Pamfletten
«Brennbart» av Kjartan Fløgstad vart flittig
diskutert i presse og på TV . Dette innlegget i «Dag og
Tid» vart skrive i slutten av november 2004, like etter at boka
kom i handelen.
|
|
Vi som bor litt i
utkanten, har berre hatt høve til å lesa om Kjartan
Fløgstad sin pamflett «Brennbart», men no er han
endeleg i hus. Vi visste før at boka var eit åtak på
professor Hans Fredrik Dahl, og vi kan no konstatera at modellen er
Odd-Bjørn Fure sin pamflett «Kampen mot glemselen»
frå 1996 som har skytset same vegen.
Og lesninga vekte til live mange minne. Riksmålsforbundet var
mellom dei organisasjonane skulle rekonstituera seg etter
okkupasjonen. I kampen om posisjonar var det i den tida vanleg
med skuldingar om «unasjonal holdning», men
Riksmålsforbundet valde ei moderat forsoningsline. Slik
sett var det eit klokt trekk å velja den gamle
Sachsenhausenfangen Arnulf Øverland til formann i 1947. Dermed
fekk organisasjonen ein naudsynt dåm av motstandsrørsle,
noko den hadde nytte av då målbladet
«Midnattsol» freista å stempla forbundet som ein
gjeng kolloboratørar: «Fanatiske bokmålsfolk slo lag
med NS for å velte 1938-rettskrivinga», skreiv bladet 4.
desember 1947.
Redaktør Marius Evjeberg i Midnattsol levde og arbeidde på
yttersida i Lofoten, utanfor det som i dag er nynorsken sitt
kjerneområde. Fløgstad minner oss med rette om at det var
mange skulekrinsar som gjekk over til nynorsk i 1920- og
1930-åra, då ungdomane frå omkring år 1905 var
godt vaksne og satt i posisjonar. Som barn las eg bøker av Svein
Moren og Halvor Floden, nynorskforfattarar frå Trysil,
altså det austlegaste av Austlandet. Men også i
Trøndelag og på heimtraktene mine i Nordland fekk
nynorsken godt fotfeste i denne perioden.
På den tida hadde nynorsken ambisjonar om å bli det
nye riksmålet i Noreg. Opp mot ein tredjedel av
grunnskuleelevane og fleirtalet av skulekrinsane hadde nynorsk som
opplæringsmål, fortel Fløgstad.
Målreisinga gjekk hand i hand med frilynd ungdomsrørsle,
bondereising og nasjonale straumdrag, og rakk langt vidare enn til
Vestlandet. Fløgstad legg vekt på at motkulturane på
Sør- og Vestlandet, mellom anna lågkyrkjeleg
bedehuskristendom, var immune mot NS, og det har han rett i. Kyststroka
i desse regionane har dessutan tradisjonelt vore orientert
vestover. Men denne immuniteten stogga ved Langfjella.
Forfattaren Eystein Eggen har i boka «Gutten fra Gimle»
skildra nasjonale bondemiljø på Austlandet og i
Trøndelag, med ein avstikkar til indre Hardanger. Frå hans
synsstad var Nasjonal Samling eit bondeparti, med røter i gamle
bondevenstre. Samrøret mellom NS og Bondepartiet, no
Senterpartiet, var så sterkt at partiet hadde vanskeleg med
å koma seg på beina hausten 1945. Dette fortel
May-Brith Ohman Nielsen i boka om Senterpartiets historie
«Bondekamp om markedsmakt».
Dette kjenner eg til av eiga røynsle. Bestefar var venstremann
og republikanar i 1905, og fylgde med over til Bondepartiet . Far
starta i Bondepartiet, og melde seg inn i NS i 1941. Begge var ihuga
målfolk og aktive i frilynd ungdomslag. Kristendomen der var
langt frå vestlandspietistisk, han var frilynd og liberal, og
hadde fritenkjaren Arne Garborg som ein av sine profetar. At
ungdomslaga dansa folkedans og spela fele vart heller ikkje sett
på med blide auge av dei motkulturelle mørkemennene
vestpå.
Før Fløgstad enno hadde lært å snakka reint,
gjekk eg og bror min rundt og selde nynorske julehefte, redigert av
før nemnde Evjeberg. Det eg kan hugsa, er at far etter
fengselsopphaldet sitt hadde god kontakt med mange av dei gamle
kjenningane frå mål- ungdoms- og bonderørsle.
Isfronten var ikkje serleg sterk, jamvel frå slike som Evjeberg,
som prøvde å fylgje tidsånda ved å markera
«nasjonal holdning» i bladet sitt. Nokre hadde vore
NS, andre ikkje, men når dei diskuterte politikk, såg det
ut som at dei var samde på mange punkt. Til dømes i synet
på London-regjeringa, forsvars- og
nøytralitetspolitikken før krigen osv. Som kjent overtok
Gerhardsen-regjeringa NS og bonderørsla sin gamle
antikommunisme like etter krigen.
Så kjem vi til det spørsmålet som Fløgstad
ikkje greier å svara på, utanom at han er usamd med Hans
Fredrik Dahl: Kvifor har nynorsken vore på tilbaketog sidan 1945?
Kvifor er den blitt eit regionalt mindretalsspråk for Vestlandet
i staden for eit nytt nasjonalt språk? Kvifor finst det ingen
nynorskbastion austpå, slik som landsgymnaset på Eidsvoll
var under NS-mannen Johan Fr. Voss? Etter mi meining kan vi trygt
frikjenna både Riksmålsforbundet og bokbrenninga til
vestkantungdom i hovudstaden. Det kan ha litt å seia at den
fremste nynorskbrukaren i Arbeidarpartiet, tidlegare utanriksminister
Koht, vart syndebukk ettter krigen og knapt tenleg som eit idol til
å samla seg om. Endå nærare ligg det
å skulda på «gutta på skauen» og
samnorsken deira. Samnorsken har vore fienden, ikkje
riksmålet.
Sjølv meiner eg at Dahl er inne på noko. Etter krigen fekk
nynorsken ein varig knekk i dei nyvunne områda frå
mellomkrigstida. Ei av årsakene kan vera at så mange
gode nynorskfolk hadde vore innom den bonde-nasjonale fløya i
NS, og derfor vart sett utafor styre og stell etter krigen.
|