hjemmesider

Ramme1

 

Fjellbygda Skåbu

 

 

 

Du finn Skåbu ved inngangsporten til sjølvaste Jotunheimen. Bygda ligg ca. 850 over havet og er rekna for ei naturperle i Noreg. Næringsgrunnlaget har ifrå dei eldste tider vore jakt og fiske. Skåbu ligg ideelt til for dette, og ei av dei beste fiskeelvene i landet kunne ein finne her. Men dessverre er mykje øydelagd pga. reguleringa på 1950-talet. Jordbruk er framleis ei viktig næring i bygda, sjølv om denne drifta har minka dei siste åra. Sjølve "ryggrada" i bygda er Krogenæs Møbelfabrikker AS , møbelfabrikken som stod ferdig i 1964. Det er om lag 15 tilsette ved fabrikken i dag ved sida av fleire underleverandørar. Denne bedrifta har eg skrive meir om i boka "Ragnvald Krogenæs og bedrifta hans". Bygda har om lag 600 innbyggjarar, barne og ungdomsskole, fleire butikkar og bensinstasjon. Dessutan satsar ein stort på turisme i Skåbu. Det pågår no ei storstilt bygging av hytter i bygda, og ein håpar gjennom dette å skape mange verdifulle arbeidsplassar. Skåbu Tradisjonsbygg er eit godt døme på frisk satsing. Dette kan også gjere sitt til at bygdelivet blomstrar vidare med full styrke, og kanskje også verke som eit trekkplaster for å få fleire til å busetje seg her.

 

 

Bilete: Oversikt over bygda.

C:\Documents and Settings\Ole Christian Risdal\Skrivebord\skabu.jpg

 

Skåbu frå gammalt av

 

Kor lenge det er sidan Skåbu vart busett er det uråd å finne sikker kunnskap om. Noko skriftleg materiell som vedkjem busettinga er ikkje å finne før ut på 1600-talet. I krigsskattelista frå 1612 er berre tre skåbyggingar nemnt. Desse er Elling Kvålen, Embert og Olav Skåbu. Fyrst i 1657 kjem ein på tryggare grunn. Det er da ei krøttertelling som omfattar alle dei gamle gardane i bygda, heilt frå Kvålen og til Veslum, eller Olstappen, som var namnet på bruket den gongen. Ein kan da merke seg at dei gardane som da var busett, ligg i den bratte hellinga som går nedover til Vinstraelva, der det var mest lagleg for korndyrking. I matrikkelen for 1668 finn ein at alle desse gardane er kongen sin eigedom. Eit unntak er gardane i Tverrbygda, Graupgardane og Grosberg, som er sjølveigarbruk. Fleire av desse gardane som er krongods er nemnt som ”Ødegårder”. Dette tyder på at gardane i lange tider ikkje har vore busette. Truleg har Svartedauden i 1349 gjort eit så stort innhogg i folketalet at gardane har vorte liggjande øyde i minst 200 år etterpå. Noko som faghistorikarane hevdar, og som er mykje truleg, er at dei som overlevde pesten fløtte ned på flatbygdene. Der var det nok av gardsbruk som stod folketomme, drifta var lettare og kornavlinga var meir årsikker. Elles er det ting som tyder på at det har vanka folk i desse traktene før noka fast busetting var påtenkt. Ein pilespiss av skifer som er funne her i bygda, er datert til omkring 2000 før Kristus. Fleire pilspissar av jern frå år 800-1000 e. Kr. er også registrert. Eit sikkert bevis på fast busetting i Skåbu før Svartedauden er kyrkja på Megarden. Både Schønning og Hjorthøy nemner ho i bøkene sine (1775, 1785). I Beskrivelse over Kongerike Norge av Jens Kraft, som var utgitt mellom 1820-1835, skriv forfattaren dette om Megardskyrkja: ”På en eng ovenfor gården vises tydelig spor av en liten kirke og kirkegård, som har vært ein firkant, innhegnet med en stenmur, hvis nedsunkne levninger enda kan sees, og utgjør 36 skritt på hver kant. Kirken har vært kaldt Blaas kirke (St. Blasius). Og man gjemmer enda dens nøgle, hvorpå årstalet 1235”. Vidare skriv Kraft om Megarden: ”Denne gården skal efter sagnet have været beboet av en ridder, kaldtes Skåbu-ridderen, som skal have eiet de fleste gårder i distriktet, og i sin tid var en mektig mann”. Kraft tek for seg kvar enkelt gard, skildrar og gjev utgreiing om dei. Han nemner óg vegsambandet mellom Kvålen og gardane lenger nede i bygda slik: ”I mellem denne gård og oveanførte gård, Graupe, er den meget dybe og trange Skåbudal, over hvilken det er en fryktelig vei. Dog går det også en anden vei, som svinger seg opp omkring dalen, og kaldes Åsveien. På denne er en slette som kaldes Kjæmpesletten på hvilken det står opreist tvende stene, 5 alen fra hverandre, hvor sagnet siger at en gammel kjempe ligger begravet”.

Tradisjonen veit å fortelje at denne ”Megardsriddaren” kom i strid med ei kjempe frå Heidal. ”Heidalskjempa” var sikkert ein ”obraksleg” stor kar. Han rådde nok grunnen på si side av Heidalsmuen, over det som den gongen hadde mest å si; Jakt og fiske. ”Megardsriddaren” hadde eineretten på den andre sida. Om jakt og fiske har det i desse traktene vore strid i uminnelege tider, og desse legendene har nok kome inn på eigedomane til kvarandre. Dette skulle da avgjerast mann mot mann. Slaget skulle stå på det som i dag vert kalla ”Kjempesletta”. Megardsriddaren møtte vel i full rustning, og det var nok utstyret som avgjorde kampen mot denne enorme kjempa. Han fall og vart begrave på ein liten flat voll i utkanten av ”Kjempemyra”. Enno kring 1850 stod det nokre steinar ved grava hans. Det har vore gjort forsøk på å finne att grava hans, men utan noko resultat. Når det gjeld ”Megardsriddaren har det vore sagt at han vart begrave på Megarden i fullt stridsutstyr. Viss det er tilfelle må han ha levd før noka kyrkje var bygt på garden. Etter at kristendommen vart innført, blei det slutt på denne tradisjonen med å ha med seg noko i grava. I 1957 vart det funne eit 60 cm langt sverd ved Sagbua, like i nærleiken av der kjempa fall. Det er ikkje utenkjeleg at det var våpenet til denne legenda. Det vart også funne ein spjutspiss, og desse vart sendt til Oldsakssamlinga, der dei vart daterte til 600-800 e. Kr.

Kva slags tru desse gamle historikarane hadde når det galdt segna om Kjempesletta og Megardsriddaren, veit vi ikkje. Både Schønning og Hjorthøy kjende til dei. Men dei moderne faghistorikarane stiller seg svært tvilande til slike segner som ikkje er betre underbygd. Einar Hovdhaugen skriv om Megardsriddaren: ”Det er lite sannsynlig at nokon riddar har budd på Megarden. Men tradisjonen kan gå tilbake på at det har seti slekter i velmakt der, og at garden har hatt ein sentral plass i bygda”. Det at kyrkja vart bygt på Megarden viser at garden var ein sentral stad i bygda den gongen kyrkja vart reist der. Om ein nå ser bort frå denne riddaren, og tek for seg dei lokale tilhøva, kan det vera muleg at eigedomen Skåbu, eller Megarden, har strakt seg heilt til ”Grinnåa”, og at det var ei grinn der, så bekken eller åa har fått namn etter dette, som segna fortel.

Med unntak av Hågå, er no dei andre heimane som ligg på denne strekninga yngre bruk, og er i forholdvis seinare tid fråskilt Skåbugardane. Hovdhaugen skriv om den faste eldste busetnad i Skåbu. ”Garden Skåbu, som har gitt bygda namn, må vera av høg alder. Skåbugarden må opphaveleg ha hatt eit stort gardvald, som omfatta dei nåverande Skåbugardar, Megarden og Kvålen. Eingong i tidleg mellomalder, kanskje kring år 1000, er så Kvålen skilt ut. Seinare vart Skåbu delt i to, og søre garden vart Megarden, avdi han låg mellom Kvålen og Skåbu. Slik kan det ha gått for seg. Andre forklaringar er og mulege. Andre gardar som ein må tru går tilbake til mellomalderen er Fosse, Risdal og muleg Hågå. Dertil kjem Graupe og Grosberg i Tverrbygda som er gamle gardar, av dei eldste i Skåbu. Tverrbygda var frå gamalt rekna til Skåbu. Likevel kan det i mellomalderen neppe ha vore meire enn 6-8 gardar som hørde til Skåbu-bygda”.

At jakt og fiske har vore av stor verd ser ein av fleire diplom frå sist på 1400-talet, der Samsgarden er omtala. Her har det vore verdfulle dyregraver som det har vore tvistar om. Ein merkar seg at det er storfolk frå lenger nede i bygda som her har vore innblanda. Ingen skåbygging er nemnt. Skåbu var nok folketomt den gongen.

Ei anna verksemd som det har vore drive mykje med i Skåbu er utvinning av myrmalm. Ivar Kleiven skriv i Fronsbygdin at Skåbu og Kvikne truleg var dei bygdene i Fron, der denne verksemda har vore drive mest. Dette var eit svært tidkrevjande arbeide, men vart drive til heilt opp i 1780-åra. Da vart det billigare jern å få frå Sverige. Men klumpar av av jern-slagg kan ein enda finne kvar som helst i utmarka i bygda, og langt innover fjellet.

Det ser ut til at det gjekk smått med auken i folketalet i bygda etter Svartedauden. Men på slutten av 1700-talet hadde folkemengda auka slik at husmannsvesenet oppstod. Folketellinga for 1865 syner at det har vorte ein heil del nye bruk. Mange av desse heimane var reine ”Sveltihelbruk”, og utvandringa til Amerika kom nok som ei velsigning for mange. Truleg var det pålag 1850 at dei fyrste frå Skåbu reiste ut. Utvandringa vara heilt til midten av 1920-åra. Men utvandringslista syner at det var i perioda 1870-1910 at dei fleste reiste ut. Totalt vandra det ut om lag 800 personar frå Vinstradalen.

Storflaumen i 1789 gjorde eit djupt innhogg i bygda. Dei fleste gardane i Skåbu vart hardt ramma, eit bruk (Jobakken) vart også totalt utsletta da det reiste med Jodals-skriu. Men heldigvis var det ingen her som mista livet under Storofsen, slik det var tilfelle i nabobygda Kvikne.

Ein av milestolpane i bygda var da vi fekk eiga kyrkje i 1927, etter å ha sokna til Kvikne i fleire hundre år. Mang ein hard tørn var det nok, i all slags vér og føre på dårlege vegar. Øyk var det vanlege framkomstmiddelet. Dei som ikkje var så heldige å ha hest, laut ta beina fatt. Noka fast bilrute oppover Vinstradalen kom ikkje i gang før i 1932. Ei lette vart det nok da nyvegen vart slege gjennom Høgberget i 1907, slik at ein slapp å ta den tunge vegen over Åsen.

 

Bilete: Skåbuvegen ovafor Korpberg-gardane, like ved Høgberget. Truleg ikkje lenge etter at denne strekninga var ferdig.

C:\Documents and Settings\Ole Christian Risdal\Skrivebord\veg2.JPG