Baard Borge og naziyngelen 
Av Olav Engen

Bokomtalen til Uthaug er lagt ut på http://www.vennetreff.tk

  
I Dagen 8. august skriv Arve Kjell Uthaug positivt om boka «De kalte oss naziyngel» av Baard H. Borge. Det er lett å vera samd i at det er gale å plaga  såkalla uskuldige born. Når foreldra kjem inn i biletet, blir saka straks vanskelegare. Borge høyrer til den nye skulen av historikarar som ikkje kjenner seg forplikta til å forsvara rettsoppgjeret eller dei styresmaktene som sette det i verk. Uthaug er berre delvis samd: «Men historia om andre verdskrigen vil framleis vera eit moralsk prosjekt. ….rasisme, jødehat, forakt for dei veike … Derfor blir det å formidla soga om andre verdskrigen, i stor grad å byggja eit festningsverk mot slike haldningar i vår eiga samtid.»

I boka til Borge får vi små glimt av nokre av foreldra gjennom det borna fortel. På side 156 finn vi dette:
Læreren min var meget religiøs. Jeg husker han snakket om «En julaften» fra «Jøden» av Henrik Wergeland. Jeg rakte opp hånden og sa at dette pleide min mor å lese for meg. Han ristet på hodet og sa at det ikke var sant. Jeg var et ærlig barn, og elsket denne fortellingen. Ingen andre i klassen hadde hørt om den.
Eller denne frå side 159:
Jeg pleide hver uke å gå i kiosken og kjøpe «The Guardian» for min far. En dag spurte damen i kiosken om ikke «Stern» eller «Der Spiegel» var mer passende. Jeg husker hvor irritert min far ble da jeg fortalte ham det, og han sendte meg aldri mer til kiosken senere.
Her ser vi døme på at NS-familiar godt  kunne vera opplyste, jødevennlege og engelskvennlege. Vi ser også at dette strir mot det som  læraren og kioskdama hadde fått inn gjennom propagandaen, det som historikaren Odd-Bjørn Fure kallar «kollektiv bevissthet» og som han er så glad i. Dette illustrerer dilemmaet til mange NS-born. Det dei blir fortalt om foreldra, stemmer ikkje med det dei sjølve har sett.

Vi bør også vera merksam på at det ikkje var noko naturlov som gjorde at alle NS-folka vart rekna som brotsmenn. De var styresmaktene i London som tok ei avgjerd. Mange veit ikkje i dag at det alt frå 1945 var sterk kritikk mot landssvikoppgjeret, frå rettslærde, stortingsmenn og  andre. Frå B. Dybwad Brochmanns Samfunnsparti, som var representert på Stortinget både i 1933 og 1936, kom det store opplag av skrifter og blad som kritiserte landssvikoppgjeret, til dei vart stoppa etter boykott frå typografane. Fremste kritikaren i Stortinget var bondeveteranen Gabriel Moseid, som var respektert i alle parti. I 1957 kom Jens Bjørneboe med boka «Under en hårdere himmel». Borge og andre varsame kritikarar tek derfor opp ein gamal tradisjon.

Det er også grunn til å tvila på om den sterke fokuseringa på «nazismen» er til noko nytte for oss når vi skal orientera oss i verda slik den er i dag. Både i Jugoslavia og Palestina har begge partane prøvd å stempla motparten med retorikk frå andre verdskrigen. Milosevic er samanlikna med Hitler, men hevdar sjølv at han forsvara den multietniske staten Jugoslavia mot dei som ville bryta den opp slik som Hitler gjorde med Tsjekkoslovakia. Dessutan forsvarar han europeisk kristendom mot arvefienden Islam. I Palestina blir både Arafat og Sharon skiftevis samanlikna med Hitler. Nazismen og andre verdskrigen blir brukt til å laga  eit svart/kvitt-bilete, noko ingen blir klokare av.
 
Og dersom «festningsverket» til Uthaug krev at vi set eit stempel på NS-medlemene som ikkje stemmer med  terrenget, bør vi greia oss utan.
 
Dagen, 13. august 2002