannen min". Ordet "sambuar" var ikkje oppfunne den gongen, seier Lehre. Ho fortel at ho fekk ein sterk psykisk reaksjon da ho oppdaga at opplysningar av denne typen var registrert hos Overvakingspolitiet.
- Dette er ikkje politisk overvaking, men viser at dei har lagt vekt på min moralske standard. Eg har sett mappa til ein mann som har tre barn utan å ha vore gift. Der var det ikkje eit ord om mangel på moralske hemningar, seier Lehre.
Men det lokale politiet har ikkje nøydd seg med desse registreringane. Også opplysningar om bidragssak og forliksklage, ny sambuar og nytt svangerskap har hamna i Lehre si mappe hos Overvakingspolitiet.
Geriljakrig
- Det har vore eit anna perspektiv på overvakinga av kvinner enn på overvakinga av menn. Eg oppmodar på det sterkaste alle kvinner som kan tenkjast å ha vore utsette for overvaking, til å søkja innsyn. Berre på den måten kan vi få eit visst oversyn over kva som har gått føre seg av moralsk overvaking av kvinner, seier SV-politikaren.
Ho kan le av overskrifta "Øvelser i våpenbruk og geriljakrigføring i Lillehammerdistriktet", og at småbruket ho åtte, blir karakterisert som "særdeles velegnet til illegal virksomhet".
- Det einaste geværet som fanst i mitt hus, var det vesle brotne på jakkekragen, seier Lehre, og smiler ved tanken på den store St Hansfesten som vart førebudd på småbruket medan politiet gjorde sin "diskret observasjon" av folk og bilar som kom og reiste frå småbruket ved høgsommar 1968. Ho og sambuaren hadde nyleg flytta til Lillehammer, og ønskte å gjera seg kjende med folk dei kunne ha noko til felles med. Politiet fekk med seg at vart lånt langbord, kven som hjelpte Lehre å få dei inn i varebilen, at dei vart plasserte på låven og at "spisning foretas der".
- Men dei fekk ikkje med seg rømmegrauten. Eg hadde lært at dersom smøret i rømmegrauten skal komma fram, skal ein mana ei regle med namn på sju flintskalla karar over grauten. Vi brukte Knut Løfsnes sitt namn, og det burde vel overvakarane også ha fått med seg, seier Lehre med ein smil.
Svartelista
Lehre er overtydd at den overvakinga har vore til skade for henne.
- Fram til eg fekk sjå desse papira, hadde eg trudd at det var mangel på formell utdanning som gjorde at eg ikkje fekk nokon av dei jobbane eg søkte. No skjønner eg kva som låg bak eit ymt om "belasta privatliv", som eg fekk høyra i samband med ein jobb eg søkte og ikkje fekk, enda eg var den som hadde både best formell kompetanse og mest relevant praksis, seier Lehre.
- Eg var ein meinig "raud maur" i politisk samanheng, overvakinga av meg starta som eit ledd i at andre vart registrerte. Etter at Samferdselsdepartementet peikte på meg, og den lokale politimeisteren skulda meg for narkotikabruk, fekk eg ingen av dei jobbane eg søkte, seier ho.
Lehre vurderer erstatningssøksmål både mot Samferdselsdepartementet og Politimeisteren i Gudbrandsdalen.