av leiar i OPO, Erling Folkvord
Utviklinga i medlemstalet vil vise kor mange i Norge som synst OPO er viktig. Ei fordobling av medlemstalet frå dei drygt 200 før styremøtet i mars, vil vere eit steg framover.
OPO må både sjå bakover og framover. Det er ei lang rekkje uløyste erstatningssaker.
Mange av dei over 12.000 som søkte innsyn før fristen gjekk ut, har fått eller får avslag. Erfaring viser at ein klage som er godt underbygd, kan føre fram. Dette krev innsats frå OPO.
Ein stor del av jobben er enno ugjort når det gjeld å oppsummere og gjere kjent kunnskapen som finst om norsk meiningspoliti frå Kjesäter-arkiva i Sverige under 2. verdskrig og fram til Lund-kommisjonen la fram rapporten sin i 1996. OPO ser gjerne at bl.a hovudfagsstudentar vil forske på korleis meiningspolitiet heilt konkret har herja med enkeltmenneske og familiar, med full støtte frå skiftande statsministrar: Gerhardsen, Torp, Lyng, Bratteli, Korvald, Nordli, Brundtland, Willoch, Syse og Jagland. Per Borten (statsminister1965-71) er den einaste statsministeren som i ettertid i alle fall har tatt litt oppgjer med delar av regjeringas støtte til meiningspolitiet.
Statsminister Bondevik og justisminister Dørum følgjer linja med å skjule og "gløyme" over 50 år med meiningspoliti og statleg forfølgjing på politisk grunnlag. Det er verdt å sitere Gunnar Ekberg. Han var infiltratør i Palestina-arbeidet med løn frå den svenske staten. I 1996 uttalte han seg på svensk TV4 om sin eigen innsats for Mossad i Sverige, Norge og Midtausten: "Jag har inte dödat någon med egna händer. Däremot er det inte omöjligt att mina samlade uppgifter har lett til människors död."
Men for å få oppslutning om OPO er det enda viktigare at vi ser framover:
- Overvakinga og kontrollen mot innvandrarar er kraftig skjerpa. Schengen er eitt av stikkorda.
- Den amerikanskstyrte overvakinga av norsk telekommunikasjon er framleis i stor grad hemmeleg. Den nye såkalla antiterrorlovgivinga åpnar for det meste av overvakingstiltak.
- Reglane for sikkerhetsklarering i forsvaret har vorti endra i løpet av dei siste to åra, slik at rekruttar no bl.a. må svare på om nokon i nær familie har kontakt med personar i utanlandske organisasjonar som har ulovleg formål.
OPO har mykje ugjort arbeid med å informere om dei nye overvakingslovene og med å avdekke korleis Bondeviks og Dørums politiske meiningspoliti arbeider. I 1984 var fleire titals organisasjonar lista opp som ein del av "fienden" i POT sine retningslinjer. Det er ingen grunn til å tru at listene er kortare i dag, sjøl om dei kanskje er utarbeidd på ein annan måte.
Vi har eit langvarig arbeid framfor oss. Første oppgåva er å auke medlemstalet i OPO. Oppfordringa til deg er todelt:
- Bruk den eine giroblanketten til å betale din eigen 2003-kontingent, om du ikkje alt har gjort det.
- Bruk den andre til å verve ein du kjenner. Kan du verve to eller fleire, er det enda betre.
Viss vi kan klare å doble medlemstalet fram til styremøtet i juni, er vi svært godt i gang.
|