
FAU-leiar
Gunn Tove
informerte om at ho etter forrige foreldremøte tok kontakt med Heyerdahl Taxi
vedr. sikringsselar i bussane. Heyerdahl har no montert slike, det har
FAU-leiaren sjølv kontrollert.
FAU-leiaren informerte om kampen for å bevare skulane ved kompetansesentra. Det som begynte som eit lokaliseringsspørsmål har etterkvart utvikla seg til ei omfattande politisk sak. FAU og landsdekkende FAU (LFAU) har slåss mot stortingsmelding nr. 14 (stm 14), budsjettkutt samt inntaksstopp ved døveskulane. Det har vore fleire organisasjonar med i dette arbeidet, men LFAU har vore den viktigaste aktøren. Dette har medført mykje brevskriving, kontakt med aviser (intervju o.l.) og direkte dialog med aktuelle politikarar. Det har gjeve gode resultat! Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen (KUF) har sett seg grundig inn i saka og er no samla på vår side (godt jobba!) sjølv om statsråd Kristin Clemet fortsatt opprettheld budsjettkuttet.
Arbeidet med desse sakene har diverre ført til utbrente FAU-leiarar, noko som har ført til store utskiftingar i LFAU. Ingen veit korleis framtida blir. Tvillingskulemodellen skal utredast vidare. Det er ulike syn i foreldregruppa, så valgfridom vert eit viktig poeng.
Kommentarar:
- fleksible, individuelle løysingar er viktig - særleg med tanke på
CI-opererte
- søsken må få teiknspråkopplæring - under utvikling og har allerede vore
forsøkt ved NG
Kommentarar:
- politikarane må kontinuerleg minnast på kva dei har lova og sagt tidlegare -
hukommelsen er kort
- ingen nye 1. klassingar ved NG frå hausten - men det er ikkje pga. den varsla
inntaksstoppen
- den viktigaste kampsaka no er tilbakeføring av pengane til budsjettet - så får
me ta tak i spørsmålet om utvidinga av § 2-6 seinare
Senterleiaren
informerte også om det nye utdanningsdirektoratet som vert oppretta 15. juni.
Dette blir underlagt departementet og vert næraste overordna for
kompetansesentra. Direktoratet er byråkratisk (ikkje folkevalgt) og skal jobba
med utvikling av skulen etter Kristin Clemet sin modell (læreplanar, eksamen, læremiddel
o.l.). Me kan vente oss ei kraftig omstrukturering i høyrselssektoren, og me får
eit nytt Stat. ped 2005 innan eit år. Ein kan spekulere i kva dette vil føre
med seg. Da Sektorstyret Hørsel vart nedlagd mista FAU og LFAU eit viktig forum
for brukarmedverknad. Dette må erstattast av eit nytt brukarråd.
Vedrørande
tilbodet for neste år om ein dag i veka ved heimstadskulen, er det nokre elevar
som har fått avslag fra kommunen sin. Det er særleg dei kommunane som er nærast
Holmestrand som ikkje lenger vil betale for denne dagen. Dei tenker ikkje på
kva det ville koste dersom eleven hadde vore på heimstadskulen heile veka. NG
kan ikkje pålegge kommunane å betale for denne tenesta, så det er foreldra
som eventuelt må anke avgjerda. NG tilset ekstra lærarar etter kor mykje dei får
fra kommunane, så det er viktig at det vert anka så snøgt som mogleg da slike
saker tek lang tid. Skulen seier seg villig til å rettleie dei foreldre som vil
anke. I mellomtida vil skulen fra hausten sette i gang som vanleg og eventuelt
stoppe tilbodet viss ankesaka ikkje fører fram. Fredag er tenkt som
heimstadskuledag for elevane neste år.
Kommentarar til
korleis ein kan auke elevtalet ved skulen:
- mange foreldre er lite nøgde med fylkesaudiopedagogane sine haldningar til døveskulen
- må skulen ”markedsføre” seg betre i forhold til Aulerød?
- skal ein drive meir opplysningsarbeid når foreldra er på kurs på NG?
- må me leve med låge elevtal fram til § 2-6 vert utvida til også å gjelde
tunghøyrde?
Rektor
Satsingsområde
for neste år:
”Mappevurdering” -
CD/video o.l.
Dette betyr at elevane har ”mapper” til oppbevaring av det beste dei har
prestert i dei ulike faga.
Elevsamtalar
- til dømes kvar 14. dag
Det vert gjort avtalar om kva eleven skal jobbe med.
Opplæringsprogram for klassetrinna
Foreldra får betre oversikt over kva eleven kan. Ikkje alle elevane maktar å lære
heile pensum, så det er viktig at dei verkeleg kan det dei jobbar med før dei
begynner på noko nytt - modulprinsippet.
Veke 35 blir opplevelsesveke med kunst og handverk som tema.
Det blir grunnskolens veke veke 45. Tema: IKT (data).
Primo november vert det skuleovertaking eit par dagar. Tema: Tunghøyrd-problematikk.
Kanskje nokre av foreldra er interesserte i til dømes å ta barna med på hyttetur?
Skuleruta ligg no ute på nettet. Juleavslutning 16. desember. Oppstart 3. januar.
Til sommerfesten
17. juni i år minnar ein om å ta med ein gevinst til utlodding til inntekt for
FAU.
Me har fått avslag
på søknaden til fylkeslegen om tilskot til den tidligare vintersport-helga på
Ål.
Minner om påmelding
til teiknspråkveka til sommaren samt fotballskulen for døve i august.
Det vert etterlyst reglar om bruk av mobiltelefon for elevane på NG. Det var mange ulike meiningar om dette, me får diskutera vidare...
Det nye FAU:
Inger Karin Hjelle
Vigdis Johansen - kontakt barnetrinnet
Jeanette Dahl og Margareth Hartvedt - kontakt mellomtrinnet
SU:
Margareth Hartvedt
Brukarrådet:
Vigdis Johansen avløyser Arnstein Lien.
For FAU
Inger Karin Hjelle Foreldreutvalget