Klassekampen 29. august 2003 (lang utgåve):
The Land of the Free
Etter riksdagsbrannen i 1933 vart lovverket stramma hardt inn i Tyskland. Etter 11. september 2001 har det gått raskt i USA også.
av Magnus Engen Marsdal
Den amerikanske befolkninga blir fylt med frykt. Dag ut og dag inn. Staten pøser ut informasjonsmateriell som igjen og igjen minner om 11. september. Situasjonen blir heile tida dramatisert som ein krigstilstand. Dette er eit typisk døme:
"We live in a different world than we did before September 11, 2001. [...] The Department of Homeland Security has developed a website to help you prepare for the potential threats we now face as we enter this new era of potential warfare and terrorism here at home."
På denne websida, ready.gov, er slagordet slik: "Terrorism forces us to make a choice. Don't be afraid, be READY!"
Departementet for Homeland Security vart oppretta av president Bush etter 11. september, og står sentralt i arbeidet med å gjera USA "trygt". Eitt tiltak er ein informasjonsbrosjyre om kva du kan gjera for å sikra deg sjølv og din familie. Den opnar slik:
"Terrorists are working to obtain biological, chemical, nuclear and radiological weapons and the threat of an attack is very real. [...] All Americans should begin a process of learning about potential threats so we are better prepared to react during an attack."
På heimesida får du fakta "about what might happen". Klikk på desse lenkene:
- Biological Threat
- Chemical Threat
- Explosions
- Nuclear Blast
- Radiation Threat
Og så ber staten deg om å laga ein naudpakke for heile familien. Ein "emergency kit" som gjer familien i stand til å halda ut heilt på eiga hand. Du må tenkja på:
- Water & Food (Vatn for minst tre dagar per person)
- Clean Air (Om gassmasker, munnbind og tetting av vinduer)
- First Aid Kit
Og så vidare.
Litt kan den einskilde bidra med heilt på eiga hand, men det er gjennom staten USAs folk kan finna tryggleik, kommuniserer Bush som best han kan. Staten har initiert ei rekkje tiltak for å organisera innbyggjarane til å "do some good". Her er George W. Bush, frå ein tale i Tennessee i 2002:
"You've probably got a sense of my strong feelings about the enemy. I believe they're evil. The best way to fight evil is to do some good. (Applause.) Let me qualify that - the best way to fight evil at home is to do some good. The best way to fight them abroad is to unleash the military. (Applause.)"
I denne talen opplyste president Bush at han etablerte ei rekke korps for innbyggjarane, under paraplyen USA Freedom Corps. Her har du AmeriCorps, der du kan vera lærar og "help people realize that the American experience is for all of us". For pensjonistar har vi Senior Corps. Og så har vi Vips-programmet, Volunteers in Police Service: Etter 11. september har arbeidsmengden for politiet "auka dramatisk", så Bush oppmodar folk til å dra ned på politistasjonen å hjelpa til med det dei kan. Og det gjer amerikanarane.
Men det er ikkje berre kjærleik heime i Amerika heller. For det finst ein heimefront i kampen mot terror. Så eit av dei nye Freedom Corps-tiltaka Bush skrøyt av i denne talen var Operation TIPS: Terrorism Information and Prevention System.
Fleire millionar amerikanarar skulle rekrutterast som informantar. Ein større andel av befolkning enn i øst-tyske Stasi si storhetstid, kommenterte avisene. Regjeringa omtalte TIPS som fylgjer:
"Det skal vera eit nasjonalt system for rapportering av mistenkjeleg og potensielt terrorist-relatert aktivitet. Det vil involvera dei millionar av amerikanarar som, i sitt daglege arbeid, er i ein unik posisjon til å tena som ekstra auge og øyre for lovas handhevarar. Arbeidarar, som lastebilsjåførar, bussjåførar, togkonduktørar, postbod, skipskapteinar og hamnepersonell er ideelt eigna til å bidra i innsatsen mot terror."
Postmannen altså. Dei som kjem til huset ditt, og kan fylgja med kva som skjer. Han som kjører bussen din.
Ashcroft og Bush møtte eit ramaskrik. Boston Globe omtalte Operation Tips som fylgjer, på leiarplas: "Dette er ein plan Josef Stalin ville likt."
Operation Tips vart stoppa i Representantenes hus. Det vart til og med lovfesta eit forbod mot å gjennomføra tiltaka regjeringa hadde foreslått under Operation Tips.
USAs mange mennskerettsgrupper og koalisjonar for "civil liberties" har like fullt hatt hendene meir enn fulle etter at World Trade Center gjekk ned for teljing. Det mest omstridde dokumentet er den såkalla Patriot Act, 342 sider lovverk som Ashcroft og Bush køyrde gjennom Kongressen i ekspressfart. Patriot Act vart signert berre seks veker etter 11. september. Mange kongressmedlemmar hadde ikkje lese den. Likevel gjekk dei drastiske lovendringane igjennom med 98 mot 1 røyster i Senatet.
I tillegg til Patriot Act kjem ei rekkje lover og forordningar som bidreg til å endra det amerikanske systemet i ei retning kamerat Stalin kunne likt. Her er ei kort liste over noko av det som har skjedd:
1) Presidenten har innført "militærdomstolar", som kan dømma ikkje-borgarar av USA. Rettssaka er hemmeleg, bevisa er hemmelege og dødsstraff står på menyen. Mange av fangane som blir haldne på Guantanamo-basen får lagnaden sin utlevert til dette systemet.
2) Presidenten har innført den juridiske kategorien "enemy combatant". Justisministeren, forsvarsministeren og CIA-sjefen kan stempla både USA-borgarar og andre som "enemy combatant", og slike skal plasserast i militær varetekt på ubestemt tid. Dei kan isolerast totalt frå omverda, som på Guantanamo.
3) Under Patriot Act kan forsvarsministeren stempla som "terroristorganisasjon" ei kvar gruppe som har delteke i "valdeleg aktivitet". Det kan råka Greenpeace. Det kan råka fleire av dei norske demonstrasjonane mot krig. Og ved ein streik, med streikevakter, politi og demonstrasjonar er to-tre provokatørar sendt inn for å skapa bråk alt som skal til for å kriminalisera dei aktive.
4) FBI kan gå til bokhandelen din, eller bibliotekaren din, og kreva lister over alle bøker du har kjøpt og lånt. Dei treng ikkje meir enn å visa til "mistanke". Og lova set munnkorg på den stakkars bibliotekaren. Det er straffbart for ho til og med å opplysa advokaten sin om kva som er skjedd.
5) Justisminister Ashcroft har beordra intensivert overvaking av politiske og religiøse organisasjonar. No trengst det ikkje lenger prov for noko som helst straffbart før FBI kan setja i gang avlytting, epostscanning og kartlegging av medlemmar.
Det lokale politiet gjer også sitt i kampen mot terror. 6. mai meldte Village Voice at politiet i New York frå og med fredsdemonstrasjonane 15. februar innførte eit spørjeskjema for alle arresterte aktivistar. Der vart dei spurt om slikt som: Kva grupper er du medlem av? Kva meiner du om situasjonen i Midtausten? Kvar var du 11. september? Demonstrantar vart trakassert. Dei klagde på at forhøyra skjedde i isolerte fengselsceller, at dei vart nekta mat og vatn.
All informasjonen om desse fredsdemonstrantane vart samla i ein gigantisk politidatabase. Då dette vart kjent i april, skapte det sterke protestar. Og politiet bakka. Spørjeskjemaet var ein feil, viste det seg.
Også på universiteta flyttar staten fram posisjonane: FBI har innrullert politifolk på universitetscampusar over heile USA i lokale Joint Terrorism Task Forces, meldte Washington Post 25. januar. Politiet overvakar studentar og tilsette, på jakt etter mistenkjeleg åtferd og potensiell terrorisme.
Det finst ein voksande motstand mot Patriot Act. Minst tre delstatar og 154 kommunar har vedteke protestar så langt. Men John Ashcroft lever opp til ryktet som ekstremist. Han har jobba fram ei ny og verre lovpakke, populært kalla Patriot 2. Den vart avslørt gjennom ein lekkasje i februar. Planen var truleg å driva igjennom initiativet straks krigen mot Irak var igang og nasjonen i patriotisk rus. Det vart det ikkje noko av, i fyrste omgang.
Patriot 2, som eksisterer som fullt formulert lovutkast, utvidar den allereie vide definisjonen av "terrorisme". Og straffereaksjonene mot dei som får merkelappen skal bli endå hardare.
1) Ein kvar som er med på sivil ulydnadsaksjonar a la Greenpeace risikerer å mista statsborgarskapen, også innfødte USA-borgarar. Dei kan deretter risikera å bli arrestert som ulovleg innvandrar ...
2) Organisasjonar som får terroriststempelet av staten kan umiddelbart avlyttast.
3) Slike organisasjonar kan få alle sine bankkonti konfiskert.
4) Patriot 2 opnar også 15 nye lovbrot knytt til "terrorisme" for dødsstraff. Dette er som kjent eit område der den sitjande presidenten faktisk har kompetanse.