|
![]()
Fjellbygda Skåbu
Du finn Skåbu
ved inngangsporten til sjølvaste Jotunheimen. Bygda
ligg ca. 850 over havet og er rekna for ei naturperle i Noreg.
Næringsgrunnlaget har ifrå dei eldste tider vore jakt og fiske. Skåbu ligg ideelt til for dette, og ei
av dei beste fiskeelvene i landet kunne ein finne her. Men dessverre er mykje
øydelagd pga. reguleringa på 1950-talet. Jordbruk er framleis ei viktig næring
i bygda, sjølv om denne drifta har minka dei siste åra. Sjølve "ryggrada" i bygda er Krogenæs Møbelfabrikker AS ,
møbelfabrikken som stod ferdig i 1964.
Det er om lag 15 tilsette ved fabrikken i dag ved sida av fleire underleverandørar. Denne bedrifta har eg skrive meir om i boka "Ragnvald Krogenæs
og bedrifta hans". Bygda har om lag 600 innbyggjarar, barne og
ungdomsskole, fleire butikkar
og bensinstasjon. Dessutan satsar
ein stort på turisme i Skåbu. Det pågår no ei storstilt bygging av hytter i bygda, og ein håpar gjennom dette å skape
mange verdifulle arbeidsplassar. Skåbu Tradisjonsbygg
er eit godt døme på frisk satsing. Dette kan også gjere
sitt til at bygdelivet blomstrar
vidare med full styrke, og kanskje også verke som eit trekkplaster for å få fleire
til å busetje seg her.
Bilete: Oversikt over
bygda.
C:\Documents and Settings\Ole Christian Risdal\Skrivebord\skabu.jpg
Skåbu frå gammalt av
Kor lenge det er
sidan Skåbu vart busett er det uråd å finne sikker
kunnskap om. Noko skriftleg
materiell som vedkjem busettinga er ikkje å finne før
ut på 1600-talet. I krigsskattelista frå
1612 er berre tre skåbyggingar nemnt.
Desse er Elling Kvålen, Embert
og Olav Skåbu. Fyrst i 1657 kjem ein på tryggare grunn. Det er da ei krøttertelling som omfattar alle dei gamle gardane i bygda, heilt frå Kvålen og til Veslum, eller Olstappen, som var namnet på bruket den gongen. Ein
kan da merke seg at dei gardane
som da var busett, ligg i den bratte hellinga som går nedover til Vinstraelva, der det var mest lagleg
for korndyrking. I matrikkelen for 1668 finn ein at
alle desse gardane er
kongen sin eigedom. Eit
unntak er gardane i Tverrbygda, Graupgardane
og Grosberg, som er sjølveigarbruk.
Fleire av desse gardane som er krongods er nemnt
som ”Ødegårder”. Dette tyder på at gardane i lange
tider ikkje har vore busette. Truleg har Svartedauden i
1349 gjort eit så stort innhogg i folketalet at gardane har vorte liggjande øyde
i minst 200 år etterpå. Noko som faghistorikarane
hevdar, og som er mykje truleg, er at dei som overlevde
pesten fløtte ned på flatbygdene. Der var det nok av gardsbruk som stod
folketomme, drifta var lettare og kornavlinga var meir
årsikker. Elles er det ting som tyder på at det har
vanka folk i desse traktene før noka
fast busetting var påtenkt. Ein pilespiss av skifer
som er funne her i bygda, er datert til omkring 2000 før Kristus. Fleire pilspissar av jern frå år
800-1000 e. Kr. er også registrert. Eit sikkert bevis
på fast busetting i Skåbu før Svartedauden er kyrkja
på Megarden. Både Schønning og Hjorthøy
nemner ho i bøkene sine (1775, 1785). I Beskrivelse
over Kongerike Norge av Jens Kraft, som var utgitt mellom 1820-1835, skriv forfattaren dette om Megardskyrkja:
”På en eng ovenfor gården vises tydelig spor av en liten kirke og kirkegård,
som har vært ein firkant, innhegnet med en stenmur, hvis nedsunkne levninger enda kan sees, og utgjør
36 skritt på hver kant. Kirken har vært kaldt Blaas
kirke (St. Blasius). Og man gjemmer enda dens nøgle, hvorpå årstalet 1235”. Vidare
skriv Kraft om Megarden: ”Denne gården skal efter sagnet have været beboet av
en ridder, kaldtes Skåbu-ridderen, som skal have eiet
de fleste gårder i distriktet, og i sin tid var en mektig mann”. Kraft tek
for seg kvar enkelt gard, skildrar og gjev utgreiing
om dei. Han nemner óg vegsambandet mellom Kvålen og gardane
lenger nede i bygda slik: ”I mellem denne gård og oveanførte gård, Graupe, er den meget dybe
og trange Skåbudal, over hvilken det er en fryktelig
vei. Dog går det også en anden vei, som svinger seg
opp omkring dalen, og kaldes Åsveien. På denne er en
slette som kaldes Kjæmpesletten på hvilken det står opreist tvende stene, 5 alen fra hverandre, hvor sagnet siger at en gammel
kjempe ligger begravet”.
Tradisjonen veit
å fortelje at denne ”Megardsriddaren” kom i strid med ei kjempe frå Heidal.
”Heidalskjempa” var sikkert ein ”obraksleg”
stor kar. Han rådde nok grunnen på si side av Heidalsmuen,
over det som den gongen hadde mest å si; Jakt og fiske. ”Megardsriddaren”
hadde eineretten på den andre sida. Om jakt og fiske
har det i desse traktene vore
strid i uminnelege tider, og desse
legendene har nok kome inn på eigedomane
til kvarandre. Dette skulle da avgjerast
mann mot mann. Slaget skulle stå på det som i dag vert kalla ”Kjempesletta”. Megardsriddaren møtte vel i full rustning, og det var nok
utstyret som avgjorde kampen mot denne enorme kjempa. Han fall og vart begrave på ein liten flat voll i
utkanten av ”Kjempemyra”. Enno
kring 1850 stod det nokre steinar
ved grava hans. Det har vore gjort forsøk på å finne
att grava hans, men utan noko
resultat. Når det gjeld ”Megardsriddaren har det vore sagt at han vart begrave på Megarden i fullt stridsutstyr. Viss det er tilfelle må han
ha levd før noka kyrkje var
bygt på garden. Etter at kristendommen vart innført,
blei det slutt på denne tradisjonen med å ha med seg noko i grava. I 1957
vart det funne eit 60 cm langt sverd ved Sagbua, like i nærleiken av der kjempa fall. Det er ikkje utenkjeleg at det var
våpenet til denne legenda. Det vart også funne ein spjutspiss, og desse vart sendt til Oldsakssamlinga, der dei vart daterte til 600-800 e. Kr.
Kva slags tru desse gamle historikarane hadde når det galdt segna om Kjempesletta og Megardsriddaren, veit vi ikkje.
Både Schønning og Hjorthøy kjende
til dei. Men dei moderne faghistorikarane stiller seg svært tvilande
til slike segner som ikkje er betre
underbygd. Einar Hovdhaugen skriv om Megardsriddaren: ”Det er lite sannsynlig at nokon riddar har budd på Megarden. Men tradisjonen kan gå tilbake på at det har seti slekter i velmakt der, og at garden har hatt ein sentral plass i bygda”. Det at kyrkja
vart bygt på Megarden viser
at garden var ein sentral stad i bygda den gongen kyrkja vart reist der. Om ein nå ser
bort frå denne riddaren, og tek for seg dei lokale tilhøva, kan det vera muleg at eigedomen Skåbu, eller Megarden, har strakt seg heilt til ”Grinnåa”,
og at det var ei grinn der, så bekken eller åa har
fått namn etter dette, som segna fortel.
Med unntak av Hågå, er no dei
andre heimane som ligg på denne strekninga yngre
bruk, og er i forholdvis seinare
tid fråskilt Skåbugardane. Hovdhaugen
skriv om den faste eldste busetnad i Skåbu. ”Garden
Skåbu, som har gitt bygda namn, må vera av høg alder. Skåbugarden må
opphaveleg ha hatt eit
stort gardvald, som omfatta dei nåverande
Skåbugardar, Megarden og
Kvålen. Eingong i tidleg
mellomalder, kanskje kring år 1000, er så Kvålen skilt ut. Seinare
vart Skåbu delt i to, og søre garden vart Megarden, avdi han låg mellom Kvålen og Skåbu. Slik kan det ha gått
for seg. Andre forklaringar er og mulege.
Andre gardar som ein må tru
går tilbake til mellomalderen er Fosse, Risdal og muleg
Hågå. Dertil kjem Graupe og Grosberg
i Tverrbygda som er gamle gardar, av dei eldste i Skåbu. Tverrbygda var frå gamalt
rekna til Skåbu. Likevel kan det i mellomalderen neppe ha vore
meire enn 6-8 gardar som hørde til Skåbu-bygda”.
At jakt og fiske
har vore av stor verd ser ein
av fleire diplom frå sist på 1400-talet, der Samsgarden er omtala. Her har det
vore verdfulle dyregraver som det har vore tvistar om. Ein merkar seg at det er storfolk
frå lenger nede i bygda som her har vore innblanda.
Ingen skåbygging er nemnt. Skåbu var nok folketomt
den gongen.
Ei anna verksemd som det har vore drive mykje med i Skåbu er utvinning av myrmalm. Ivar Kleiven
skriv i Fronsbygdin at Skåbu og Kvikne truleg var dei bygdene i Fron,
der denne verksemda har vore
drive mest. Dette var eit svært tidkrevjande
arbeide, men vart drive til heilt opp i 1780-åra. Da
vart det billigare jern å få frå Sverige. Men klumpar av av jern-slagg
kan ein enda finne kvar som helst i utmarka i bygda,
og langt innover fjellet.
Det ser ut til
at det gjekk smått med auken i folketalet i bygda
etter Svartedauden. Men på slutten av 1700-talet hadde folkemengda auka slik at
husmannsvesenet oppstod. Folketellinga for 1865 syner at det har vorte ein heil del nye bruk. Mange av desse
heimane var reine ”Sveltihelbruk”, og utvandringa til
Amerika kom nok som ei velsigning for mange. Truleg var
det pålag 1850 at dei fyrste frå Skåbu reiste ut.
Utvandringa vara heilt til midten av 1920-åra. Men utvandringslista syner at
det var i perioda 1870-1910 at dei
fleste reiste ut. Totalt vandra det ut om lag 800 personar
frå Vinstradalen.
Storflaumen i 1789
gjorde eit djupt innhogg i bygda. Dei
fleste gardane i Skåbu vart hardt ramma, eit bruk (Jobakken) vart også
totalt utsletta da det reiste med Jodals-skriu. Men
heldigvis var det ingen her som mista livet under Storofsen, slik det var
tilfelle i nabobygda Kvikne.
Ein av milestolpane i bygda var da
vi fekk eiga kyrkje i 1927, etter å ha sokna til
Kvikne i fleire hundre år. Mang ein
hard tørn var det nok, i all slags vér og føre på dårlege vegar. Øyk var det vanlege framkomstmiddelet. Dei
som ikkje var så heldige å ha hest, laut ta beina
fatt. Noka fast bilrute oppover Vinstradalen
kom ikkje i gang før i 1932. Ei lette vart det nok da
nyvegen vart slege gjennom
Høgberget i 1907, slik at ein slapp å ta den tunge
vegen over Åsen.
Bilete: Skåbuvegen
ovafor Korpberg-gardane, like ved Høgberget. Truleg ikkje lenge etter at denne
strekninga var ferdig.
C:\Documents and Settings\Ole
Christian Risdal\Skrivebord\veg2.JPG