|
|
BAARD H. BORGE MED BOK OM NS-BORN Av Olav Engen |
|
Dette stykket finst også på http://home.no.net/nsbarn/
|
Baard H. Borge (f. 1963) høyrer med til den nye generasjonen norske historikarar som ser krigen og etterverknadene av krigen med andre auge enn den førre generasjonen. Borge er tilsett som førstelektor ved Høgskulen Harstad.
Slik blir forfattaren av boka «De kalte oss naziyngel» presentert
av forlaget. For to år sidan sette Borge i gang ei stor spørjeundersøkning.
Han greidde å koma i kontakt med omkring 1000 barn av NS-foreldre,
Dei fekk eit skjema som var utforma slik at det dels var ferdig formulerte
svar som skulle kryssast av, dels vart mottakarane oppfordra til å
gje eigne kommentarar i fritekst. Skjemaet var svært omfattande, og
ville ta fleire timar å fylla ut.Resultatet av denne undersøkinga er blitt til boka «De kalte oss naziyngel», som Borge har skrive under eit studieopphald i USA. Ut frå statistiske kriterier som alder, kjønn, land/by osv. ser det ut til at dei 375 som sende inn utfylte skjema kjem frå eit representativt utval. Dei som var gamle nok til å gå på skule i okkupasjonstida kunne oppleva det som er skildra i ein leiar i «Kristen Samling», eit blad for kristne NS-folk: Hvorfor får ikke våre barn være i fred? Det er et spørsmål som ofte har gitt oss noe å tenke på. At det finnes mennesker som ikke kan tåle NS-folk, det går da an å forstå - iallfall til en viss grad. Om vi i dag blir utsatt for alt det verste som kan tenkes ut i et hatefullt menneskehjerte, så gir vi ikke opp for det. Så bare fortsett. Men: Hvorfor får ikke våre barn være i fred? Fra 7-8 års alderen og oppover blir de forfulgt, først og fremst på skolen, men også på lekeplass og åpen gate, av de andre barna.Den som skreiv dette 1. august 1941, fortel altså at NS-born vart mobba under krigen. Denne kristne forfattaren er inga brutal bølle. Han tek på seg ei saktmodig martyr-rolle, og foraktar dei som dreg born inn i motstandskampen. Borge påviser at denne forma for motstandsrørsle ikkje berre var spontan, men var sanksjonert gjennom paroler frå London og frå Heimefronten. Grunngjevinga var mellom anna at det ville skræma andre frå å melda seg inn i NS. Med andre ord: Utan den vellykka og stort sett risikofrie kampen mot borna kunne Noreg hatt enda fleire «landssvikarar» i tillegg til det rekordstore talet vi fekk. Men biletet av NS-borna under krigen er ikkje eintydig. Ein stor del hadde ingen problem. I byane hadde folk lettare for å fylgja paroler, medan folk i mindre lokalsamfunn kjende kvarandre personleg og var avhengige av kvarandre. Det same gjeld for tida etter krigen. Isfronten var ikkje så massiv som dei seinare mytene vil ha det til. Så kan vi ta eit hopp til 1990-åra, då media demoniserte Milosevic og serbarane. Serbiske born i Noreg hadde det vondt. Og eit kvinneleg NS-barn som arbeider med born kommenterer: «Eg forstår dei og kan hjelpa dei, fordi eg har vore gjennom det same sjølv.» Altså meiner mange NS-born at det kom noko positivt ut av isfronten si haldning. Ein gjennomgåande kommentar frå NS-borna hos Borge er: «Eg har lært å sjå ei sak frå fleire sider.» Borge finn at informantane hans jamnt over er det ein gjerne kallar vellykka menneske, med god utdanning og yrkeskarriere. Utvalet kan vera skeivt på den måten at dei mest skrivekyndige har lettast for å fylla ut skjema. Dei som har teke livet av seg eller på annan måte er gått nedanom, blir naturleg nok ikkje med. Men i ei så stor gruppe som 100000 personar er det alltid nokre som går under, blir analfabetar, har psykiske problem og liknande Jarl Eik i si mykje siterte hovudoppgåve «Hva skjedde med krigstapernes barn», har tydeleg råka bort i taparar i uteliggarmiljøet i Oslo. Det er farleg å dra for sterke slutningar på grunnlag av dei ekstreme tilfella! Men mange gjer det, fordi offer-rolla gjev status og medieoppslag. Borge torpederer eit par myter som mellom anna Ole Wilhelm Klüwer har bygd på i «Foreningen for norske NS-barn: 1) At det er skilnad i haldning mellom yngre NS-born og dei eldre, som Klüwer meiner er hjernevaska i NSUF. 2) At det er noko samband mellom såkalt «gamalnazisme» og «nynazisme». Politisk har Borge sitt utval tyngda på den borgarlege sida av politisk spekteret, og berre ein prosent eller så er ekstremistar til høgre eller venstre. Eit felles drag er at dei er skeptiske til rettsoppgjer, offisiell historieskriving og vanleg «kollektiv bevissthet»: «Gi oss hjelp til et nyansert historisk bilde der krigens tapere blir gitt et ansikt, og der en annerledes mening får lov til å være det, ikke bare forræderi og umoralsk opptreden», seier ein (f. 1942). Borge unngår å bruka det folkelege uttrykket «nazist» om dei som styresmaktene fann det for godt å straffa etter krigen. I staden brukar han nemninga «quislingar», noko som heller ikkje er heilt uproblematisk. Den då så klårtenkte juristen Johs. Andenæs såg alt i 1946 at «nazist» har to tydingar, der den eine er tilhengar av Hitler sitt tankegods, og den andre er rett og slett eit folkeleg namn for NS-medlem. Professor Bernt Hagtvet har i Dag og Tid 25. mai 2002 omtala Borge si bok på ein positiv måte, men kjem også med denne utsegna: Så skal det også seiast at heller ikkje NS-folk var særleg budde på å vedgå at også dei tok feil, til dømes i å innsjå at dei ved å ha støtta NS-ideologien kom i skade for å stå bak ein politisk posisjon som fekk uhyrlege drap til følgje.Osb. Dette er teorien om kollektiv skuld, grunnlagt meir på «kollektiv bevissthet» og politisk agitasjon enn vitskap. Om vi skal tru Borge og informantane hans, var det mange NS-folk som melde seg inn, ikkje av ideologiske, men pragmatiske grunnar: Dei meinte at eit norsk styre var beste måten til å berga Noreg gjennom okkupasjonen. Om det var ideologi, var det ikkje alltid den tyske nasjonalsosialistiske. Eystein Eggen, «Gutten fra Gimle», meiner til dømes at det kunne vera det gamle bondearistokratiet sin nasjonalisme. Borge si bok gjev innsikt i ein del av norsk historie som har vore lite kjent. Men også andre som på ein eller annan måte har ansvar for born utan å vera spesielt interessert i politikk eller historie kan få litt å tenkja på. Og Kristin Klemet, t.d., som trur som trur at ho kan koma mobbing til livs med eit lovforbod. Borge skriv ein lett og god nynorsk, og han kan popularisera. |
|
|
Varden, Skien, 8. juni 2002 |