|
 |
 |
|
|
Rankingresultat
etter 4 løp
Poenga etter
dei fire første løpa av oddarankinga er lagt ut, og denne veka er det
klart for løp nr 5 frå brushytta på Seljestad. I ein del klassar er
mykje avgjort om sigeren, men i D17 kan det bli kamp om andreplassen.
Amanda Forstrøm på fjerde plass har vunne tre av løpa, og ligg nok an
til å ta sigeren.
Klikk her for å sjå resultata
Søndag 24.08.2008
- 16:25
|
Kjersti
Bjørkevoll sin tur lørdag
Lørdag vart
det endeleg Kjersti Bjørkevoll sin tur til å gå til topps i D45AK etter
4 gode plasseringar tidlegare i Sørlandsgaloppen. Elisabeth Eitrheim
følgde på 3.plass. Nina Iren Nesheim hadde også ein god dag og sprang
inn til 2.plass i D35AK. Stine Bjørkevoll fekk ei flott 7.plass i D14,
Andraes Forstrøm vart nr 11 i H14, og Amanda Forstrøm nr 10 i D16.
Kjetil Rønhovde fekk endeleg klaff i H45AK, og vart nr 7 i klassen.
Les meir
Lørdag 12.07.2008
- 23:17
|
Elisabeth
Eitrheim til topps på sprinten
Elisabeth Eitrheim kom frisk og opplagt til sitt første
løp i Sørlandsgaloppen og slo til med seier i D45 AK i sprintløpet
fredag. Søster Kjersti Bjørkevoll følgde opp dei 3 første løpa med eit
nytt godt løp på 3.plass i same klasse. Det vart 4.plass til Nina Iren
Nesheim i D35 AK og Rolf-Atle Rolfsnes i H35AK. Eivind Tokheim hadde
sitt beste løp så langt med 6.plass i H50. Stine Bjørkevoll vart nr 8 i
D14, og Andreas Forstrøm nr 11 i H14. I ein innlagt konkurranse om beste
ungdomsklubb klatra Odda O-lag opp til 4.plass etter 4 løp
Les meir
Fredag 11.07.2008 - 20:57 |
|
God
Oddastart i Sørlandsgaloppen
Det har vore ein god start for fleire oddingar
i dei 3 første løpa i Sørlandsgaloppen. I A.klassane starta Stine
Bjørkevoll med ein 3.plass i D14 som vart følgd opp med ei god tid i
fellestart 2.dag, berre vel 2 minutt bak vinnaren. Erlend Nesheim i H15
har 4.plass i tredje løp og 6.plass i første løp som beste resultat.
Les meir
Torsdag 10.07.2008 - 22:10 |
|
Sommaravslutning i Løyningsdalen
Treningssesongen før sommaren vart avslutta med det 4. Oddarankingløpet
i Løyningsdalen med Kilatjørn som base. I dameklassen vart det
tronskifte i toppen ved at Kjersti Bjørkevoll vann klart foran søster
Elisabeth Eitrheim. I herreklassen var igjen Eivind Tokheim klart i tet
foran Erling Forstrøm, som stadig gjennomfører gode løp. I den korte
A-løypa var Bernt Jarle Stohaug best. I C-løypa var Jakob Vintertun i
store slagstøvlar den raskaste, medan Martin Eitrheim Tengren vann sin
3.seier i H11-12. Kjersti Andersen gjennomførte også eit godt løp I
C-løypa.
Les meir
Fredag 27.06.08 - 16:55 |
|
Oddaranking på Månena
Det 3. Oddarankingløpet på Månena gav igjen store utfordringar for
o-løparane, og det vart også i år mykje bomming i skrålia på Grimo.
Amanda Forstrøm vann sin 3.strake seier hos damene med jamngamle Sara
Tokheim like bak. Eivind Tokheim vann klart i herreklassen, medan
Øystein Kambestad gjennomførte eit svært godt løp i den korte A-løypa.
Les meir
Fredag 27.06.08 - 16:45 |
KM-gull til Erlend
Nesheim
Helga
24.-25.mai inviterte Odda O-lag til nok eitt stort arrangement for
orienteringsløparar i Hordaland og Rogaland. Laurdag 24.mai var det duka
for kretsmeisterskap i sprint. Samlingsplass var denne dagen lagt til
Odda stadion, og løypene veksla mellom gateorientering og orientering i
terrenget i og rundt Hovden. Løypeleggjar denne dagen var Eivind
Tokheim, som fekk vel fortent god tilbakemelding på flotte løyper.
Erlend Nesheim stod for den beste prestasjonen blant oddaløparane. Han
klatra heilt til topps, og vart kretsmeister i klassen H13-15 år. I
D13-15 kunne Odda ha fått nok ei gullmedalje ved Stine Bjørkevoll, men
dessverre hadde ho gløymt ein post. I H11-12 gjorde Odda reint bord, og
kapra alle dei tre fyrste plassane. Gode resultat vart det og i dei
andre klasane. Elles drog Odda heim 3 bronsemedaljar i meisterskapet;
Amanda Forstrøm i D16-18, Kjetil Sekse i H16-18, og Hildegunn Espe i
D19. Totalt var det 200 startande denne dagen, med gledeleg mange i
rekruttklassane. Odda hadde med heile 20 rekruttar, samt 1.plass til
Hannah Nesheim og Rebekka Fjæra i kvar sin nybyrjarklasse.
Les meir -
Sjå resultat her |
|
Tette duellar i Oddaranking
Det var spennande duellar i det andre Oddarankingløpet i orientering
som vart arrangert på Fodnastøl sist veke. I dameklassen kopierte Amamda
Forstrøm seieren frå 1.løp, og vann med 43 sekund på Nina Iren Nesheim.
I hereklassen vann Eivind Tokheim 33 sekund føre Svein Olav Nesheim, som
igjen var 1 sekund foran Svein Buer. 13 år gamle Andreas Forstrm sprang
også godt i den lange løypa, og var berre 9 minutt bak dei beste herrene.
Les meir |
Startlistene er klare
Det er
påmeldt 183 løparar til sprintløpet ved Odda stadion laurdag og 251 til
løpet på Løyning/Torekoven på søndag. Startlistene finn du
her, og vi ber om at endringar og
feil blir meldt til Eivind
Tokheim så snart som mogleg.
|
|
Sesongstart for Oddaranking
Oddarankinga
i orienteringa starta opp med løp på Brekke tirsdag og onsdag. I
A-løypene vart det seier til 16 år gamle Amanda Forstrøm og veteranen
Bjørn Finne. Det var krevjande løyper for løparane, slik at det vart ein
del bomming. I C-løypa var Jakob Vintertun raskast av gutane og Bjørg
Krogh Hauso hos jentene, medan Hannah Nesheim var raskast i
nybyrjarløypa.
Les meir |
Tenåringssigrar
i Vikesprinten
Odda O-lags Stine Bjørkevoll (14) og Per Øyvind Valen (14) frå
arrangørklubben Vikebygd IL gjekk til topps i dame- og herreklassen i
Vikesprinten i Skjold torsdag. Det var første gong dei har vunne dette
spesielle o-løpet og var begge strålande nøgde med den sterke
prestasjonen. Dermed sikra dei seg kvart sitt første napp i vandrefata.
Les meir
(Søndag 4. mai 22:56) |
Innbyding Odda 2-dagars
24. og 25. mai arrangerer vi KM sprint for Hordaland og eit
mellomdistanseløp som er rankingløp for Hordaland og pokalkamp for
Sunnhordland og Nord-Rogaland.
Innbydinga finn du her. |
|
Trening i Eidesåsen
Denne veka fekk Terje Opedal og Kjetil Sekse sin elddåp som
løypeleggarar til treningsløpet i Eidesåsen. Dei fekk erfare at det ligg
mykje arbeid bak ei trening, men hadde fått alle postane rett i
terrenget, og fekk ei nyttig og lærerik erfaring for forståing av
kartet. Det var Eidesåsen sine veteranar som var dei raskaste i A-løypa
med Svein Buer og Bjørn Finne i front. Også eit bra løp av unguten
Daniel Kambestad som pusta bjørkevoll-gutane i nakken. På jentesida var
det ungjentene med Amanda Forstrøm i spissen som dominerte, men Kjersti
Bjørkeoll blanda seg inn i kampen med ein flott 2. plass.
Les meir
(Torsdag 24. april 07:58) |
3-kamp i Eidesåsen
Det vart spennade
duellar under 3-kampen i Eidesåsen denne veka. I herreklassen stod
kampen mellom Svein Buer og Svein Olav Nesheim. Svein Olav opna best på
250 meter, medan Svein var best i dei to lengste løypene og gjekk også
til topps i samandraget. På jentesida var Nina Iren Nesheim den beste
med Hildegunn Espe og Stine Bjørkevoll nærmast. Sjølv om vi har hatt
mange treningar i Eidesåsen, gir terrenget fortsatt utfordringar og ein
del bomming hos løparane. Nybyrjarane klarte seg godt, og det var også
denne veka bra oppslutning hos desse. Totalt stilte 53 deltakarar på
trening.
Les meir
(Torsdag 17. april 21:45) |
Positiv treningsstart i
Tyssedal
Det vart ein positiv start på treningssesongen i Tyssedal med heile
27 deltakarar i nybyrjarløypa. Her hadde Erling Forstrøm gjort ein flott
jobb med å skaffa nye deltakarar blant kollegaer på TTI, Han var til
stades begge dagar og var med og rettleidde dei nye deltakarane. Dette
er eit svært positivt initiativ som vi håper fleire av dei etablerte kan
prøve på. Totalt stilte det 58 på denne første treninga. I C-løypa var
det 12-åringane Robert Tokheim og Martin Eitrheim Tengren som var dei
raskaste, og slo alle dei vaksne i løypa. I A-løypa slo veteranane
tilbake med Bjørn Finne og Kjetil Rønhovde som dei beste herrene og
Kjersti Bjørkevoll foran ungjenta Amanda Forstrøm i dameløypa.
Les meir
(Torsdag 17. april 21:25) |
Vilt,
vakkert og vått
Det går mot vår, og
orienteringsløparane i Odda er i ferd med å vakna frå vinterdvalen. Sist
helg var det klubbsamling på Stord, og rundt tjue personar frå Odda fekk
prøva seg både på nattorientering og ulike andre o-tekniske
utfordringar.
Les meir, og sjå
bilete på o-lagsbloggen |
Treningssamling
i Ytrebygda
Fredag
1. februar reiste 9 glade orienterere fra Odda på
O-samling for ungdom 13-20 år. For anledningen hadde
O-laget leid minibussen til skiskytterne, og det ble
brak suksess. Eneste som må sies er at sjåføren
hadde gnagsår i øra før en nådde Kvamskogen.
Les meir på o-lagsbloggen
(Tysdag 05. februar 14:21)
|
Klubbkveld
Biletkavalkade, statistikkar, pizza, premieutdeling og kake var som
vanleg på menyen då O-laget var samla til klubbkveld på Meieriet søndag
ettermiddag. Vandrepokalen for deltaking i flest løp utanfor Odda vart i
år vunne av Stine Bjørkevoll og Erlend Nesheim. Dei har vore med på 33
løp i tillegg til treningsløpa og diverse samlingar denne sesongen.
Les meir
(Søndag 25. november 21:12) |
Nattløp i Eidesåsen
Treningssesongen
vart avslutta med nattløp i Eidesåsen. Som vanleg er det spennande og
litt skummelt å prøva seg i mørke, men det gjekk bra for alle bortsett
frå Bernt Jarle Storhaug som hadde lånt løkt av naboen og mista lyset
mellom 3. og 4. post.
Les meir
(Søndag 30. september 18:17) |
Ungdommen imponerte i
sprinten på Eide
Ungdomsløparane
imponerte i sprinten på Eide denne veka. I dameklassen vann Stine
Bjørkevoll foran Sara Tokheim, med mamma Kjersti på 3. plass. Stine si
tid ville ha halde til 7. plass i herreklassen. Hos herrane var det
veteranane. Svein Olav Nesheim og Bjørn Finne som vart raskast, men like
bak følgde 14-åringane Erlend Nesheim og Daniel Kambestad. Eirik
Bjørkevoll var raskast i løypa, men gløymde 1 post undervegs. I
nybyrjarløypa var Rebekka Fjæra og Sebastian Storhaug dei to raskaste.
Øystein Kambestad debuterte som løypeleggar med fine sprintløyper, som
sette krav både til vegvalg og finorientering (lurte Eivind godt på 7.
post i Hovden).
Les meir
(Torsdag 20. september 20:39) |
Tette
duellar i Oddamesterskapet
Det vart tette
duellar i kampen om Oddamesterskapet i orientering. I herreklassen
skilte det 39 sekund mellom Eivind Tokheim og Eirik Bjørkevoll, medan
det skilte 59 sekund mellom Kjersti Bjørkevoll og Hildegunn Espe i
dameklassen. Rolf-Atle Rolfsnes og Amanda Forstrøm følgde på 3. plass i
klassane vel 2 og knapt 3 minutt bak vinnarane.
Les meir
(Torsdag 13. september 22:10) |
To
medaljar i Vestlandsmesterskapet
Det vart to
medaljar til Odda då ein liten tropp frå Odda O-lag i helga deltok i
Vestlandsmesterskapet i orientering i Bergen. Stine Bjørkevoll vann
sølv i klasse D13-14 1,37 minutt bak Elise Rognsvåg frå Fana. Stine
sikra seg samtidig samanlagtseieren i Hordaland si kretsranking (5 av 7
løp). Erlend Nesheim fekk bronse i H13-14, 1,26 minutt bak gullvinnar
Martin Femsteinevik frå IL Strand-Ulv og berre 3 sekund bak sølvvinnar
Torjus Raa frå Bergens TF.
Les meir
(Måndag 10. september 20:23) |
Oddaranking på Reinsnos
Det 5. oddarankingløpet vart arrangert ved Reinsnosvatnet siste veka
i august. Det var skuffande oppslutning med berre 30 deltakarar.
Terrenget er krevjande, og det vart ein del bomming på ein del løparar.
Men Espen Bjørkevoll kom seg bra gjennom langløypa og slo Eivind Tokheim
med vel 3 minutt. I dameklassen var det denne gang dei vaksne damene som
klarte seg best, medan ungjentene sleit med mange bommar. Best vart
Elisabeth Eitrheim med Nina Iren Nesheim vel 2 minutt bak.
Les meir
(Måndag 10. september 20:14) |
Stafettar i Hildalsdalen
Litt betre
ver i dag, og mange spennande duellar i flotte løyper i Hildalsdalen. I
D13-16 låg det an til siger til Odda heilt til siste post, men fall på
dei glatte berga gjorde at Varegg stakk av med 1. plassen. I H13-16 vart
det siger til Stord, med Fana og to Odda-lag på dei neste plassane.
Gular vann D17, der Haugesund og Egersund kom på 2. og 3. plass. I H17
var det lenge kamp mellom Varegg og Ålgård, men Morten Westergård sikra
sigeren for Varegg mot slutten av siste etappe. Her kom Gular på 3.
plassen. I veteranklassane vart det siger til Bergens TF og Fana i
henholdsvis dame- og herreklassen.
Sjå fleire resultat
(Søndag
2. september 17:00) |
Odda 2-dagars
Det vart ein
sur dag i Hildalsdalen laurdag, og ein del løparar var nok litt
frustrert over førsteposten som hadde feil kode i løype 1, 2 og 5. Det
var likevel mange fornøgde løparar som skrytte over løyper og terreng.
Arrangementet gjekk elles knirkefritt, og resultata finn du
her.
(Søndag
2. september 07:17) |
Professor
Drøvels minneløp
Første dag på
O-landsleiren mandag 06.08.07 startet med ei fin treningsøkt i terrenget
rundt Hosletoppen skole. Her fikk vi prøvd oss i fint, men tett, Bærums
terreng.
Les meir
(Tysdag 7. august 16:58) |
Hovedløpet
i Asker
Hovedløpet
2007 gikk av stabelen i Asker kommune ikke langt fra Dikemark sjukehus.
Terrenget var variert men preget av skråli med få detaljer å orientere
etter. Dette var ikke enkelt og mange av deltagerne strevde mye. Vinner
tiden i klasse d15 var stipulert til 35 min, men ble på over 41min.
Spesielt var det var langt mellom vestlendiger blandt de beste.
Les meir
(Tysdag 7. august 10:03) |
|
Samanlagtsiger
til Bård Byrkjenes
Det vart 1. plass i samandraget til Bård Byrkjenes i klasse H13-16C.
Terje Opedal sikra dobbelsiger til Odda O-lag i klassen. Rolf-Atle
Rolfsnes klarte etter ein sterk avslutning av galoppen å kapre 2.
plassen i klasse H35K, berre 2 poeng bak vinnaren (6 sekund totalt på 4
løp). Morten Opedal var også uheldig med sekunda, og var berre 15 poeng
(45 sekund) bak vinnaren i klasse H13-16N, men måtte ta til takke med 3.
plass. Eli Vintertun sikra seg til slutt 4. plass i yngste
nybyrjarklasse D11-12N.
Les meir -
Slideshow på bloggen
(Laurdag 7.
juli 18:12) |
|
Sara
Tokheim sin dag i Sørlandsgaloppen
Det vart Sara
Tokheim sin store dag i Sørlandsgaloppen siste dag. Ho gjennomførte sitt
livs beste o-løp og sprang inn til ein flott 3. plass i D15, berre 50
sekund bak vinnaren Hanne Kihle frå Ringerike O-lag. Dette var ei flott
oppmuntring for Sara etter eit dårleg løp dagen før. Rolf-Atle Rolfsnes
sikra ein ny klasseseier i H35AK, og dermed fekk Odda O-lag
klassevinnarar alle dagar i Sørlandsgaloppen. Morten Opedal fekk ein ny
3. plass i H13-16N. Erlend Nesheim i H14 og Stine Bjørkevoll i D13 sikra
seg kvar sin 11. plass.
Les meir
(Fredag 6.
juli 23:35) |
|
Seier
til Rolf-Atle Rolfsnes i Sørlandsgaloppen
Torsdag fekk Odda nok ein dagsseier i Sørlandsgaloppen, denne dagen ved
Rolf-Atle Rolfsnes som gjekk til topps i H35AK med over 2 minutt margin.
Rolf-Atle har hevda seg bra heile veka, og fekk endeleg nok klaff til å
vinna klassen. I A-klassane sprang Erlend Nesheim sitt beste løp i
Sørlandsgaloppen, og fekk ein flott 12. plass i H14 knapt 9 minutt bak
vinnaren. Morten Opedal sprang inn til 2. plass i H13-16N, medan Bård
Byrkjenes vart beste Odda-løpar i H13-16C med 4. plass. Galoppen vert
avslutta med mellomdistanse fredag.
Les meir
(Torsdag 5.
juli 20:20) |
|
Ny
Oddaseier i Sørlandsgaloppen
Onsdag vart det ny seier til Odda O-lag i
Sørlandsgaloppen. Denne gongen var det Bård Byrkjenes som gjekk til
topps i H13-16C. Han fekk følgje av Andreas Forstrøm på 3. plass og
Terje Opedal på 4. plass. I A-klassane vart det 8. plass til Stine
Bjørkevoll i D14 og 10. plass til Martin Eitrheim Tengren i H11. Sara
Tokheim i D15 og Espen Bjørkevoll i H17-20AL vart nr 11 i sine klassar.
Rolf-Atle Rolfsnes sprang inn til 3. plass i H35AK, og Morten Opedal
vart nr 3 i H13-16N.
Les meir
(Onsdag 4.
juli 21:52) |
|
Espen Bjørkevoll til topps i Sørlandsgaloppen
Espen Bjørkevoll gjorde sin livs beste innsats i orienteringsløypa
då han måndag gjekk til topps i juniorklassen i Sørlandsgaloppen. Dette
er samtidig det sterkaste resultatet for Odda O-lag på minst 10 år i
galoppen. Espen vann eit krevjande løp med 4 sekund til gode på Øyvind
Enger frå Modum. Det var uvanleg tett i toppen i klassen med heile 6
løparar innan ein tidsmargin på 1 minutt.
Les meir
(Tysdag 3.
juli 09:52) |
God
start for Oddingane på Sørlandsgaloppen
Det vart ein god
start for Odda O-lag sine løparar på Sørlandsgaloppen under dei to
første løpa som vart arrangert i Siljan. Morten Opedal slo til med seier
i nybyrjarklasse H13-16N begge dagar. Espen Bjørkevoll sprang inn til
ein sterk 5. plass i H17-20AL i langdistansen på søndag berre vel 5
minutt bak vinnaren Jonas Juveli frå Konnerud. Stine Bjørkevoll vart nr
7 i D13 på mellomdistansen lørdag, og Eivind Tokheim vart nr 8 på
langdistansen søndag i H45 AL.
Les meir
(Søndag 1.
juli 19:41) |
Sterk
innsats av Espen Bjørkevoll i
O-festivalen
Espen Bjørkevoll
viste sterk innsats i alle 3 løpa i den norske o-festivalen som vart
arrangert i Hovden i Setesdal i helga. Han starta med eit bra løp i
mellomdistanse som gav 22.plass i klasse H17-18 Elite. I jaktstarten på
langdistanse sprang han seg opp til 17.plass med dagens 12.beste tid.
Han krona innsatsen med ein sterk 1.etappe i seniorklassen der han
veksla på 45.plass berre 4,34 minutt bak teten etter ein etappe på 7 km.
Les meir
(Måndag 25.
juni 11:22) |
|
Gildesprinten
Odda
O-lag arrangerte Gilde-sprinten for 6. og 7. klassene ved Odda
Barneskole torsdag 7. juni. Eivind hadde først ein runde med teori, der
han forklarte m.a. om fargar og kartteikn. Deretter fekk elevane prøva
seg på ein liten runde med 9 bukkar, der elevane sprang rundt og stempla
på kortast mogleg tid. Utruleg kor raske nokre var. At den raskaste
guten er orienteringsløpar er vel inga overrasking.
Les meir
(Torsdag 21.
juni 22:55) |
Småtroll
i Hovden
Onsdag 20. juni var dei største borna frå
Rabben barnehage på orientering i Hovden. Rolf-Atle hadde laga ei
småtroll-løype rundt i eit område som desse borna kjenner veldig godt.
Les meir
(Torsdag 21.
juni 22:26)
|
Tette
duellar på Lontjørn
Det var mange
tette duellar i den o-tekniske treninga på Lontjørn i helga. Det vart
ein tøff start i A-løypa, med stigning dei første strekka til vi var
nesten oppe i Middagsnuten. Deretter var det orientering med høg puls i
unnabake med ein ny runde opp att etter vi var halvegs nede i nuten att.
Post 13 i A-løypa skapa vanskar for mange, då steinen var teikna 30-40
meter skeivt inn på kartet.
Les meir
(Torsdag 21.
juni 08:34)
|
Premiere for orientering
i Ullensvang
Denne veka vart
det første orienteringsløpet på skikkeleg orienteringskart arrangert i
Ullensvang. Grimo IL har fått laga eit kart i området rundt Månena, og
Odda O-lag innvia kartet ved å arrangere det 4. Oddarankingløpet her.
Kartet dekker om lag 3 kvadratkilometer, og det var eit flott
orienteringsterreng som møtte dei 58 løparane som stilte til start.
Terrenget gav også tidvis krevjande orientering, og det vart ein god del
bomming i dei vanskelegaste løypene.
Les meir
(Torsdag 14.
juni 07:25)
|
Oddaranking
på Løyning
Det tredje løpet i Oddarankinga i orientering vart arrangert på
Løyning i området nordvest for vegen inn mot Løyning. Totalt stilte 60
løparar opp i flotte løyper i fint terreng. I nybyjarløypa var Adrian
Buer den rakaste, og det var flott innsats av mange rekruttar. I C-løypa
var Daniel Kambestad klart raskast av gutane, medan Ingvill Hauso var
beste jente.
Les meir
(Torsdag 31.
mai 14:35)
|
Einmannstafett ved
Reinsnosvatnet
Surt vær under treninga denne veka, og det var berre 44 som stilte
opp.
Nybyrjarløypa gjekk ved neste nær parkeringsplassen ved
Reinsnosvatnet,
og alle kom seg fint igjennom løypa, Ein-manns-stafetten gjekk i området
mellom vegen og elva, og både mange
hytter og våte myrar skapte
utfordringar. Det blei 3 ulike vinnarar på dei ulike sløyfene. Samanlagt
var Svein Olav Nesheim og Bjørn Finne dei to beste, med Amanda Forstrøm
på ein imponerande sterk 3. plass like bak dei to vaksne karane.
Ungdomane Terje Opedal på 5. plass og Erlend Nesheim på 6. plass kan
også vera nøgde med innsatsen.
Les meir
(Laurdag 25.
mai 22:10)
|
Oddaranking på
Fodnastøl
Det andre
Oddarankingløpet i orientering vart arranger i det fine terrenget ved
Fodnastøl 15. og 16.mai. I langløypa vart det ny seier til Hildegunn
Espe, medan Tor Kristian Buraas var raskast i herreklassen 1,26 foran
Eirik Bjørkevoll. I den korte A-løypa vart det tett i toppen i
dameklassen. Sara Tokheim vann med Nina Iren Nesheim 51 sekund bak og
Marion Ryen 1 sekund bak der igjen. Stein Røneid var den klart raskaste
av herrene i løypa.
Les meir
(Laurdag 19.
mai 22:33)
|
|
Stine
Bjørkevoll vann KM mellomdistanse
Stine
Bjørkevoll vann gull i kretsmesterskap i mellomdistanse-orientering i
klasse D13-14. Stine var knapt 2 minutt foran næraste konkurrent Elise
Rognsvåg frå Fana IL. Odda O-lag fekk også 2 medaljar til i
ungdomsklassane. Erlend Nesheim fekk bronse i H13-14 i konkurranse med
20 andre løparar. I D 15-16 vart det bronsemedalje til Sara Tokheim med
Amanda Forstrøm på 4.plass. Kretsmesterskapet gjekk i krevjande
o-teknisk terreng ved Ådland i Samnanger.
Les meir
(Måndag 14.
mai 09:57)
|
Oddatrimmen er klar
Oddatrimmen
2007 er lagt ut, og du kan også i år finna 10 postar i liane rundt Odda.
Kart og
klippekort kan du skriva ut her,
eller du kan få det på sportsforretningane i Odda. På bilete ser vi
Jakob Rolfsnes på post 3 - i Tokheimslia.
(Laurdag 5.
mai 13:38)
|
Vikesprinten
1. mai var 23 løparar
frå Odda O-lag med på Vikesprinten i Vikebygd. I dette løpet spring alle
den same løypa, men får fråtrekk i tida alt etter kva klasse dei normalt
spring i. Det blir større fråtrekk dess eldre og yngre du er.
Odda-løparane hevda seg bra i konkurransen. I dameklassen vann det 15 år
gamle talentet Berit Lima frå Ålgård. Det vart det 5. plass til Stine
Bjørkevoll og 7. plass til Nina Iren Nesheim. I herreklassen vann
veteranen Arne Stakkestad frå Haugesund, og Eivind Tokheim med 8. plass
og Eirik Bjørkevoll med 11. plass vart dei to beste oddingane. I
nybyrjar-klassen var Robert Tokheim best av dei lokale med 3. plass.
Les meir
- Galleri
(Torsdag 3.
mai 20:38)
|
1. rankingløp i Eidesåsen
Den årlege Oddarankinga i
orientering starta sesongen med mellomdistanseløp i Eidesåsen. I A-løypa
vart det seier til Hildegunn Espe og Eivind Tokheim. Nærast Hildegunn
følgde Nina Iren Nesheim og med 13 år gamle Stine Bjørkevoll på ein
flott 3. plass. Hos herrane følgde Svein Buer og Espen Bjørkevoll på dei neste plassane. Erlend Nesheim vann klart i H13-14.
Les meir
(Torsdag 26.
april 16:45)
|
|
God
Oddainnsats i Haugesund
I helga var Odda O-lag representert på 2-dagars orienteringsløp i
Haugesund. I lørdagens sprintløp i Haraldsvang vart Amanda Forstrøm
premiert med 3. plass i D13-16, med Stine Bjørkevoll på plassen bak.
Også god innsats av Erlend Nesheim på 6. plass i den harde klassen
H13-16.
I søndagens langdistanse stilte
Odda O-lag med heile 17 deltakarar. Det vart seier til Espen Bjørkevoll
i H17-18, Stine Bjørkevoll i D13-14, Andreas Forstrøm i H13-16C og
Hannah Nesheim i D11-12N
Les meir
(Måndag 23.
april 08:43)
|
3-kamp i Hovden
Espen Bjørkevoll vann ein klar seier i 3-kampen i Hovden med broder
Eirik nærmast. Espen vann både 250 og 1500 meter, medan Eirik vann 750
meter. Bjørn Finne og Svein Olav Nesheim følgde nærmast tvillingane.
Hos jentene var Amanda Forstrøm suveren med Kjersti Bjørkevoll og Britt
Kari Legård på dei neste plassane.
Les meir
(Torsdag 19.
april 16:47)
|
|
Sesongstart på Eide
Treningssesongen starta denne veka med kombinert gate og
terrengorientering på Eide. Kaldt og surt vær tirsdag, men bra vær
onsdag, og totalt 59 deltakarar var ein bra start på treningssesongen.
Nybyrjarane sprang ei løype på 1,7 km, medan alle andre sprang 2,4 km.
Best i dameklassen vart Hildegunn Espe foran Gunnbjørg Rosseland og med
13 år gamle Stine Bjørkevoll på ein flott 3. plass. I herreklassen var
Svein Olav Nesheim og Bjørn Finne dei to raskaste, med 14 år gamle
Erlend Nesheim på ein sterk 6. plass.
Les meir
(Onsdag 11.
april 22:10)
|
Klar for ny sesong?
Det er på tide å finna fram o-skoa dersom du ikkje allereie har gjort
det. Vi startar med trening på Eide tysdag og onsdag etter påske, og
håpar å få ein stor gjeng med til Stord 14. og 15. april. Studér
terminlista, og plukk ut alle løpa du har
lyst å vera med på framover. Oversikt over treningsløp blir lagt ut så
snart vi har det klart.
(Torsdag 05.
april 15:30)
|
|
Eldre nyheter |