Kollektiv skuld?
Av Olav Engen


 
I «Dag og Tid» 25. mai 2002 skriv Bernt Hagtvet om den nye boka til Baard H.Borge: «De kalte oss naziyngel». Omtalen er positiv. men så kjem Hagtvet med denne utsegna:
Så skal det også seiast at heller ikkje NS-folk var særleg budde på å vedgå at også dei tok feil, til dømes i å innsjå at dei ved å ha støtta NS-ideologien kom i skade for å stå bak ein politisk posisjon som fekk uhyrlege drap til følgje.
Her kan det vera eit spørsmål om vi skal leggja hovudvekta på ideologi, eller på motiv og konkrete gjerningar hos det einskilde individet. Vi kan venteleg få litt betre innsikt om vi les ei bok som kom ut på Samlaget i fjor: «Bondekamp om markedsmakt» av historikaren May-Brith Ohman Nielsen. Dette er historia om Senterpartiet (tidlegare Bondepartiet), men det er også historia om dei 1930-åra som forma synet til mange NS-folk.

Problemet var at arbeidarrørsla stort sett var revolusjonær og såg opp til Sovjet-styret. Om ein las New York Times eller venstresida si presse her i landet, fekk ein få korrektiv. Dei som las Aftenposten, eller var bønder og las Nationen, fekk derimot vita at Sovjet-ideologien sto bak «uhyrlege drap», mellom anna på bønder. Formannen i Bondelaget Johan E. Mellbye, som inntil 1930 også var formann i Bondepartiet, meinte at det var heilt utenkjeleg å samarbeida med parti som stødde ein slik ideologi. Det same meinte den seinare så kjende Vidkun Quisling, som skipa sitt eige miniparti Nasjonal Samling og fekk sympati frå mange i Mellbyegruppa.

Ei meir pragmatisk retning i Bondepartiet kom på god talefot med Arbeidarpartifolk med bakgrunn frå kommunestyre og liknande. Dei samarbeide godt om konkrete saker, utan omsyn til Marx, Lenin, Sovjetrevolusjon og heimelaga revolusjonær retorikk. Resultatet vart mellom anna kriseforliket mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet, som innleidde 30 år med AP-styre i Noreg. Arkitekten var Jens Hundseid, som i 1940 melde seg inn i NS og etter krigen fekk ei fengselsstraff som svarar til det som ein gjennomsnittleg mordar får i dag.

Vi kan ha ulike syn på Hundseid og motiva hans, men det gjev knapt meining å hevda at han, meir enn Arbeidarpartiet i 1920- og 1930-åra, sto bak ein ideologi som fekk til følgje dei nemnde «uhyrlege drap». Korleis kan det gå til at IKEA-gründaren Ingvar Kamprad, som i sin tidlegaste ungdom var innom ei svensk nasjonalsosialistisk gruppe, måtte gå kanossagang, medan alle revolusjonsromantikarane frå venstresida slepp det? Grunnen kan vera så enkel som at effektiv propaganda har fått oss til å tru at nazisme er demonisk, frå eliten i det tyske nazipartiet og nedover,  til fascistrørsler i Italia og Spania som ikkje sto bak «uhyrlege drap», og endeleg heile medlemsstokken i Quislings norske NS-parti. Kommunismen derimot, er etter dette  menneskevennleg og u-demonisk, der overgrepa er gjort av einskildpersonar.

Dersom vi først går inn på denne okkultismen, blir det ikkje vanskeleg å skjøna den fordøminga som råka både vanlege NS-medlemer og etterkomarane deira i fleire ættleder. Så vidt eg kan sjå av det han skriv, må Hagtvet støtta tesen om demonisering og kollektiv skuld, medan Baard H. Borge og NS-born-informantane hans ikkje gjer det.


Dag og Tid, 22.  juni 2002