|
|
Annonser |
Annonser |
|
|
||
Foreldra mine kjem frå kommunen. Far min, Arne, er
oppvaksen i bygda. Han har sidan 1948 drive gardssag, vore snikkar og
tømmermann. Ved sida av dette har det vore fela som har teke mykje av tida
hans. Han har heile tida ofra seg for at kommande generasjonar skal få
moglegheiter til å vidareføre denne kulturarven. I 1974 vart han med på å
"blåse liv" att i denne tradisjonen i midtre del av Gudbrandsdalen.
Det var dette som skulle bli ”spira” til Sør-Fron Spelemannslag. Han har også
sørgt for at fleire gode spelemenn har vorte ”klekt” ut i Skåbu. I
samband med at han fylte 80 år den 10. februar 2003, skreiv eg denne songen:arne Denne kan opnast i f. eks Windows Media
Player. Ved
sida av dette har han også komponert ein del. Her er ein vals som Heidal Spelmannslag
brukte under Landskappleiken på Gjøvik i 2003:
Mor mi, Marit, er frå nabobygda Kvikne. Ho har i ei
årrekkje jobba som serveringsdame ved hotella i nærleiken av Skåbu. Dei siste
20 åra har ho dessutan vore tilsett ved Kongen si hytte, Prinsehytta i
Sikkilsdalen.
Torstein
heiter bror min, og han er "Reodor Felgen" i familien. Han og sonen
Tomas driv med entreprenørvirke i Skåbu. Kona til Torstein heiter Laila og
jobbar på trygdekontoret på Vinstra.
Syster mi heiter Anne May. Ho driv reingjeringsbyrå i Oslo, Maya's
Rengjøringsbyrå. Ho har ein son som heiter Tom Roger. Han er seljar i IQ og bur
på Vinstra.
Eg har også ein son. Han heiter Arne Olav og er 19 år
gammal. Han bur i Sørskogbygda ved Elverum.
Sjølv heiter eg Ole Christian og er utdanna lærar. Samboaren min heiter Ingunn Vaet og ho har tre
barn, Gunnar, Per og Maria. For tida jobbar ho i Ruste barnehage, medan eg har
arbeidet mitt på Vinstra vidaregåande skule. Den store interessa mi er
lokalhistorie. Hovudkjeldene har eg etter onkelen min, Torger T. Risdal. Han
samla mykje stoff om denne bygda ved inngangen til Jotunheimen. Han døydde i
1988.