Organisasjonen mot
politisk overvåking

Hjemmeside

Organisasjon

Historie

Innsyn

Pressemeldinger

Artikler

Hva inneholder mappene?

Dokumenter

Nyheter om OPO

Lenker

Aktuelt

Teknologi og overvåking

Artiklar

Klassekampen 14. september 2002:

Agnete Strøm til minste detalj

OVERVAKING: - Mappa mi gjer meg både sint og deprimert, seier Agnete Strøm.

Av Magnhild Folkvord

Mappa Agnete Strøm, internasjonalt ansvarleg i Kvinnefronten gjennom mange år, har fått frå Innsynsutvalet, er av dei meir innhaldsrike, i alt om lag 250 sider. Den er eit tydeleg eksempel på det Lund-kommisjonen skriv om at "Registreringen i arbeidsregisteret ved Landsdelssentral Vestlandet har vært spesielt omfattende både i tid og innhold".

Den første standssøknaden i mappa skriv seg frå 1971, og galdt sal av avisene Kamp mot EEC og dyrtid og Klassekampen. Seinare er det sommarleir, pornobål og etterfølgjande rettssak med påstand om "skadeverk ved brenning av blader og bøker".

Gjennom heile 1980-talet er det skrive samvitsfulle og grundige notat om 8. marsarbeidet i Bergen, om kven som var med, parolar og kor mange som gjekk i tog. Og tilsvarande notat om 1.maiarbeid i regi av Faglig 1.maifront.

- Det fortel at nokon har vore til stades i salen og på torget, og sørga for å gi detaljinformasjon til politiet, seier Strøm.

Mappa inneheld ei svært omfattande samling av avisutklipp, frå Bergens-avisene og Klassekampen. Her ser det ut til at prinsippet for registrering har vore "alt der Agnete Strøm sitt namn er nemnd". Dermed har overvakinga også arkivert Bergens Tidende sin omtale av såpeserien Maksværingar som gjekk på tv i 1973, der var Strøm produksjonsleiar.

Det er òg gjort notat om at Strøm var "Gjest i studio 6.6.87, der temaet var "seks i syden"".

- Her har dei kanskje både misforstått og stava feil, innslaget heitte "Sex i Syden ved fem av dem", seier Strøm.

- Ein kan synast av mykje av det som finst her, er tøvete. Men eg blir opprørt over at det er brukt pengar på sånt, og at nokon har tent til livets opphald med å driva med slik registrering.

Strøm undrar seg over utvalet av informasjon som er lagra i mappa, og spør seg om det finst noko meir som ho ikkje har fått sjå. Ho var medlem av AKP så godt som heile den perioden mappa omfattar.

- Når dei først har så mykje materiale, er det underleg at det ikkje er noko som seier meir om direkte kopling til AKP. Det er også påfallande at ei så grundig overvaking ikkje fekk med seg at eg reiste til Vestbreidda som representant for Kvinnefronten i 1983, seier Strøm.

Organisasjonen mot politisk overvåking
Postboks 628 Sentrum, 0106 Oslo