av Hans Ebbing
Spreiing av masseøydeleggingsvåpen vart for alvor eit globalt problem først den dagen slike våpen kom i hendene på folk utafor vesten. Så lenge desse våpna var eit vestleg monopol, kunne vi kjenne oss trygge. På denne bakgrunnen er det heilt naturleg, viss vi skal tru Politiets sikkerhetstjeneste (PST), at den politiske overvakinga i "krigen mot terror" konsentrerer seg om folk som ikkje tilhøyrer Vesten.
Det viser seg at Universitetet i Bergen (UiB) har assistert PST i å samle inn namn på alle sine studentar frå land utafor Schengen-området og Nord-Amerika . "Vi har ansvar for folks tryggleik," kan PST-sjefen på Vestlandet, Steinar Karlsen, fortelje oss i avisa StudVest 26. januar. UiB har etter ønskje frå PST utlevert ei oversikt over alle afrikanske, asiatiske og søramerikanske studentar til Steinar Karlsen og hans folk for at vi norskingar skal kjenne oss tryggare. Det dreier seg om 543 studentar som oppfyller kriteria for denne type overvaking.
Advokat Arild Humlen i Den norske advokatforening sitt lovutval for asyl- og utlendingsrett peikar på at dette er ei mistenkeleggjering av heile grupper av studentar og at PST ikkje kan be om slike lister utan at det ligg føre konkret mistanke. PST sin praksis - kollektiv overvaking utan konkret mistanke - er med andre ord eit elementært brot på dei prosedyrar for rettstryggleik som Det juridiske fakultet ved UiB lærer studentane sine opp i.
"Vi mistenker ingen," bedyrer den lokale overvakingssjefen til StudVest. PST overvaker altså folk utan nokon som helst mistanke, berre i alle tilfelles skuld. På spørsmålet om kvifor PST berre overvaker studentar frå ikkje-vestlege land, svarar han: "Det er ganske naturleg når vi veit korleis den globale trusselen om spreiing av masseøydeleggingsvåpen er. Vi må snevre inn."
Ganske naturleg. - Statsrasisme, er vel eit dekkande ord for slik framferd?
Kva då med UiB som hjelper PST med denne forma for sysselsetting? I følgje utdanningsdirektøren ved UiB, som sit på alle dei 543 framande namna, er ikkje UiB "alt for lukkeleg over å sende frå seg slike lister".
På spørsmålet om kvifor studentane i første omgang ikkje vart varsla om at dei vart registrerte av PST, svarar utdanningsdirektøren at "det har vi ikkje rutinar for". Sjølvsagt ikkje. Noko av poenget med overvakinga er jo at den som blir overvaka ikkje skal vite om det. På den andre sida har UiB seinare ope vedgått at ein har sendt denne namnelista til PST. Dermed er overvakingsobjekta varsla - noko som forkludrar PST sitt opplegg. Det skal utdanningsdirektøren ha ros for!
Problemet er at overvakingsorganet PST meiner å ha ein lovheimel, Utlendingslova § 45g, for å kunne krevje utlevert slike lister. Denne heimelen i gir sjølvsagt ikkje høve til å drive overvaking utan konkret mistanke. Men kva skal så PST bruke namnelistene til om ikkje til overvaking?
Som ansvarleg forvaltingsorgan i ein rettsstat har UiB i alle tilfelle plikt til å gjere ei sjølvstendig vurdering av om PST sin førespurnad om utlevering av namn på alle ikkje-vestlege studentar verkeleg må følgjast opp, dersom desse studentane sin rettstryggleik kan tenkast å komme i fare ved slik utlevering. Og kvifor berre ikkje-vestlege studentar? UiB manglar vel ikkje rutinar for rettstryggleik og ikkje-diskriminering?
Det er diverre ikkje første gong UiB engasjerer seg i overvakingspolitiet si teneste.
(Klassekampen 7. februar 2004)
|