|
|
Jeg gikk i 6. klasse (...) da krigen kom - og etter kort tid begynte et rykte å gå i klassen: «Gretes foreldre er NS!» Grete var en stille og forsagt pike, alltid vanskelig å få «egne meninger» ut av. Nå ble hun frosset ut - uten selv å ha ytret noen mening om den aktuelle situasjon. På langveggen bakerst i klasseværelset var det knagger til vårt yttertøy - det var også noen knagger på de tilstøtende kortvegger. Jeg glemmer aldri synet av Gretes kåpe som hang alene på langveggen, mens alle vi andre hadde dynget vårt tøy sammen på de få knaggene på kortveggen.Historia om Grete er eit av dei mange gløtta denne boka gjev inn i historia til NS-borna. I boka «De kalte oss naziyngel» kjem dei sjølve til orde. Baard H. Borge har skrive boka med utgangsptmkt i eit omfattande spørjeskjema, fylt ut av 375 søner og døtre av foreldre med medlemskap i Nasjonal Samling (NS). Han prøver å visa korleis desse borna opplevde okkupasjonsåra, frigjeringa og rettsoppgjeret, etterkrigstida - og korleis dei har det i dag. Isfronten Det går sjølvsagt ikkje an å gje eit enkelt svar på korleis dei såkalla NS-borna har hatt det. Borge meiner det finst minst 100.000 nolevande born av NS-foreldre. Like mange er nok historiene som kan forteljast. Mange av dei har rett og slett hatt det bra, trass i at foreldra - eller berre den eine av del, oftast faren - var med i Quislings parti. Men mange har og lide vondt. Den store fortenesta til denne boka er at ho kastar lys over korleis desse borna hadde det i skuggen av foreldre som valde feil side. Parolen frå motstandsrørsla var sterk: «Du skal ikke være venn med quislinger, du skal ikke omgås dem; du skal ikke engang hilse på dem. Dine barn skal ikke omgås deres barn». At det vart danna ein hard front mot okkupantens medspelarar, kan vi skjøna. Men vi kan slett ikkje forsvara at dette ofte ramma sakeslause born så hardt og urettvist som denne boka fortel om. Det heile vart sjølvsagt forsterka av at borna på eit vis måtte velja mellom samfunnet og eigne foreldre. Interessant er det at Borge spekulerer i ein slags kompensasjonsteori: Menneske som ikkje hadde ytt nokon nemneverdig motstand under krigen, kunne etter frigjeringa kjenna trong til å prova at dei sjølve hadde vore gode jøssingar heile tida, og då «kunne vel det å sjikanere NS-familiar vere ein både lettvint og risikofri måte å gjere det på» (side 124). Eit anna tankevekkjande poeng er at bygdemiljøa ofte ser ut til å ha vore meir humane mot NS-borna enn byane. Idag Baard H. Borge rundar av boka med nokre avsluttande refleksjonar .Her spør han og: Kva kan gjerast for denne gruppa i dag? Storsamfunnet kunne bede om orsaking, og Borge meiner at nokre av dei hardast ramma har eit rettkome krav på økonomisk kompensasjon. Han slår og tillyd for elt «ressurssenter» med spesialkompetanse på krigsskadar hjå andre generasjon. Mange .NS-born kunne ønskja seg ei (viss?) omskriving av okkupasjonshistoria slik at både Quislings parti og foreldra står fram i eit noko betre lys. Men ikkje alle NS-born deler dette siste synspunktet. Borge etterlyser eit oppgjer med haldningane som i fleire tiår legitimerte dårleg behandling av NS-born. Og denne boka må sjåast på som ledd i eit slikt oppgjer. Forfattaren seier klart kva han vil: «Eg vonar denne boka kan gjere sitt til å fremje openheit om NS-borna og samstundes fungere som eit korrektiv til den tradisjonelle glorifiseringa av nordmenn i okkupasjonsåra og samhaldet i etterkrigstida» (side 242). Vanleg historie? Vi har alle eit ansvar for at krigen skal bli fortid på lik line med 1814 og 1905, skriv forfattaren heilt på tampen av boka. Viss han med det meiner at det er på tide med ei meir distansert framstilling utan den sterke moralske fordøminga, er eg berre delvis samd. Tida er overmogen til å slutta å stempla og sjå ned på born av NS-foreldre og andre som er blitt urettferdig behandla. Men historia om andre verdskrigen vil framleis vera eit moralsk prosjekt. Ikkje berre fordi det enno lever mange som sjølve kjende krigen på kroppen. Men denne krigen er nær oss ikkje berre i tid, men og i tema: rasisme, jødehat, forakt for og utsortering av dei veike - desse farane er høgst reelle i dag og. Derfor blir det å formidla soga om andre verdskrigen, i stor grad å byggja eit festningsverk mot .slike haldningar i var eiga samtid. Inn i dette moralske prosjektet går på mange måtar også boka «De kalte oss naziyngel». Rett nok med ein annan innfallsvinkel enn den vanlege. Men sjølve tråden i boka er det moralske oppgjeret med eit samfunn som brukte fedrane sine misgjerningar til å svimerka borna. Det er langt fram til historia om denne krigen er berre historie. «De kalte oss naziyngel» NS-barnas historie 1940
- 2002
Skrevet av Baard H. Borge . Det norske samlaget, 2002 258 sider |
|
|