
FAU-leiar
Me vart presenterte for dei to nye tolkane som er tilsette ved Nedre Gausen.
Det vart opplyst at ein av elevane som ynskjer fredagar på heimstadskulen har fått avslag fra kommunen sin. Det er fremma klagesak til fylkesmannen.
Kort presentasjon av lærarane.
FAU-leiaren refererte fra LFAU.
LFAU har fått spørsmål fra Hordaland foreldrelag om å arrangere småskuletreff for 1-4. klasse.
LFAU etterlyser 30 mill. kr som vart kutta av årets budsjett. Skal dei tilbakeførast eller sparast inn? Det vert jobba vidare med saka.
Foreldre er fortsatt ikkje inviterte til å delta i eit nytt sentralt brukarråd.
LFAU skal og engasjere seg i fenomenet ”nasjonale prøvar”, da desse ikkje er tilrettelagt for døve. Dei vart forsøkt gjennomført ved Nedre Gausen skole, men resultatet vart ikkje sendt inn.
Margareth Hartvedt gjorde rede for skulemeisterskapen for 4-10. klasse som Nedre Gausen skole skal arrangere neste haust. Me må velge idrettsgreiner som kan avviklast i Holmestrand. FAU jobbar vidare med dette. Foreldre må rekne med å hjelpe til med arrangementet. Det kom forslag om å søke økonomisk støtte fra kultursektoren ved elevane sine heimstadkommunar, Døves Idrettsforbund, Lions o.l.
Rektor
Veke 45 er grunnskulens veke.
Tema er IKT samt samarbeid heim – skule.
Torsdag vert det kanskje arrangert grunnskulekveld, slik som i fjor.
Torsdag 11. november er det bispevisitas i Døvekirken i Sandefjord, og i samband med dette vert det arrangert gudsteneste i Holmestrand kirke.
Diverse
Forslag fra foreldre vedrørande overnattingsturar:
Fastlagt tidspunkt og stad for henting på turprogrammet for elevar som ikkje
ynskjer å overnatte.
Skulen sine satsingsområde:
1 Mappevurdering
2 Elevsamtalar
3 Læringsstrategier
Døve foreldre etterlyser meir informasjon vedrørande barna deira. Høyrande foreldre får informasjon når dei er på foreldreopplæring ved Nedre Gausen. Kva er fylkesaudiopedagogane sitt ansvar? Når foreldre vender seg til dei med spørsmål vert dei henviste til skulen.
Inger Karin Hjelle Foreldreutvalget