
Association d'Amitié Burkina Faso –Norvegé
|
|
NYHEITER
Årsmøte
Det var årsmøte på Sandermosen stasjon 18.juni 2006. Referat frå møtet. Det ble her
vedtatt at styret skulle konstituere seg sjølv i første styremøte. Det nye
styret og referat frå det første
styremøtet.
Æreskonsul
I juli
2005 fekk Burkina Faso ein æreskonsul i Norge, Kåre Grønli. Han har jobba
for A Better Life-senteret i Burkina Faso.
Besøk frå Burkina
I oktober (2005)fekk me
besøk frå Burkina Faso. Me inviterte Halidou Ouedraogo som er leiaren for menneskerettsorganisasjonen
”Mouvement Burkinabé des Droits de l`Homme
et des Peuples (Den
burkinske rørsla for rettane til menneske og folket) som samtidig er leiaren
for ein stor afrikansk menneskerettsorganisasjon ”Union interafricaine de droits de l`homme”. Den andre personen me inviterte, er ein
katolsk prest, Frans Balemans,
opprinneleg frå Holland, som nå har tatt burkinsk
nasjonalitet. Han er sekretær for nettverket til dei kvite fedrane: ”Justice, Paix et Intégrité de la création”
(Rettferd, Fred og Integritet for skapinga) og sekretær for nettverket ”Justice et Paix des instituts religieux
au Burkina” (Rettferd og fred for dei religiøse institusjonane i Burkina
Faso). Han er sterkt engasjert i kampen mot
korrupsjon i Burkina Faso og Afrika forøvrig. Les meir om besøket her.
Jordbruksprosjektet Dabiou
Jordbruksprosjektet Dabiou har no gått over to år og me er svært nøgde med
resultata.
Vil du vite meir om
prosjektet kan du lese prosjektplanen, takkebrev
til støttespelarar eller sluttevalueringa.
Bilete frå prosjektet finn du
her.
Bonden og kona
med eselet og geitene dei har fått støtte til å kjøpe gjennom prosjektet .
Av samarbeid kan me nemna ei burkinsk teatergruppe som fleire gonger
har hatt framsyningar i Norge. Det
er også samarbeid mellom A Better Life-senteret og eit sjukehus i
Burkina. A Better
Life-senteret sender frivillige norske legar og sjukepleiarar til Burkina
for å operere hareskår pasientar der. TV2 sendte eit program frå
prosjektet 17/4 - 2003 med Per Ståle Lønning som programledar
Stømsgodset fekk 1 april
2003 ein spelar frå Burkina Faso. Hans namn er Bureima
Ouattara og han har tidligare spelt på U21 laget i
Burkina.
Anatole Ouedraogo er visekonsul for Burkina i Norge, men for visum må ein ta kontakt med ambassaden i Danmark. Den franske ambassaden i Oslo kan og utstede turistvisum til Burkina Faso.
Du kan også ta kontakt på e-mail ouaga@start.no
|
|
|
|
|
![]()