|
|
I følgje programmet skulle befalselevar i løpet av nokre timar på føremiddagen leggje ned blomar på ikkje mindre enn sju forskjellige krigsgravstader, kvar gong med hornblåsarar og militære æresvakter til stades. I tillegg hadde programmet ein eigen post der det berre stod «Veteranforeninga i Harstad». Sjølvsagt var det her tale om krigsveteranar, men kva dei hadde fore, anar eg ikkje. Korsom er, i Harstad var det Heimefronten og Det norske folket sin 55 år gamle siger over tyskarane og nazistane vi blei inviterte til å vere med og markere på nasjonaldagen, og lite anna. Dømet frå Harstad illustrerer nok ein generell tendens over heile landet. Dei gamle fedrane på Eidsvoll og Henrik Wergeland er i våre dagar heller sjeldne referansar i ei gjennomsnittleg norsk 17.mai-feiring. Sannsynlegvis er dei berre fjern 1800-talssoge for folk flest. Dette er på eit vis rimeleg. Det var jo ikkje 1814 som samla den norske nasjonen, men 1945, og det i ein sterkt emosjonell fellesskap som bygde på motstandskampen og samhaldet «gode nordmenn» imellom. Nasjonalkjensla blei vitalisert og fekk nytt innhald frå og med frigjeringa. Og den nyvunne fellesskapen blei ein viktig føresetnad for atterreisinga og Gerhardsen-staten i etterkrigstida. Enno i dag er vår måte å markere nasjonaldagen på eit ekko av den elleville feiringa som fann stad i månadene mai og juni 1945, våren då «freden braut laus». Noko av glansen frå fredsvåren har overlevd like til våre dagar, nordmenn sluttar framleis massivt opp om nasjonale ritual. Omkring 94 prosent av oss tek del i feiringa av 17.mai. Men baksida av medaljen har truleg vore
ei sterk, langvarig og kjenslelada utstøyting av menneska som på
eitt eller anna vis har vore forbundne med «den galne sida».
Det har nemleg ført til store sosiale kostnader for dei menneska
som kom til å personifisere svik og forræderi. Stigmatiseringa
av dei såkalla «landssvikarane» har i mange tilfelle
óg ramma barna deira.
Forskar søkar 100 000 NS-barn
Som ei følgje av medieutspelet mitt har nokre NS-barn for første gong fortald om til dels dramatiske barndomsopplevingar som no ligg opptil 50-60 år attende i tida. I denne artikkelen har eg valt ut nokre slike døme frå materialet mitt. Forteljingane til NS-barn som har hatt vonde opplevingar berre på grunn av at dei er fødde med «feil» foreldre, står i kontrast til det eintydige svart-kvitt biletet av krigstida som har vore så dominerande både på nasjonaldagar og elles, eit bilete der motstandsfolka (jøssingane) mest berre er gode og NS-medlemane (quislingane) mest berre er vonde. Eg har nedafor brukt stad- og personnamn i tilfelle der kjeldene mine har gjeve meg lov til det. «Frigjeringa var eit helvete»
Faktisk var det mange som ikkje høyrde med i den jublande fellesskapen av gode nordmenn då freden braut laus. Dei var, slik jøssingane såg det, unasjonale element. Mange av dei var barn: 10-12 000 «tyskarungar» og titusenvis av NS-barn. Heilt fram til i dag har desse ungane, som ein brevskrivar kallar «skuggebarna», vore usynlege i historia. Spør ein NS-barn korleis dei opplevde fredsvåren, får ein gjerne høyre om hatet som då med eitt fekk fritt utløp. Atskillige NS-barn hugsar difor maidagane i 1945 som eit mareritt. Ein av desse er Karin Olsen frå Oslo, som våren 1945 var 12 år gammal. Far til Karin hadde under krigen vore passiv medlem av NS. Like etter frigjeringa tok lærarinna klassen sin einaste «nazi-unge» med seg ut på gangen, og sa: Her treng du ikkje vise deg meir, Karin! Karin hugsar enno klårt at ho etterpå gjekk nedover bakken ifrå Møllergata skole, men etter det er minnet hennar heilt blankt. Ho vende aldri attende til skolen etter denne hendinga, og fekk aldri noko avgangsvitnemål. Etter den dagen då lærarinna - på eige initiativ - jaga ho bort, lukka Karin seg for andre menneske. Ho fekk aldri noka ungdomstid. Livet hennar blei øydelagd, seier ho. Karin Olsen er ikkje den einaste som har fortalt meg om vonde minne frå fredsdagane. Eit NS-barn frå Hedmark, den gongen sju år gammal, kallar frigjeringa «eit helvete». Væpna heimefrontkarar brasa inn på soverommet der mormor hennar var i ferd med å leggje ho og søstera. Dei to barna blei vettskremde. Ho blei dessutan spytta på av vaksne menneske når ho gjekk til butikken for å handle. Med åra tenkjer ho meir og meir på desse barndomsopplevingane. Dei har etterlate seg eit sår som aldri gror, seier ho. Ei anna kvinne frå Austlandet, fødd i 1934, skriv at 15-16 mann frå Heimefronten kom heim til dei midt på natta for å arrestere far hennar. Heile barneflokken blei vekt og stilt opp framfor geværmunningane, medan faren, som hadde vore NS-medlem, blei hersa med. Også ho opplevde som jentunge at vaksne spytta på ho, og slengde hånsord. Ei annleis 17. mai-feiring
På sjølve dagen blir Ragnar og dei andre landssvikfangane stilte opp på ei rekke med andletet inntil ein svær jernport med gitter. Porten vender ut mot vegen der 17.mai-toget skal gå forbi. Oppstillinga nett på denne staden har eit heilt bestemt føremål: Når toget passerer, spring nasjonalsinna bygdefolk ut av rekkene, bort til jernporten. Der spyttar dei gjennom sprinklane, og rett på dei oppstilte landssvikarane. Spyttklyser og skjellsord haglar over fangane. Nazist! Forrædar! Medan spyttinga går føre seg, bit Ragnar tennene saman, og tenkjer inni seg at dei aldri skal få sjå han krype. Han lovar seg sjølv at han skal ta utdanning, og drive det til noko i livet. Denne lovnaden har Ragnar halde. Han har i ein mannsalder vore rektor på ein skole, og ein respektert person i lokalsamfunnet der han bur. Men det var ikkje alle medfangane hans som klarte seg like godt etter audmjukinga 17.mai 1945, fortel han. Skolekvardagen under krigen - og etterpå
I skoleklassane under krigen var det som oftast berre ein eller nokre få som var NS-barn. Dei var såleis mest overalt eit lite mindretal, og difor takknemlege mobbeoffer. Fleirtalet av norske lærarar var dessutan negativt innstilte til Quisling og tilhengarane hans, og det er mange vitnesbyrd om «nasjonalsinna» lærarar som vende ryggen til når «naziungen» blei plaga. Følgjande historie gjev oss ei aning om korleis skolekvardagen deira kunne vere under krigen: Ein mann fortel at han som gut i krigstida blei systematisk mobba i friminutta fordi foreldra hans var med i NS. Han fekk aldri svenskesuppe på skolen, slik dei andre ungane fekk, til tross for at familien hadde dårlegare og mindre mat heime enn dei andre. (Far hans nekta å handle på svartebørsen, og mora blei boikotta hjå kjøpmannen fordi ho var NS-medlem.) Læraren var ein motstandsmann som ignorerte mobbinga av guten, og som aldri høyrde han i lekser eller såg over heimeoppgåvene hans. Problema mange NS-barn hadde på skolen under krigen forsvann ikkje nødvendigvis etter frigjeringa. Dette er eitt av fleire teikn på at krigen har kasta lange skuggar inn i det norske etterkrigssamfunnet. Ei dame fødd i 1934 skriv at det først var etter krigen, i tida frå 1945 til 1950, at ho blei mobba som følgje av NS-faren sin. Meir overraskande for mange vil det kanskje vere at sjølv barn som er fødde lenge etter krigen, i nokre tilfelle har fått lide for ting foreldra deira gjorde år i førevegen. Ein gut som byrja på skolen i 1956, elleve år etter frigjeringa, blei jamt plaga både fysisk og psykisk i skoletida, fordi alle visste at han var son av nazistar. Lærarane let vere å gripe inn, og freista stadig å setje han på sidelinja, skriv han. Guten er i dag ein respektert utøvar av eit skrivande yrke. Men han er tydeleg bitter over handsaminga han fekk. Eit tankekors
Det er ingen tvil om at det hende ureglementerte ting i norske skolar våren og hausten 1945. Lærarinna si spontane bortvising av 12 år gamle Karen Olsen i mai 1945 er difor ikkje ei spesielt usannsynleg hending. Det synest til dømes som om barn kunne bli utviste frå vidaregåande skolar i Oslo, berre fordi foreldra hadde vore med i NS. Ingen har til no undersøkt denne praksisen, og kva for eit omfang han hadde, men det finst eit rundskriv frå dåverande undervisningsminister Fostervoll, som tyder på at departementet hans kjende til at slike ting skjedde. Ragnar Hafsten si historie om korleis han og andre landssvikfangar blei spytta på den 17.mai i 1945, passar inn i det vi frå før veit om tilhøva i fengsel og leirar den første tida etter frigjeringa. Grove overgrep mot fangane fann stad, og truleg hyppigare enn det som hittil har vore kjent. Det at landssvikarane ble spytta på nett den dagen, er elles kjent frå andre skildringar, og må etter mi meining sjåast som ei rituell handling. Krigen styrkte som nemnt nordmenn si nasjonale sjølvkjensle, og spyttinga på dei «uverdige» 17.mai skulle truleg markere at dei ikkje var for nordmenn å rekne, og heller aldri kunne bli det. Dei høyrde rett og slett ikkje med i den nye, tette, nasjonale fellesskapen. Historikaren Hans Fredrik Dahl skriv at mange NS-folk denne dagen pynta barna sine og sende dei ut på gata (sjølv heldt foreldra seg inne, for ikkje å provosere), for så å oppleve at folk spytta på barna og reiv sund finkleda deira. Det fanst med andre ord «gode nordmenn» som ikkje tolte synet av naziyngel den første nasjonaldagen etter frigjeringa. Sluttkommentar
Kva så med barna til nazistar og samarbeidsfolk i andre vesteuropeiske land som opplevde tysk okkupasjon? Kan deira erfaringar samanliknast med dei norske NS-barna sine? Dei siste åra er det frå fleire hald blitt hevda at både tyskarhatet og ikkje minst hatet mot eigne landsmenn som høyrde til den «galne sida» kan ha vore både sterkare og meir seigliva i Noreg enn i dei andre landa som blei hærsette av Tyskland - med eit mogleg unntak for Nederland. Om dette er riktig, må vi tru at norske «tyskerungar» og «naziungar» har hatt ein særs tøff barndom, samanlikna med tilsvarande grupper i dei andre landa vi her talar om. Etter mitt syn er det to særtrekk ved Noreg sitt tilfelle som talar for ei slik hypotese. Det eine er at krigs- og okkupasjonserfaringa i vårt land, som vi har vore inne på, har vore så viktig for den nasjonale identiteten. Noreg var i 1940 enno ein ung nasjonalstat, som bare 35 år i førevegen hadde gått ut av unionen med Sverige. Krigen kom såleis i ein tidleg fase av nasjonsbygginga, der ein trong nasjonale symbol, og brukte krigen for alt han var verd. Den norske identiteten i etterkrigstida har difor vore tett kopla til motstandskampen. Heimefronten og nordmennene har vore framstilt som ei eining, som eit samla folk i heroisk kamp mot nazismen og okkupasjonsmakta. Ei følgje av denne nasjonsbyggjande myten kan ha vore ei særs sterk og seigliva stigmatisering av ganske store grupper menneske som ikkje passa inn i dei idealiserte forteljingane om samhaldet under krigen. I tillegg bør ein ta innretninga av den norske motstandskampen med i reknestykket, ettersom den óg kan ha forsterka og forlengt brennemerkinga. Motstandsarbeidet i Noreg retta seg nemleg hovudsakleg mot dei norske NS-folka, og stort sett berre indirekte mot dei tyske okkupantane. Ein viktig lekk i kampen mot NS var «Isfronten», som gjekk ut på at gode nordmenn skulle innta ei «iskald» og avvisande haldning til dei menneska i lokalsamfunnet som hadde valt feil side. «Isfronten» ramma óg NS-barna med full tyngd. Dei blei frosne ut, på lik linje med foreldra sine. Heimefronten oppmoda faktisk nordmenn på «rette sida» til å isolere barn av NS-folk gjennom parolen Dine barn skal ikke omgås deres barn. Det er ikkje urimeleg å tenkje seg at «Isfronten» våren 1945 gav utslag i form av ope hat og forakt, og stundom valdsbruk, mot NS-familiane. Dersom komparativ forsking i framtida faktisk kan underbyggje slike resonnement med empiri, kan det få følgjer for heile den norske sjølvforståinga, som frå og med 1945 i stor grad byggjer på dei idealiserte forteljingane om heltar og skurkar frå krigstida. Og kven veit, ein gong i framtida kan denne typen ny innsikt i krigen - og konsekvensane av han - kanskje til og med få følgjer for 17.mai-feiringa rundt om i bygd og by? Rundt ein av fem norske familiar hadde ein eller fleire representantar mellom sine som hausten 1945 var mistenkte for landssvik. Ein stad må det vel vere ei grense for kor lenge vi skal bruke nasjonaldagen vår til å gni salt i såra krigen etterlet seg? Litteratur og kjelder Jarl Eik og Stein Ugelvik Larsen: «Taushet og dobbelt taushet. NS-barns oppvekst etter krigen.» I Stein U. Larsen (red) I krigens kjølvann. Oslo 1999. Olden, Asgeir: Fødd skuldig. Oslo 1988. Rundskriv nr.30-1945 frå KUD til yrkesskolane om NS-elevar, 13.september 1945. Skodvin, Magne (red): Norge i krig. Oslo 1984. -------------------
|
|
|