Organisasjonen mot
politisk overvåking

Hjemmeside

Organisasjon

Historie

Innsyn

Pressemeldinger

Artikler

Hva inneholder mappene?

Dokumenter

Nyheter om OPO

Lenker

Aktuelt

Teknologi og overvåking

Kan vi hindra
at storebror ser oss?

Ei permanent innsynslov ville vera eit framsteg, men kan vi tru på at dette feltet let seg lovergulera, spør forfattaren Einar Økland.

(av Magnhild Folkvord, 1. oktober 2003)

Moderne datateknologi, jus, politikk og forfattarskap gav ulike innfallsvinklar til temaet overvaking og ytringsfridom på møtet som Organisasjonen mot politisk overvaking arrangerte i lag med Forfattersenteret sist måndag.

Per Inge Østmoen frå Elektronisk forpost i Norge (EFN) åtvara på det sterkast mot den overvakinga som ligg i lagring av elektroniske trafikkdata, det vil seia dei elektroniske spora vi legg att etter oss når vi bruker epost, internett og telefon.

Økokrim er ein pådrivar for overvaking av elektroniske data, alt for to år sia vart det reist framlegg frå Økokrim om at alle telefonioperatørar skal påleggjast å lagra slike data i minst eitt år. Eitt slikt løyve vil i praksis seia at slike data kan bli lagra utan noka tidsavgrensing. Overvakinga har sin eigen logikk, ein kan aldri vita kva som kan bli vurdert som suspekt, seier Østmoen, og understrekar at den generelle overvakinga av vanleg folks datatrafikk er noko heilt anna enn dei tiltaka det kan vera vettugt å gjera for å forhindra kriminalitet.

Strippa fem gonger

Berit Ås kunne supplera med eigne erfaringar med følgjer av den elektroniske overvakinga. Ho og nokre andre kvinner som hadde møttest i Texas hausten 2002 alle vart strippa fem gonger før dei fekk forlata flyplassen i Texas.

Ein nytilsett på flyplassen var så vennleg å forklara den eine av oss at boardingkorta våre hadde fem ekstra siffer som fortalde at vi skulle sjekkast spesielt. Overvaking av trafikkdata kan forklara korleis vi som kom frå så ulike land som Columbia, Bangladesh, India og Noreg skulle få same spesialbehandling. Vi hadde kommunisert på epost, tilhøyrde same nettverk, fortel Ås.

Forfattaren Einar Økland kunne fortelja om korleis han på reiser utanlands hadde møtt representantar for utanlandske ambassadar som gav seg ut for å vera opposisjonelle og forventa at Økland skulle vera einig med dei.

Eg har aldri late meg lokka av slike invitasjonar, kanskje har eg gjort nokon urett. Men dei einaste eg har stolt på, er dei som skriv gode dikt, seier Økland.

Permanent innsynslov

Økland let sitt sitt eige tvisyn komma tydeleg fram i diskusjonen om ei permanent innsynslov.

Eg er einig i at ei permanent innsynslov ville vera eit framsteg, men eg trur ikje på at dette feltet let seg lovregulera. Dersom eg nokon gong kom i ein ansvarleg posisjon, vil eg sannsynlegvis også driva overvaking, sjølv om eg ville overvaka andre enn dei som i dag blir overvaka, seier forfattaren. ­ Eg ser også at redsla for overvaking i seg sjølv verkar negativt. Ryktet om overvaking kan verka sterkare enn sjølve overvaking, legg han til.

Juristen Jens Petter Berg argumenterte for at ei permanent mappeinnsynslov vil vera det beste tiltaket for å gi innbyggjarane rettstryggleik.

Eit viktig element i ei slik lov må vera at alle som har vore utsett for kommunikasjonskontroll må få rett til innsyn når etterforskinga er avslutta, til dømes kan Politiets sikkerhetstjeneste (PST) påleggjast å informera etter tre år. Og for at ikkje dette skal bli heilt illusorisk, må PST ikkje ha lov til å overvaka i det uendelege, seier Berg. Han understrekar at det også trengst eit kontrollorgan for dei hemmelege tenestene, at dei gruppene som er mest i dei hemmelege tenestene sitt søkelys, anten det er MC-miljø eller politiske grupperingar, bør vera representerte i kontrollorganet, anten direkte eller indirekte.

Men eg er redd det å få eit forbetra kontrollorgan kan vera enda vanskelegare enn å få ei permanent innsynslov, seier Berg.

Organisasjonen mot politisk overvåking
Postboks 628 Sentrum, 0106 Oslo